Kategori: Matlaging

Film og heimelaga pizza

30. mai, 2010

I kveld fekk vi besøk av Sara og Bernt :)

Oppskrift på heimelaga pizza kjem etterkvart:) Det er oppskrifta til far min eg brukar. Den er veldig god!!:)

Menn som stirrer på geiter. Foto: filmweb.no

Menn som stirrer på geiter Foto: filmweb.no

Vi såg filmen Menn som stirrer på geiter. Den var ganske bra. Litt spesiell, hehe.

Den handlar om ein journalist som på nyheitsjakt snublar over eit militært eksperiment. Ei hemmeleg avdeling i det amerikanske forsvaret har funne på noko som skal fungere bedre enn å bruke vanlege våpen under krig, nemleg psykisk krigføring! Les meir om filmen på filmweb.no.

Eplelappar

27. mai, 2010

Eplelapper

I kveld laga eg eplelappar. Eg fekk so lyst på sjokolade og fann oppskrifta i ei sjokoladebok. Eg ville vere litt sunn so eg kutta litt ned på sukker og hadde i havregryn og sammalt mel. Vidar syns lappane var veldig gode, medan eg syns det vart ein litt for rar kjedeleg smak.

I Oslo

17. mai, 2010

Dei siste dagane har eg vore i Oslo på besøk hos Solveig :)

Vidar og Bernt skulle til Tønsberg, so eg sat på ned til Oslo. Mesteparten av køyreturen sov eg. Eg har eit veldig godt sovehjerte, litt for godt kanskje…Holly vart passa av foreldra has Vidar dinne longhelga.

Eg kom til Oslo torsdag kl. 17. Då vart det rett bort på ein kinarestaurant for å ete middag saman med Solveig, mamma og pappa. Foreldra våre besøkte også Solveig dinne longhelga. Etter middagen for dei på ballett ved Operaen, medan eg for heim til Solveig.

Fredag gjekk med til å sove, sjå film, ete lunsj, shoppe litt og slappe av. På kvelden laga pappa og Solveig entrecote til middag, nam!

Laurdag for vi ned på Oslo City og shoppa. Eg fann meg dessverre ikkje sko eller veske. Eg og Solveig åt ein god kyllingsalat m/ baguett til lunsj:) Vi for ein tur bort på Operaen slik at eg også fekk sette Opera-bygget. Det var fin arkitektur, men eg syns taket kanskje var litt risikabelt bygt. Ein må vertfall ha augane opne for kor ein går og ikkje gløyme seg bort i praten. Til middag i dag kjøpte pappa inn pølse, poteter, gulrot og rabbe. Det er nesten favorittmiddagen has! Hehe. Eg og Solveig er også veldig glad i det, men mamma er ikkje spesielt begeistra for pølse. Kvelden vart for min del tilbragt i senga sidan resten av familia såg ein film på tv som eg ikkje ville sjå. Solveig kom å vekte meg rundt 24.30. Då sto eg opp og vi såg ein film og las Fantomet! Fyren Solveig delar leiligheit med har visst monge gamle Fantomet-blad. Eg har lest dei før, men det er lenge lenge sidan. Vi gjekk å la oss rundt 04.

Søndag formiddag/ettermiddag sat eg og Solveig inne. Vi møtte foreldra våre rundt kl. 20 for å gå ut å ete middag og enda opp på ein restaurant ved sidan av flybusstoppet på Majordstua. Eg og Solveig bestilte oss Club Sandwitch. Sidan det ikkje stod chips, potetbåtar e.l. funderte eg over om det fylgte med. På resten av menyen stod det heller ikkje den type tilbehør so eg kom fram til at det måtte fylge med. Men det gjor det altso ikkje! Maten var god den, men eg ville ikkje kalla det Club Sandwitch. Brødet var vanleg brødskive skjert i ein firkant, lagt lagvis med diverse salat og grønsaker og med bacon heilt på toppen. Det var heldigvis gode smakar…. På kvelden for eg og Solveig ut på byen. Uteplassen var berre 5 minutt frå der Solveig bor, so det var veldig greit :) Vi dansa og hadde det artig. Det vi fann ganske underleg var at alle folka begynte å gå ein halv time før stengetid. So det vart tomt på dansegolvet siste halvtimen. Det var litt kjedeleg syns vi.

