Kategori: Matlaging

Kjøttkaker i brun saus

11. februar, 2010

Kjøttkake

I dag hadde vi heimelaga kjøttkake til middag.

Kjøttkaker:

750 g kjøttdeig

1 1/2 ts salt

3 krm pepar

1 1/2 krm ingefær

1 1/2 krm muskat

3 ss potetmjøl

3 dl lettmjelk

Brun saus:

2 ss mjuk margarin

4 ss kveitemjøl

6 dl vatn

2 kjøtbuljongar

1 krm pepar

.

1. Start med sausen. La margarinen bli lysbrun i ei gryte, tilsett kveitemjøl og rør til det blir nøttebrunt.

2. Ta gryta av plata og tilsett ca. halvparten av vatnet. Rør godt. Tilsett resten av vatnet og buljonterningane. Gi sausen eit oppkok og smak til med pepar.

3. Rør kjøttdeiga godt saman med salt, krydder og potetmjøl.

4. Tilset mjølka, litt om gongen, rør godt mellom kvar gong.

Sett på vatn til poteter/gulrot/rabbe (kålrot) no om du skal ha det til middagen. Ha poteter/gulrot/rabbe oppi vatnen slik du slepp det når du begynner å lage til kjøttkakane.

5. Ta litt kjøttfarsa i eine handa di (eller ei skei) og form med begge henda til kjøttfarsa er ei rund kake.

6. Steik kjøttkakane pent brune på kvar side og legg dei over i sausen.

7. La kjøttkakane trekke i sausen i 10-15 minutt til dei er gjennonkokte.

Server med poteter, gulrot, rabbe (kålrot) og tyttebærsylte :) Ertestuing (om du liker det) er også godt til.

……………………………………………………………………………………….

Oppskrifta eg brukar er frå boka “Frå bollar til burritos” som vi hadde i Heimkunnskap på ungdomskulen:) Der er igrunnen monge gode og greie oppskrifter i den:)

I dag laga eg heimelaga kjøttkaker istaden for å kjøpe Gilde kjøttkaker. Eg syns Gilde kjøttkaker er veldig gode og prisen blir vel omtrent den same og veid opp i tida ein brukar på å lage heimelaga kjøttkaker. Det eg har tenkt på er å lage av 750 g kjøttdeig * 2 (som er billigare enn 400 g-pakkane) ein dag eg har god tid. Då kan eg fryse det ned og det blir ca. 4-5 måltid for 2 personar ut av det:) Eg vil tru det er litt sunnare med heimelaga kjøttkaker også!

Venninneklobb

10. februar, 2010

I kveld var eg på klobb (klubb) hos Anna:) Dei andre som kom var: Ragnhild, Elisabet, Janita og Iselin. Anna som var husvert dinne gongen inviterte på kjeks og ein god dessert! Desserten besto av eit lag melkesjokolade, eit lag bringebær og marshmellows på toppen som vart varma litt i ovnen slik marshmellowsen smelta litt. Alle syns dette var ein veldig god dessert:) Oppskrifta er i frå Celebert selskap. Det som er so greit med desserten er at ein kan bruke den sjokoladen og bære ein vil, det meste passar:)

Dette vart ein veldig hyggeleg kveld:) Det vart også ein slags avskjedskveld for Anna, sidan ho reiser til Oslo for å studere negleteknikk i 5 mnd. Ho skal bli negleteknikar:)

Baka brød:)

8. februar, 2010

Heimelaga brød

Då har eg laga to heimelaga brød. Eg likte godt dinne oppskrifta:)

I framgangsmåten står det at det blir brukt kjøkkenmaskin, men sidan eg ikkje har det brukte eg berre ei sleiv i starten og henda for å få alt mjølet inn i deiga. Dermed vart tida eg brukte på elting redusert ein del sidan eg ikkje eltar med henda i 10 minutt, det blir litt for lenge ja.

Oppskrifta fann eg på bloggen Husdraumen.

Ingredienser:

1 l vatn
1 pk tørrgjær
1 ts salt
1/2 dl linfrø-, raps- el olivenolje.
1 dl knuste linfrø
2 dl havremjøl
1 1/2 dl lettkokte havregryn
3 dl sammalt rug
4 dl sammalt kveite
ca 1 l sikta kveitemjøl

Bland først tørrgjær og det meste av kveitemjølet blandar oppi bollen. Deretter resten av det tørre.  Istaden for å knuse linfrøa legg dei i litt av vatnet i minimum 1 time eller gjerne over natta. Hell i væska og la kjøkkenmaskina gå nokre minutt. Bruk ein slikkepott for å snu deiga litt, slik at du får med alt mjølet som ligg på botnen.
La kjøkkenmaskina gå nokre minutt igjen før du tilsett resten av mjølet. Det er passe med mjøl når deiga slepper kanten under eltinga med maskina, det skal vere litt tungt å vende den med slikkepotten.
La kjøkkenmaskina gå i ca 10 min.

