Kategoriarkiv: Shopping/Mote

Kaffekanne

kaffekanne
Foto: thecoffebrewers.com

Sidan Vidar fekk seg Moccamaster i bursdagsgåve har vi vore på leit etter ei kaffekanne både eg og Vidar likar. Det har ikkje vore lett. Den eine eg likte var berre 0,6 l, so den vart ikkje aktuell. Vidar likte ei som var litt for maskulin, so vi avventa kjøpet.

I dag var vi ein tur på Jernia og der fann vi kaffekanna! Den var på halv pris, ordinær pris var ca. 800 kr so det var flaks (er ikkje sikkert vi hadde kjøpt den til full pris).

Alfi Albergo Top Therm heiter kaffekanna. Virkar som dette kvar eit godt kjøp:)

Fann ingen informasjon om kaffekanna på norsk, her står det litt om den.

Kor mykje spagetti?

Eg var ein tur innom Traktøren og der var det monge kjekke kjøkkendippeduttar:) Dessverre fann eg ikkje noko av det vi eigentleg treng.

Det eg fann var altso ein porsjonsmålar for spagetti. Når eg skal måle opp kor mykje spagetti eg/vi treng har eg alltid syns det har vore litt innvikla. Nokre pakkar har hatt eit runding på pakningen slik ein kunne vete kor mykje ein porsjon var. So no har eg fått meg eit spagettimål med mål for 1-4 porsjonar:) Eg kjøpte den som var kvit og grønn.

spagetti-måler
Spagettimål. Foto: traktoren.no

Klikk.no har visst skrive ein artikkel med tips om spagettimål.

Trondheimstur!

Dinne helga tok eg og Vidar oss ein tur til Trondheim. Solveig og nyetypen skulle dit også:) Det var kjekt å få helse på..

Fredag på dagtid var eg på Trondheim torg og shoppa. Det eg skulle finne meg var sko, men det gjor eg ikkje. Derimot fann eg meg ein fin lysebrun/beige kjole og eit svart skjørt.

Fredag kveld for vi til Eva og Joachim på pizza og filmkveld. Eva hadde laga god pizza med litt grov pizzabotn. Tacopizzaen var veldig god, so den skal eg prøve å lage ein gong. Vi jentane enda opp med å site å prate og kose oss med litt cider/vin, medan guttane spelte dart.

Laurdag på dagtid for eg for å leite meir etter nokre sko, men fann ingen dinne dagen heller:/

Laurdag kveld for eg, Solveig, Atilla, Eva og broren, Kristin og Carina ut. Først for vi på eit fors, men der var det ikkje sitteplassar so vi for opp til Kristin.

Fors hos Kristin
Fors hos Kristin:)

Deretter vart det ut på Down Town. Det vart litt kjipt når vi for ut for alle forsvann og styrte med sitt.

Søndag brukte eg og Vidar på å sove ut og køyre heimatt.

Nye veske

Veske
Foto: mango.com

Endeleg har eg funne veska eg har vore på leit etter lenge! Den vart kjøpt på nettbutikken til Mango.

Den skulle vere svart, ha reim til å ha over skuldra, ha glidelås og vere stor nok til macen min. Då storesystra mi Mari kom heim til foreldra mine ei helg såg eg veska hinna ligge ne på gulvet. Eg tok ein kikk på den og fann ut at det var akkurat ei slik veske eg var ute etter 🙂 Eg spurte om ho nettopp hadde kjøpt den. Ja, svarte ho. I Berlin. Heldigvis har butikken ein nettbutikk og der fann eg veska. Prisen var også heilt ok, kr 399 inkl. frakt.

Veske

Veske

Innhaldsrik helg

Fredag på dagtid var eg i begravelsen til bestefar. Det var ein fin begravelse, med masse slekt og hyggelege minneord.

På kvelden for eg på kaffibaren at med Sara og nokre av veninnane hennar. Det var kjekt:) Vi kosa oss og snakka om bryllaupet til Sara, jobb, studie, folk og generelt om framtida. Eg bestilte meg ein veldig god kylling og baconsalat m/ brød til. Det heile vart enda bedre med ei pærecider til. Mmm.

Laurdag, på dagtid, for eg og Solveig ein tur til vik for å shoppe. Eg fekk endeleg kjøpt meg nokre finsko som kan brukast litt til vanleg også. Skoa kosta no kr. 299 istaden for kr. 499, so eg er glad eg valgte å ikkje kjøpe dei sist eg prøvde dei:)

Svarte sko

Laurdagskvelden var vi på bursdagfest hos Terje, broren til Vidar. Det var for det meste ein kjekk fest. Eg sat å prata med Solveig første delen av kvelden. Eg fekk sann lyst til å danse, men ingen ville det utanom ei. Vi tok oss ein swing på gulvet, men sidan ingen kunne å føre vart det med den eine dansen, hehe. Eg ville gjerne høyre på RnB, men det vart visst ikkje godt mottatt. Seinare på kvelden oppsto det ein situasjon som førte til at eg og Vidar hadde ein utriveleg diskusjon. Den har vi hatt eit par gongar, men vi kjem ingen vei og det blir dermed berre liggande i «dvale» til seinare. Vi er ganske so ulike av oss på monge punkt og dermed er det ikkje so lett.

Søndag kveld bestilte vi oss cheeseburgermeny og såg Heros:)

Jobbintervju og shopping

I dag var eg på jobbintervju angåande ei stilling som teknisk kundekonsulent. Eg har allereide vore på eit intervju hos eit bemanningsbyrå angåande stillinga for å finne ut om eg kunne vere aktuell.

Interjvuet gjekk ganske bra. Det er alltid vanskeleg å vete kor bra det gjekk og om ein blir valt sidan der er fleire aktuelle kandidatar.

Etter intervjuet for eg ein tur innom kjøpesenteret for å sjå om eg fann meg nokre sommarlege sko. Det gjor eg på Økonomi sko:)

Kvite sko

I Oslo

Dei siste dagane har eg vore i Oslo på besøk hos Solveig 🙂

Vidar og Bernt skulle til Tønsberg, so eg sat på ned til Oslo. Mesteparten av køyreturen sov eg. Eg har eit veldig godt sovehjerte, litt for godt kanskje…Holly vart passa av foreldra has Vidar dinne longhelga.

Eg kom til Oslo torsdag kl. 17. Då vart det rett bort på ein kinarestaurant for å ete middag saman med Solveig, mamma og pappa. Foreldra våre besøkte også Solveig dinne longhelga. Etter middagen for dei på ballett ved Operaen, medan eg for heim til Solveig.

Fredag gjekk med til å sove, sjå film, ete lunsj, shoppe litt og slappe av. På kvelden laga pappa og Solveig entrecote til middag, nam!

Laurdag for vi ned på Oslo City og shoppa. Eg fann meg dessverre ikkje sko eller veske. Eg og Solveig åt ein god kyllingsalat m/ baguett til lunsj:) Vi for ein tur bort på Operaen slik at eg også fekk sette Opera-bygget. Det var fin arkitektur, men eg syns taket kanskje var litt risikabelt bygt. Ein må vertfall ha augane opne for kor ein går og ikkje gløyme seg bort i praten. Til middag i dag kjøpte pappa inn pølse, poteter, gulrot og rabbe. Det er nesten favorittmiddagen has! Hehe. Eg og Solveig er også veldig glad i det, men mamma er ikkje spesielt begeistra for pølse. Kvelden vart for min del tilbragt i senga sidan resten av familia såg ein film på tv som eg ikkje ville sjå. Solveig kom å vekte meg rundt 24.30. Då sto eg opp og vi såg ein film og las Fantomet! Fyren Solveig delar leiligheit med har visst monge gamle Fantomet-blad. Eg har lest dei før, men det er lenge lenge sidan. Vi gjekk å la oss rundt 04.

Søndag formiddag/ettermiddag sat eg og Solveig inne. Vi møtte foreldra våre rundt kl. 20 for å gå ut å ete middag og enda opp på ein restaurant ved sidan av flybusstoppet på Majordstua. Eg og Solveig bestilte oss Club Sandwitch. Sidan det ikkje stod chips, potetbåtar e.l. funderte eg over om det fylgte med. På resten av menyen stod det heller ikkje den type tilbehør so eg kom fram til at det måtte fylge med. Men det gjor det altso ikkje! Maten var god den, men eg ville ikkje kalla det Club Sandwitch. Brødet var vanleg brødskive skjert i ein firkant, lagt lagvis med diverse salat og grønsaker og med bacon heilt på toppen. Det var heldigvis gode smakar…. På kvelden for eg og Solveig ut på byen. Uteplassen var berre 5 minutt frå der Solveig bor, so det var veldig greit 🙂 Vi dansa og hadde det artig. Det vi fann ganske underleg var at alle folka begynte å gå ein halv time før stengetid. So det vart tomt på dansegolvet siste halvtimen. Det var litt kjedeleg syns vi.

Mandag (17.mai) kom eg og Solveig oss ned til Oslo S kl. 12.55 for å møte foreldra våre. Vidar kom å henta meg kl. 13.40, so eg rakk å ete ein god baguett til frukost. Turen heim brukte eg til å sove og prøve å kome på ein slags mini-fortelling for ein animasjonside, men eg har ganske so liten fantasi og humor kom eg fram til. Eg vurderar å kanskje studere 3D design og animasjon, men sidan eg har lite med humor og fantasi veit eg ikkje heilt om det blir det rette studiet. Teknisk design er kanskje bedre å satse på for meg, men animasjon hadde vore artig å lært seg da og ein får eg også ei breiare fagleg dybde ved å gå det:)

Jobbintervju

Eg var på jobbintervju i dag. Det gjald ei stilling innan teknisk drift av applikasjonslaget på ERP-system.

Intervjuet gjekk sann passe bra. Eg vart spurt ganske få spørsmål. Mesteparten av intervjuet gjekk med på at eine intervjuaren forklarte kva jobben ville gå ut på. Det er fire personar som har vore innkalt på intervju og vi får tilbakemelding neste veke. (Oppdatering: Etter ei god del veke fekk eg mail om at eg ville høyre frå dei etter sommarferien dersom eg fortsatt er interessert. )

Etter intervjuet for eg på shopping. Det hjelper alltid på humøret å shoppe litt:)

Klede no til dags

Kva er det med kvaliteten på klede no til dags? Eg var på to butikkar i dag og fann nokre klesplagg eg tenkte å kjøpe. Det eg såg når eg skulle prøve to klesplagg var at det var ei lita tråløkke som stakk litt ut av plagget. Slik skal det da ikkje vere. Plagget kan fort rakne og få hull i seg då. Det eine plagget var det 3 stk av i butikken og alle hadde dinna tråløkka stikkane ut. Eit anna plagg var det saumen som ikkje var heilt god. Saumen var ikkje heil og tråenden var laus. Greit nok at den saumen ikkje var det som holdt plagget saman, det var ein tilleggssaum/pytesaum. Eg likte jakka godt, so kan hende eg kjøper den seinare dersom butikken fortsatt har den…..