Mandag (17.mai) kom eg og Solveig oss ned til Oslo S kl. 12.55 for å møte foreldra våre. Vidar kom å henta meg kl. 13.40, so eg rakk å ete ein god baguett til frukost. Turen heim brukte eg til å sove og prøve å kome på ein slags mini-fortelling for ein animasjonside, men eg har ganske so liten fantasi og humor kom eg fram til. Eg vurderar å kanskje studere 3D design og animasjon, men sidan eg har lite med humor og fantasi veit eg ikkje heilt om det blir det rette studiet. Teknisk design er kanskje bedre å satse på for meg, men animasjon hadde vore artig å lært seg da og ein får eg også ei breiare fagleg dybde ved å gå det:)

Film, jordbær og sprite:)

2. mai, 2010

I kveld kosa eg meg med film, jordbær og sprite:)

Det er faktisk veldig godt med sprite til jordbær.

Filmen eg såg heiter The Back Up Plan. Det er ei komedie som utforskar dating, kjærleik og familekonseptet i omvendt rekkefølje. Zoe (Jennifer Lopez) har fortsatt ikkje funne den rette og fast bestemt på å bli mor får ho time hos legen. Same dag møter ho Stan, ein mann med godt potensial!

Les meir om filmen her.

Grove rundstykker

2. mai, 2010

Grove rundstykker

I kveld laga eg grove rundstykker. Dei vart litt bolleaktige syns eg, som grove bollar. Vidar kalla det bolla og det var bra for han vil helst ha bollar.

Oppskrifta fann eg på Klikk.no. Eg har lenge tenkt på å lage grove rundstykker, men den oppskrifta eg har brukt tidlegare er ikkje spesiell god syns eg. Det hadde vore kjekt å laga nokre gode grove rundstykker ala det ein får kjøpt på kafè, men har ikkje funne oppskrift på det enda.

Eg søkte på Internett etter grove rundstykker, men vart litt overraska over at der var so få.

Her er oppskrifta eg brukte:

Ingredienser:

  • 1 l melk (gjerne sur eller skummet)
  • 9 ss olje
  • 50 g gjær
  • 2 ts salt
  • 3 ss sukker
  • 1 dl solsikkekjerner (kan sløyfes)
  • 200 g havregryn
  • 300 g sammalt hvete grov/fin
  • 800 g hvetemel
  • egg eller melk til pensling
  • sesam- eller valmuefrø eller solsikkekjerner til dryss

1. Varm melk og olje til det er lunkent og rør ut gjæra. Rør inn resten av ingrediensane til ei blank og smidig deig. Dekk til med plast og la deigen heve på eit lunt sted i ca 1 time.
2. Elt deiga og del i ca 30 emner. Form til runde bollar og legg på eit bakepapirkledt steikebrett. Dekk til og la rundstykkene etterheve i ca. 30 min. Varm ovnen til 225°C.
3. Pensle med egg eller melk og dryss med frø. Steik på midterste rille i varm ovn, 225°C i ca. 15 min. Avkjøl på rist.

Eg laga 24 rundstykker sidan eg likar dei litt større. Deiga vart litt for klissete so eg hadde i litt ekstra havregryn og hvete. I tillegg hadde eg ikkje solsikkekjerner. Eg trur solsikkekjernane hadde gjort rundtstykka ekstra gode :)

Film og lasagne:)

21. mars, 2010

I kveld kosa eg og Vidar oss med lasagne og filmen Shutter Island. Vi åt opp heile lasagneforma, som regel brukar vi å ha igjen restar. Det var so godt og begge var veldig svolte. Filmen var passe bra, men vi forsto ikkje slutten.

Shutter Island

Foto: filmguiden.no

Les om filmen her!

Pannekake

19. mars, 2010

I dag laga eg pannekake til middag. Vidar jobba ikkje seinvakt so dermed vart det pannekake. Det tek litt tid å lage til pannekake, ca. 1 – 1 1/2 time når eg lagar av 1 l melk. Røra må stå i min 15 minutt. Deretter tar steikinga mellom 45 minutt til 1 time.  Av 1 l melk får ein ca. 10-12 pannekaker. Det er nok til eit godt middagsmåltid for meg og Vidar + ein god kveldsmat eller lunsj til ein av oss.

Vi brukar bacon i bitar + sukker eller jordbærsyltetøy som tilbehør på pannekaka. Eit anna alternativ til tilbehør er blåbærsyltetøy. Det er også godt!:)

Har dessverre ikkje noko bilde av pannekakane.

Oppskrifta:

4 egg

1 l melk

1 ts salt

5 dl mjøl

Pisk egga. Hell i halvparten av melka og rør om. Ha saltet oppi og rør om.  Ha i mjølet og rør godt.  Hell i resten av melka og rør godt.  La pannekakerøra stå i min. 15 minutt.

Sett på steikeplata på litt over medium varme (vår står på 6 av 9) og ha på litt smør.  La steikepanna bli varm før du startar å steike pannekakane. Hell ei ause med røra i steikepanna og la den steike til røra har stivna. Sjå etter om pannekaka har vorte lysebrun på undersida. Då kan den snuast. Bruk ei steikespade til å snu pannekaka. La pannekaka bli lysebrun på den andre sida også. Når den er ferdig brett pannekaka i to og deretter ein gong til. Legg den oppi ei boks/form med lokk som helde på varmen. Ha på litt smør og steik deretter neste pannekake. Slik er det berre å fortsette til all røra er brukt.

Steik deretter flesket om du vil ha det som tilbehør. Ha litt olje og smør i steikepanna på starten. Steik på litt over middels temperatur heilt i starten og skru deretter ned temperaturen på under middels. La fleske steike til det har fått ein litt fin farge på seg, rundt 8 minutt.

Då eg var lita brukte mor mi å lage pannekakeslått. Eg huskar eg likte dette veldig godt, men vi hadde det ganske sjelden. Det består av pannekake og heimelage pizzafyll lagt lagvis oppå kvarandre med eit lag ost på toppen:) Dette blei satt inn i ovnen til osten smelta. Eit vanlegare alternativ til dette er å legge pizzafyllet på langs i midten av pannekaka, rulle den saman og ha litt ost på toppen.

Hamburger

26. februar, 2010

Fiberrikt hamburgerbrød

I dag hadde vi hamburger til middag. Vi kjøpte inn Fiberrikt hamburgerbrød for å teste om det smakte godt. Eg er veldig glad i hamburgerbrøda med sesamfrø og må sei at dei fiberrike hamburgerbrøda mangla det “lille ekstra”. Det smakte heilt greit. Eg trur eg har smakt ein Polarbrød-type som passa godt som hamburgerbrød og det brødet er også sunt:)

Vidar kommenterte at burgerbrøda smakte ikkje so gale som han trudde dei skulle, hehe. Han har eit syn på at all sunn mat smakar ikkje godt.

Ingredienser:

2 stk hamburgerar

2 hamburgerbrød

2-3 blad isbergsalat

1/2 neve ruccolasalat

1/4 rødløk

Partydressing (lr anna dressing)

Grillkrydder

Ketshup

Steik svineburgeren på høg varme i starten. Skru til middels varme mot slutten av steiketida og ha på grillkrydder. Medan hamburgeren blir steikt lag til isbergsalaten, skjer opp rødløk og varm hamburgerbrøda i microen i 20 sek. Ha ein dæsj med dressing (smør den litt utover) på innersidan av hamburgerbrøda og fordel isbergsalaten oppå. Legg på rødløk. Ha på litt ketshup. Legg på hamburgeren og topphamburgerbrødet. Om du likar annanas er det også godt å ha på hamburgeren:)

Tips: For å gjere hamburgeren sunnare, bruk svineburger, dropp kvitosten og bytt ut partydressingen med tatziki.

Steikt potetball

25. februar, 2010

Steikt potetball

Til middag vart det steikt potetball:) Vidar jobba overtid so eg måtte finne noko å lage middag av i frysaren. Potetballen var ikkje spesiell god når eg tina den i mikroen so eg valgte å steike den etterpå. Det er veldig godt med steikt potetball, men eg likar best vanleg potetball.

Eg lagar ikkje potetball frå skratsj sidan eg syns den på butikken er god. Hadde eg hatt gode kjøkkenredskap for å lage potetball hadde eg kanskje laga den sjølv:)

Eg følar vertfall eg har fått i meg nok melk på ei stund: 1 l som drikke til brownies i går/dag og 1/2 liter til potetballen, hehe.

Ovnstekt laks og potetbåter m/asparges og sursøt chilisaus

18. februar, 2010

Ovnstekt laks og potetbåter m/ asparges og sursøt chilisaus
Eg har prøvd ut asparges som tilbehør til forskjellege rettar. Konklusjonen min er at det passar til det meste:)

Her ville eg ha droppa salaten sidan asparges fungerte fint aleine. Det var også litt innvikla å ete Ruccolasalaten.

Oppskrifta har eg skrive i gamlebloggen, men kan skrive den her også:) :

Ingredienser:

Laksefilet

Salt

Pepper

Potete

Havsalt

1 stort kvitløksfedd

Santa Maria Chiliflak

Salat

Rømme

Sursøt chilisaus

Kor mykje laks ein et varierar ut i frå tilbehør, men ca 150-300 gram laks per pers (1-2 laksefiletar). Antall potet er ca. 2 per pers.

Om det blir litt til overs gjer det ingenting sidan det er veldig godt å ete til kvelds eller lunsj dagen etterpå:)

Framgangsmåte:

Sett ovnen på 220 grader.

Dersom du vil marinere laksen i sursøt chilisaus kan du tørke litt av laksebitane og legge dei i ein pose med litt sursøt chilisaus. Beveg litt på innholdet so det blandar seg litt. Dersom du vil ha sursøt chilisaus som tilbehør til måltidet treng du ikkje å tenke på det enda.

Smør litt olje i ei ildfast form eller steikebrett. Vask potetane og skjer opp i potetbåtar. Legg potetbåtane opp i forma og strå over litt pepper, ein del havsalt (havsalt er litt store bitar salt som gir veldig god smak), hakka kvitløk og chiliflak. Vend litt og flytt på potetbåtane slik dei får litt av oljen på seg. Du kan også velge å ha potetbåtane i ein bolle og helle på krydder og olje der slik at det blir meir blanda og deretter legge det på forma.

Sett forma midt i ovnen og steik i ca. 25 minutt. Vend potetbåtane kvart 10 minutt ca og hell litt olje over slik at potetbåtane ikkje setter seg fast i forma.

Lag til laksen medan potetbåtane blir stekt. Tørk laksen med litt tørkepapir. Legg laksen på ei fjøl eller eit fat og krydr godt med salt og litt peppar, snu laksen og krydr der også. Ovnen skal stå på 200 grader når laksen skal steikast. Du kan legge laksen på same form som potetbåtane når det er 12 minutt igjen av steiketida eller du kan steike ferdig potetbåtane og legge laksen i ei ildfast form og steike den i 12 minutt og deretter varme opp potetbåtane i 3 minutt.

Lag til aspargesen medan laksen blir steikt. Enden på aspargesen kutter du av eller lager ein slags “spiss” slik delen som gjerne er dårleg blir kasta.

Du kan velge å blande sursøt chilisaus i rømmen eller ete det uten rømme.

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy