4. september, 2011
Her er nokre av lampane eg ser for meg i nyehuset.
Nokre er sikkert for dyre og nokre vil samboaren min sei blankt nei til, men det er lov å drømme
Muleg nokre av lampane er ute av produksjon før vi skal starte innkjøpet av interiør til huset, men det er greit å begynne å planlegge litt på førehand….
Det er litt vanskeleg å sjå for seg om det vil passe best med svart eller kvit lampe, eller kanskje ein fresh farge?:)
Sofalampe:
Eg likte godt denne lampen frå Ikea, den likna litt på ein lampe frå Louis Poulsen. Den passar fint ved sidan av sofaen på stova:)

Lampe. Foto henta frå ikea.no
Elles likar eg godt denne lampa som også er frå Ikea:

Lampe. Foto henta frå ikea.no
Denne lampen frå Bolia ville eg gjerne ha, men den vert nok for mykje i veien når ein skal sette seg i sofaen (føler ein skal til å stange seg i den).

Lampe. Foto henta frå bolia.com
Denne lampen frå Bolia hadde vore fin å ha på loftstova, i enden av sofaen på stova eller i eit hjørne for å skape litt stemning.

Lampe. Foto henta frå bolia.com
Nattbordlampe:
Stilig nattbordlampe, men litt for dyr med tanke på at vi ikkje vil bruke dei så ofte.

Lampe. Foto henta frå bolia.com
7. august, 2011
No har det gått eit halvt år sidan eg begynte i jobben. Tida har gått fort! Eg må sei at det er veldig kjekk plass å jobbe og eg trivst godt:)
3. august, 2011
Eg har lenge tenkt på kva kjøkkenmaskin eg skulle kjøpe. Kenwood eller Kitchen Aid?
NO bestemte eg meg for ei kvit Kitchen Aid
Dette sidan den lagar mindre støy enn Kenwood og den er ikkje so stor. I huset vi skal bygge er det open stove/kjøkken-løysing og det er dermed greit med ei kjøkkenmaskin som ikkje lagar so mykje støy. Eg er ikkje av den som bakar so mykje heller og dersom eg skulle ha behov for å bake meir enn 2 brød om gongen kan eg alltids kjøpe ein bolle til som eg kan sette på etter den første deiga er elta.
Eg kjøpte kjøkkenmaskina på Traktøren. Der var eit kampanjetilbud som har våre dei siste månadane: Inkludert tilleggsutstyr til kr. 2229,- (noko sånt).
8. mai, 2011
Då har vi bestemt oss for korleis kjøkkenløysinga vår skal vere!
Vi fekk ikkje flytte veggen bak høgskapa so kjøkkenet vart 60 cm kortare. Dermed vart det litt mindre benkeplass enn planlagt og vi fekk ikkje dobbelvask.
I sjalusiskapet skal der vere plass til kaffetraktaren (Moccamaster) og 1 eller 2 hylle over. Sjalusiskapet vårt er visst ikkje djupt som vanlege skap, så dette er litt dumt da.
Først tenkte vi å ha mikro inni skapet over steikeovnen, men vi har funne ut at vi vil ha ein kompiovn (mikro/ovn). Det er litt meir praktisk å sleppe døra forann og vi ved å ha kombiovn får vi steikt to rettar samtidig:)
Det blir ei kvit “kasse” rundt høyskapa (på bildet er den grå). I “kassa” blir det spottar som lyser ned forann høyskapa.
Fargen på benkeplata sto mellom svart laminat med litt “mønster” eller mørkgrå laminat. Vi valgte mørkgrå laminat.
Ventilatoren blir stålfarga, men eg likar den godt i kvitt også…

Kjøkkenteikning i 3D - 08.05.2012

Kjøkkenteikning i 3D - Første teikning - 26.11.2011
3. mai, 2011
Vi har kjøpt oss hus!!
Huset leverast nøkkelferdig. Det blir ikkje bygt før neste år (innflytting hasut 2012), so vi syns det er litt dumt. Derimot får vi god tid til å planlegge korleis det skal sjå ut innvendig
Eg har teikna opp planløysinga og satt inn interiør i RoomSketcher (tidlegare kalla Viseno). Det er vanskeleg å bestemme seg for korleis planløysinga skal vere. Kva er best utnyttelse av det 130 kvm lisje huset? Der er kun to soverom om vi vil ha loftstove/gjesterom. Vi kunne ha fått til ei loftstove for seg sjølv, men då måtte vi ha endra ein god del på planløysinga og det blir litt rart med ei dør i enden av trappa. Det er ikkje store vitsen med ei loftstove utan dør meinar Vidar, sidan det blir so lytt.
24. april, 2011
Eg og Solveig feira 26-årsdagen vår i går. Det var veldig kjekt:) Inviterte venna på fors og for ut på byen etterpå. Solveig styra på å serverte Rema1000-pizza ut på kvelden og godt var det:) Ut på byen vart det so klart litt dansing:)
I dag var vi hos foreldra våre på middag og kaffe. Kjekt:)
19. april, 2011
Sarah og Bernt gifta seg på laurdag. Det var eit veldig fint bryllaup. Maten var veldig god. Vidar var ikkje akkurat fan av torsk i suppe, hehe, men det var nok av mat. Fine songar, talar og kjekk dans.
Vi fekk litt inspirasjon til vårt bryllaup sidan vi har planar om å ha det på same hotell.
2. april, 2011
Då vart eg visst forkjøla og slapp, so jobba heimaifrå torsdag og fredag. Det gjekk ganske greit og eg fekk kvile meg når eg hadde behov for det. Det var dumt at eg vart i dårleg form no, men reknar med at då er eg frisk resten av året:)
2. april, 2011
Vi håper virkeleg at vi finn oss ein ny plass å bo før vinteren kjem. Delvis fordi vi lenge har ville hatt eit eige hus og ikkje bo i ei leiligheit vi leige, men også fordi eg ikkje likar veien opp dit vi bor pga den er ganske bratt og der er glatt store delar av vinteren.
Oppdatering: Det seg ganske mørkt ut. Nye hus som byggast er ikkje klar før til neste år, so einaste håpet er eit hus som er ganske nytt kjem til sals. T0mtane som er til sals no, passar heller ikkje å bygge på sidan der er lite utsikt eller for mykje opp i høgda (og eit stykke frå sentrum).
27. mars, 2011
Eg var i Oslo på eit lite kurs om eit program eg brukar og fekk også til eit besøk hos tvilligsystra mi Solveig:) Det var kjekt:) Fredagen vart det ut ein tur, medan laurdag og søndag vart det berre avslapping.