Hev i 1 time i bollen.
Sett på kjøkkenmaskina igjen i eit minutt eller to, slik at du får elta ut lufta.
Tøm (vha slikkepott) over i to former og la det etterheve til brøda har blitt 1/3 større, omlag like lenge som det tek å få omnen min varm.
Steik i 50 min på 200 grader.

Eg vart litt overraska når linfrøa hadde låge i vatnet. Linfrøa hadde trekt til seg vatnet og det som var igjen var ei masse med linfrø og slim! Det hadde eg ikkje akkurat forventa. Eg hadde ikkje målt opp kor mykje vatn eg brukte, so eg trekte frå ca. 1 dl mindre vatn i deiga.

Kylling og pasta m/fløtesaus og asparges:)

8. februar, 2010

Kylling, pasta og asparges

Ingredienser (2 personar):

Pasta (200 g ?)
Kyllingstrimlar (400 g)
Matfløte (3 dl)
Kvitløk (2 stk)
Rødløk (1/3)
Paprika (1/3)
Peppar
Salt
Paprikakrydder
Chiliflakrydder
Asparges (3stk)

Start med å sette på vatnet til pastaen (med litt olje i). Skjer kylling, rødløk og paprika i strimlar. Hakk kvitløksfedda. Skrell nederste delen av aspargesen og del aspargesen i tre (skjer litt på skrå). Sett på steikepanna (med litt olje på) og steik kyllingstrimlane.
Ha litt vatn i ei kasserolle og ha i ca. 2 ss smør, litt salt og peppar. Når det kokar ha aspargesen oppi og skru av varmen.
Ha pastaen i vatnet, følg bruksanvisninga på pastapakken.
Når kyllingstrimlane er ferdigsteikt hell matfølte over. La det stå til det kokar. Hiv i kvitløk, rødløk, paprika og krydder. La det småkoke i 3 minutt.

Eg kjøpte ein aspargesbunt på butikken fredag og no var det på tide å bruke den. Jakta på ei god middagsoppskrift starte. Eg har aldri smakt asparges før (kan ikkje huske å ha gjort det vertfall).
At med middagsbordet kom Vidar med kommentaren: Kva ein skal med asparges da? Det er eit tilbehør sa eg, akkurat som paprika og løk, hehe.

Vidar syns middagen var god, men syns smaken av kylling m/fløtesaus var litt spesiell. Ikkje det at det var noko gale med det:) Eg var igrunnen enig. Det skulle ha vore litt meir krydder i sausen (eg likar godt krydra mat).

Begge syns at asparges var godt! Det kjem nok til å gjenta seg at eg kjøpe inn asparges. Det dumme er at det er ganske dyrt:/

Quesadilla med kyllingkjøttdeig

7. februar, 2010

I dag laga eg Quesadilla til frukost/middag:) Det var godt. Eg brukte restane etter fajitas som eg hadde til middag på fredag. Syns Quesadilla var eit godt alternativ istaden for fajitas.

Ingredienser:

Kyllingkjøttdeig

Tortillas

Kremost

Fajitaskrydder eller tacokrydder

Paprika

Rødløk

Kvitost

Steik kjøttdeiga og ha på krydderposen. Smør eit lag med kremost på tortillasen. Ha på paprika, rødløk og kvitost på halvparten av tortillasen. Brett tortillasen og legg den på steikepanna. La den steike på middels varme til tortillaslefsa er litt varm og sprø:)

Nachos

6. februar, 2010

Nachos

Nachos er so godt og det er lettvindt å lage også:)

Nachosoppskrift (3 personer):

Kjøttdeig 1 stk

Tacokrydder 1 pose

Nachochips 2 posar

Kvitost

Paprika (1 stor)

Mais (1 stor)

Annanas (2 små)

Rømme

Tacosaus

Steik kjøttdeig og ha på tacokrydder. Fordel nachochipsen (1 1/2 pose) i ei ildfast form. Der er plass til ca. 1 1/2 pose i ei form, so ein kan ha nachochipsen i to former om ein vil ha meir nachochips, men då blir det litt lite kjøttdeig. Legg kjøttdeigen opp på nachochipsen. Rasp kvitost over. Sett ovnen på  180 grader og sett inni nachosforma. La den stå der i ca. 5-8 minutt, slik at osten smeltar. Om ein vil “pynte” nachosen kan ein hive på litt paprika på slutten av steiketida.

Skjer opp paprika. Legg paprikaen, annanas og mais i kvar si skål.

Nachos er noko ein gjerne et som fingermat, so legg gjerne fram serviettar. Ein kan også bruke ein gaffel for å få tilbehøret opp på nachochipsen.

Tips: Cola er veldig godt til nachos.

