19. juni, 2010
Her kjem det bilder til inspirasjon fram til vi forhåpentlegvis får bygge oss hus ein gong. Det er ikkje lett å få seg ei tomt med utsikt og litt flate der vi vil bygge.

Foto: designa.dk/no
Dette er den kjøkkenløysinga som passar meg best sidan eg treng mykje skap og benkeplass
Eg vil ha kjøkkenøy, men eg kan gå med på å ha øya inn mot veggen dersom det skulle bli behov for det. Det som er problemet er om rommet blir for kort til å ha denne løysinga.
Den løysinga på bildet er nesten slik eg vil ha mitt kjøkken. Forskjellen er at vi skal ha:
- Handtak på skuffe/skapdører og innebygd kjøleskap og frysar. Det tar ein del plass og det er igrunnen finast med berre to høyskap på veggen (eit for ovn og eit for kjøleskap eller frysar) so eg syns kanskje det med kjøleskap i skuffe hadde vore ei genial løysing, men det er litt for dyrt og eg veit ikkje kor praktisk det hadde blitt. Eg tenkjar folk spør: “Kor er kjøleskapet?”. Hehe
- Ein anna type vask og blandebatteri. Mest sannsynleg blandebatteri frå Grohe.
- Kanskje ha skuffer under heile benkeplata på kjøkkenøya, men ikkje djupe skuffer på den delen der det skal vere barstolar
- Ein anna type ventilator
- Mest sannsynleg kvite plater der det er stålplater på kjøkkenet.
- Golvet blir kanskje eikeparkett, men eg syns det er stilig med svart flismønster på kjøkkenet so det er muleg det blir laminat eller vinyl. Eit anna val er kanskje gummigulv, som gir ein stilig look. Her er ein artikkel om valg av gulv.
- Andre vindu
- Kanskje ha overskap
- Kanskje ha kvit benkeplate, men heller mest mot svart for øyeblikket

Eg tenkjar kanskje at kjøkkenskap og fryseskap blir slik som den på bildet over, men med berre ei heil dør. Med å ha skap over kjøleskapet slepp ein alt fettet og støvet som legg seg oppå skapet:) og får ekstra lagringsplass.

Foto: andreasohelene.blogspot.com
Eg kan tenkje meg slik overskap som er på bildet over. Bildet tilhøyrer bloggen andreasohelene.blogspot.com.

Foto: designa.dk/no
Dette er ei av kjøkkenløysinga eg ser på dersom rommet blir for lite for den som er på det øverste bildet. Det blir so klart steikeplate på “kjøkkenøya” her også:) Det er eit must sidan eg vil kunne sjå på tv frå kjøkkenet
Fargen på gulvet er omtrent den eg vil ha på parketten dersom det ikkje blir flisaktig gulv eller gummi.
Overskap på kjøkkenet er eit vanskeleg. Planen er å ha slike lave (ikkje høge) skap, men det blir so fort støv og fett oppå. Dermed er det kanskje best å berre droppe overskap, men igjen blir det so mykje mindre plass til kjøkkenutstyr. Eg kjem til å ha eit stort smalt vindu over den lange kjøkkenbenken som er inntil veggen, so det blir kanskje ikkje plass til skaphyller der.
Her er idear til overskap:

Foto: designa.dk/no
Det hadde vore kult å hatt grønne overskap plassert slikt på kjøkkenet:), men eg ville gått for dei i kvitt og heller hatt på nokon wallstickers slik eg kunne endre utrykk etter behov.

Eg likar godt dinne typen overskap.

Foto: finn.no
Ei mulegheit er å ha nokre høge overskap med lave overskap over. Eg syns denne løysinga var fin, men det gjor kjøkkenet mindre luftig.
Open kjøkken/stove-løysing

Slik vil eg gjerne ha det:) Kanskje med ei liten vegg m/peisovn mellom stova og spisebordet?