Om
Eg heiter Ellen, er 26 år og bur på Sunnmøre:)
Eg bor i ei 80 kvm sokkelleiligheit saman med samboaren min Vidar og cavalieren vår Holly. Vi har gleda oss i monge år til å få bygge hus og huset vi kjøpte i 2011 er innflytningsklart august 2012:) Eg har brukt bloggen til å legge ut inspirasjon og idèer til interiør/hus.
Våren 2008 var eg ferdig med utdanninga Bachelor i IT-støttet bedriftsutvikling.
I februar 2011 fekk eg fast jobb som ledar for digitale merkantile produkter:)! Og eg trivast godt med det.
Etter bachelorstudiet var eg arbeidsledig ganske lenge. Det var ikkje so monge jobbar innan fagområdet mitt her eg bor. Spesielt ikkje når det var “finanskrise”. I 2008 jobba eg som IT-konsulent innan brukarstøtte og webutvikling i 3 mnd til saman, dessverre var dette berre engasjementstillingar. I 2009 jobba eg som tilkallingsvikar på ein kiosk/kafe i 6 mnd og som ekstrahjelp i far min sitt firma i 2 mnd. I 2010 hadde eg 2 mnd praksis på IT-avdelinga og Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda. Det var interessant, kjekt og lærerikt:) Sidan det ikkje var muleg å få seg jobb der kom eg fram til eg måtte studere meir, slik eg auka sjansen min for å få ein jobb. Dermed begynte eg på 3d design og animasjon i oktober 2010. I tillegg tok eg kurs i Adobe Indesign (grunnleggande).
Det eg likar å bruke fritida mi på er webdesign, lese interiør/husbloggar, blogge, høyre på musikk, sjå filmar, danse, sitte på kafè, vennekveldar og matlaging. Så det er vel dette ein kan lese om her på bloggen min:)
Historia om då vi skaffa oss Holly
:
Vi begynte å tenke på at vi ville ha hund då vi gjekk første året på skule i Trondheim. Vi tenkte at vi skulle vente til vi var ferdige å studere, men eg fekk so veldig lyst på hund og hadde sikta meg inn rasa Cavalier king charles spaniel. Vi tenkte nøye gjennom korleis det ville vere å ha hund, korleis det ville påverke kvardagen vår og om vi faktisk kunne ha hund. Det endte med at vi bestemte oss november -06, vi skulle kjøpe oss cavalier:)
Eg sjekka heimesidane til oppdrettarar, ringte til eit par oppdrettarar og vi fann ei som hadde ei blenheim cavaliertispe til salgs då det passa oss best. Vi syns ho var veldig søt og bestemte oss fort at vi ville ha ho:) Sidan oppdrettar kalla ho Holly og stamtavlenamnet hennar var Lyngroen`s Holly Wood vart det til at vi valgte å kalle ho Holly. Den 04.02.07 reiste eg til Haugesund for å hente Holly:)
No har vi hatt Holly i 5 år, tida har gått fort ja!