Svinewok m/hvitløksbaguett:)

3. februar, 2010

Svinewok m/hvitløksbaguett

I dag vart endeleg svinewok m/kvitløksbaguett igjen:) Vidar har med å bli lei av det.

Ein kan variere oppskrifta ein del slik at det ikkje blir likt kvar gong og etter kva ein har av ingrediensar og peng.

Ingredienser:
Svinestrimlar
Gulrot
Paprika
Sopp
Rødløk
Sur søt chilisaus
Kvitløksbaguett

Framgangsmåte:

Sett på steikeovnen so den blir klar for baguettane. Skjer opp grønnsakane og begynd å steik svinestrimlane når det er ca. 15 minutt til baguettane er ferdige. Putt gjerne svinestrimlane opp i ei skål medan grønnsakane steikast. Steik gulrot først og deretter hiv i resten av grønnsakane og steik til alt er ferdig. Putt svinestrimlane oppi steikepanna igjen. Dæsj ein klatt med sur søt chilisaus og la det putre i eit par minutter.

Kor mykje ein skal bruke av kvar ingrediens er litt ei smakssak. Pr. person brukar vi ca. 140 gr svinekjøtt, 1 gulrot, 1/4 rødløk, 1/2 paprika, 1 1/2 stor sopp og 1 kvitløksbaguett. Då brukar eg gjerne å løyve litt til kvelds eller lunsj.

Tips: Rema 1000 har ganske so rimelege svinestrimlar:)

Tips til alternative ingredienser:
Ingefær (gir ein god smak)
Brokkoli
Søtpotet
Kvitløk
Ovnssteikte potetbåtar dryssa m/havsalt og kvitløk (eit alternativ eller tillegg til kvitløksbaguettane)

Potetbåtane leggast på ei ildpast form som er smurt litt med olje, deretter dryssast det over litt havsalat og kvitløk. Steiketid er mellom 20-40 minutt på 220 grader.

Film og grønnsakssnacks m/kesamdipp

31. januar, 2010

Vi såg filmen 2012 i kveld:) Den var ganske bra.

Filmen 2012

Foto: filmweb.no

Handlinga startar i 2009 då ei gruppe vitenskapsmenn bekrefter til verdens ledarane at jorda ikkje kjem til å eksistere slik som dei kjennar den. Fram mot 2012 blir det utarbeida ein plan for å redde flest muleg mennesker.









Grønnsakssnacks m/kesamdipp

I kveld skar eg opp litt gulrot og rabbe. Som dipp brukte eg kesam og vanleg dippkrydder. Dippen smakte omtrent som når ein brukar rømme. Kaloriane i kesamen innheld berre halvparten av rømma huskar eg rett, so det var kjekt sidan det går med ein del dipp:)

Vidar kosa seg med potetgull, so eg måtte smake litt på det også iløpet av kvelden:)

Mangodeler:)

28. januar, 2010

Mangodeler
I dag kjøpte eg ein Bendit mangodelar. Eg har tenkt på å kjøpe det ei god stund og no låg der eit par på butikken at med mangoane lett synleg:)

Eg syns Bendit mangodelaren var heilt grei å bruke. Det forenkla oppskjeringa av mango litt, men ikkje so veldig sidan eg har ein grei teknikk. Det blir ein ekstra ting å vaske opp også, men om ein vaskar den med ein gong er det fort gjort.

Må ta med eit bilde av Hollya mi også:
Holly:)

Quesadilla med kylling

27. januar, 2010
Quesadillas

Foto: klikk.no (Erik Hannemann)

Fann dinne oppskrifta på klikk.no. Den skal prøvast ut til helga:) (Dersom eg får kjøpt meg ein morter innen den tid, hehe).

Ingredienser:
200g kyllingkjøttdeig
1 stk løk
2 ts tacokrydde
100 g smøreost
1 ts korianderfrø
2 stk vårløk
1 stk rød chili
100 g revet hvitost
1 stk tortilla (lefse som kjøpes ferdig)

Finhakk løken og stek den gyllen i olje.

Dryss på godt med tacokrydder på kyllingkjøttet. Ha det i stekepanna sammen med løken.

Hakk vårløk og chili og stek til kyllingen er ferdig. (Du kan fjerne chilifrøene om du ikke vil ha det så sterkt).

Bruk en morter og knus korianderfrøene (du kan bruke korianderpulver også, men det dufter ikke like livlig). Bland det med smøreosten. Smør på tortillaen.

Legg på kyllingblandingen og dryss på osten. Brett tortillaen samen og legg den i stekepanna og steik den gyllen.

Serverast gjerne med rømme og litt salat.
Eg trur eg har smakt en liten bit quesadilla før, men eg syns ikkje det var so veldig godt, kanskje det var berre oppskrifta si skyld?

Har du smakt quesadilla før?

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy