Benkeplate på kjøkkenet

19. desember, 2011

Det er stilig med svart, men blir vel kanskje lei etterkvart? Elles er vel svart ganske framtredande i eit elles kvitt rom? Eg likar best heilt svart benkeplate, utan mønster i. Men det blir fort skittent, so då trur eg at vi ikkje kan få for det. Eg vurderar dermed kanskje mørk grå eller kvit benkeplate.

Eg syns det var ganske fint med grå benkeplate og kvite benkeskap som på kjøkkenet til bloggaren Sofienberggata 3f. Gulvet er også i ein lys farge, slik eg har tenkt å ha.

 

Mørk grå benkeplate i laminat

Foto: drommekjokkenet.no

 

Svart benkeplate i laminat, “med mønster”

Foto: drommekjokkenet.no

 

Bad – Toalett

19. desember, 2011

Vi skal ha vegghengt toalett på begge bada. Det skal vere lett å reingjere, med minst muleg krikar å vaske.

Valget sto mellom to vegghengte toalett, vi valgte Seven D Image:

Seven D Image frå Porsgrund bad

Foto: frå vb.no

 

Subway veggskål frå Villeroy and Boch:

Foto: frå vb.no

 

Spisestoler

18. desember, 2011

Det blir svarte eller kvite stolar. Dei må vere gode å site i og ha eit enkelt design.

Tequila Porgy spisestol frå Living, litt dyrare enn det eg vil bruke på stolar, men er sikkert verdt å ta med i vurderinga:) Der er også ei utgåve med svingbar fot, som var rimlegare.

Foto: frå living.no

 

Kjøkkenvask

16. desember, 2011

Det er ikkje lett å bestemme seg for kva kjøkkenvask vi skal gå for. Eg er litt smålei stålvask, men der er no eit par med litt designpreg som er fine. I grunnen kan eg tenke meg ein svart vask, men det er visst eit lite utvalg i svarte vaskar med kran på sjølve vasken. Det passar ikkje med kran på benkeplata i laminat:/

Intra FR60SHR:

Foto: Hentet frå drommekjokkenet.no

 

Franke Kubus Fragranit KBG 160:

Foto: Henta frå vvskupp.no

 

Blanco SUBLINE 340/160 U, men denne blir litt for dyr:

Foto: Henta frå vvskupp.no

 

 

Kvitevarer

16. desember, 2011

Vi har valgt ein Eico Cylindra kjøkkenventilator til å henge over platetoppen på kjøkkenøya:) Den blir utan glassplate sidan vi kun skal ha ein 60 cm platetopp.

Foto: Frå Drommekjokkenet.no

Eg trur vi går for ventilator i stål. Det er stilig med kvit ventilator, men eg trur kjøkkenet blir for sterilt med så mykje kvitt.

Resten av kvitevarene blir av merket Siemens. Valget stod mellom Miele eller Siemens. Sidan det er Siemens som vart plukka ut som standard pakke av kjøkkenteiknaren enda vi på dette.

Kjøleskap, frysar, oppvaskmaskin, steikeovn skal vere innebygt i høgskap for få få eit stilreint og praktisk kjøkken.

Gulv

29. november, 2011

Eg kan tenke meg ein kvitpigmentert parkett. Vidar vil ikkje ha for lys, så vi går sjå kva vi går for:)

Etter å ha søkt på nettet har eg funne disse som kan vere aktuelle, men er usikker på kva prisen ligg på:

Fjordal Eik Select hvit matt lakk (enstavs)

Fjordal trestavs Natur hvit

Kährs Eik Cloud (enstavs)

Boen Eik Concerto hvit trestavs

Bad – inspirasjon

28. november, 2011

Inspirasjon til bad i nyehuset:)

På badet i første etasje kan eg tenke meg eit litt mørkt og avslappane bad. Vi skal ha badekar, enkel vask og vegghengt toalett.

Eg likte godt fargekombinasjonen på dette badet:

 

På badet oppe tenker vi å ha kvite veggar og svart gulv, slik som badet på dette bildet:

Bad med 2 vaskar, badekar og dusj

Huskar dessverre ikkje kor eg fann bildet.

 

Hos byggma.no fann eg dette bildet (under). Eg syns det var eit stilig lite bad, men igjen trur eg at eg hadde fort vorte lei den oransje fargen.  Badeveggen min må nok ha ein nøytral farge med kanskje nokre wallstickers på og piffast opp med noko fargerikt interiør.

byggma bad

Foto: byggma.no

 

Trapp

28. november, 2011

Dette innlegget blir oppdaterer når eg finn nye trappeløysningar og inspirasjon:)

Vi har lenge hatt planar om å bygge hus og eg begynte å planlegge for fleire år sidan:) Det er kjekt å tenke ut korleis huset skal bli:)

Ein ting eg har tenkt ein del på er kva slags trappeløp vi bør gå for. Det eg har lest er at det sikraste er 180 grader repotrapp. Mange av hustypane eg vurderte hadde dette, no har vi gått for eit ferdighus som har ei slags 90-repotrapp.

Eg syns  det er veldig stilig med rett trapp. Spesielt der det er open løsning og trappa blir ein del av rommet på ein måte.

Eg har funne eit bilde av ei 90 grade repotrapp eg likte veldig godt:

Trapp repo

Foto: Henta frå verdenensvenen (gi gjerne beskjed om kor)

Trappa over har dekt heile veggen med glass, det blir kanskje litt for dyrt for oss.

Dinne trappa er veldig lik den eg ser for meg:

Sidan vi skal ha bod under trappa får vi ikkje  opne trinn med sikringslist. Når det gjeld gelender står det mellom glassvegg eller spilevegg i stål med returgelender i tre eller stål. Spørsmålet er kor mykje dyrare det er med glassvegg/spilevegg i stål opp mot vanleg tregelender?

Trappa blir kvit med eiketrinn. Kvit er vel det beste i forhold til at det er enkelt og ein blir kanskje ikkje so fort lei av den. Derimot syns eg svart er veldig stilig. Det må vel også takast med i betraktninga kva farge som passar til golvet.  Eg liker veldig godt kvit eik, men eikegulv er finast i 1-stav som er for dyre. Hittil har eg sett litt på Kährs Eik Cloud. Eg syns det er stilig med store rektangulære gråsvarte “fliser”:), men det blir ikkje i ditte huset.

Svart/kvit trapp

Foto: tramont.no

Eg må sei eg likar denne svarte trappa:

Sort trapp

Foto: crjdesign

Og denne kvite trappa, Me like:) :

Trapp

Foto: Henta frå verdensveven (om du veit kor, gi gjerne beskjed)

Dette er vel ca den løysninga eg ville gått for, berre med eit returgelender å halde seg i.

Dinne 180-graders repoløysninga er ganske stilig:

Trapp

Foto: Henta frå verdensveven (fortell gjerne kor frå)

Trapp med belysning

Foto: viivilla.no (Trappekompaniet)

Eg vil gjerne ha belysning ved trappetrinna. Om det blir kjem vel ann på korleis vi ligg ann økonomisk:/

Det er visst best å bruke diodelys (ikkje varme, lite strømforbruk og nesten evigvarane) i følge ein artikkel på viivilla.no. Dei er i tillegg enkle å montere og kan plasserast omtrent kor ein vil. Ei anna løysning er å bruke LED-lys i form av lysliste:) Disse limast under trappetrinna og gir ei spesiell og dekorativ effekt.

Det som er viktig er å ha stikkontakter ved trappa! Er visst monge som ikkje tenkar på det i følge artikkelen på viivilla.no.

Stoler

27. november, 2011

Ein fin og god stol er ikkje lett å finne. Den må helst ha armlene for å vere komfortabel.

Ein av disse kan vere aktuell, men må nok prøvesittast først ja!

 

Cobra frå Living:

Foto: frå living.no

 

Veneto stol frå Boconsept:

 

Luna frå Møbelringen:

Spisebord

27. november, 2011

Eg ser for meg eit kvitt eller svart spisebord med ileggsplater. Det er litt fint med spisebord i eik også.

 

Kristina Spisebord frå Living

Foto: frå living.no

Carisma Spisebord frå Living (litt for stort kanskje: 210cm)

Foto: frå living.no

 

 

 

Wake spisebord frå Bolia: