Kategori: Matlaging

Grillling og film hos Sara og Bernt

24. juli, 2010

Vi grilla hos Sara og Bernt i kveld. Eg og Vidar kjøpte med oss pølse og brød, medan dei hadde kjøpt seg laks. Det tok ei stund å steike laksen, so når dei begynte å ete hadde eg og Vidar ete ferdig. Holly kosa seg med eit tyggebein. Etter grillinga vart det spelt Boccha. Eg sat berre å såg på og haldt Holly med selskap.

Knotten kom og det vart litt småkjølig so vi for inn og såg film. Eg huskar ikkje kva film vi såg, men det var ei rar komedie.

Grovbrød med solsikkekjerner

20. juli, 2010

Det var på tide å lage heimelaga brød igjen. Eg leitte på nettet og fann denne oppskrifta som er grov. I artikkelen eg fann oppskrifta var der også to andre grove oppskrifte. Oppskrift av Maria Thommessen, ernæringsfysiolog og matbokforfatter.

Brøda vart for grove for min del, og dei trengde å bli steikt mykje lengre enn det som sto i oppskrifta. Dei vart ikkje faste inni, var litt blautaktig deig på ein måte. Eg smurte ikkje brødformane sidan dei har slipp-belegg, men sidan brøda var klissete etter dei var steikte var det ikkje lett å få brødet ut av forma. Det eine brødet som sto i ca. 40 minutt lengre enn tida som står i oppskrifta slapp forma til slutt, hehe.

Oppskrift:

1 kg grov sammalt hvete

1 kg sammalt rug

200 g siktet hvetemel

1 pakke tørrgjær 1 ss salt

1- 2 dl solsikkekjerner

1 dl havrekli 1,8- 2 liter vann 1 ss oliven

Bland alle tørre ingredienser. Lag ei grop i melet og hell i lunkent vann og olje. Rør deigen godt sammen og la den heve i minimum to timer, gjerne over natta eller mens du er på jobb. Slå deigen ned og ha den i tre smurte brødformer. Sett formene i ovnen på 50 grader i en halv time. Øk deretter temperaturen til 170 grader og stek dem ferdige (ca. 1 time).

Kjekke dagen :)

2. juni, 2010

På praksis i dag var det møte om nettsida til skulen og vi fekk servert brownies :) Mmm, browniesen var veldig god. Den var fastare enn den vi brukar å lage av ein pose kjøpt på butikken, so eg lurar litt på kva type det er: heimelaga eller frå pose på butikken?

Etter møtet var det eit nytt møte om utforming av brosjyra og nettsida til forskingsdagane i år.

Eg syns det er veldig kjekt å få vere med på slike ting som interesserar meg og vere blant folk som har same interesse som meg :) Ingen i familie og vennekretsen min har interesse for web/marknadsføring/prosjektarbeid osv. :/ So det er supert å vere i praksi der dei jobbar med slikt:)

Film og heimelaga pizza

30. mai, 2010

I kveld fekk vi besøk av Sara og Bernt :)

Oppskrift på heimelaga pizza kjem etterkvart:) Det er oppskrifta til far min eg brukar. Den er veldig god!!:)

Menn som stirrer på geiter. Foto: filmweb.no

Menn som stirrer på geiter Foto: filmweb.no

Vi såg filmen Menn som stirrer på geiter. Den var ganske bra. Litt spesiell, hehe.

Den handlar om ein journalist som på nyheitsjakt snublar over eit militært eksperiment. Ei hemmeleg avdeling i det amerikanske forsvaret har funne på noko som skal fungere bedre enn å bruke vanlege våpen under krig, nemleg psykisk krigføring! Les meir om filmen på filmweb.no.

Eplelappar

27. mai, 2010

Eplelapper

I kveld laga eg eplelappar. Eg fekk so lyst på sjokolade og fann oppskrifta i ei sjokoladebok. Eg ville vere litt sunn so eg kutta litt ned på sukker og hadde i havregryn og sammalt mel. Vidar syns lappane var veldig gode, medan eg syns det vart ein litt for rar kjedeleg smak.

I Oslo

17. mai, 2010

Dei siste dagane har eg vore i Oslo på besøk hos Solveig :)

Vidar og Bernt skulle til Tønsberg, so eg sat på ned til Oslo. Mesteparten av køyreturen sov eg. Eg har eit veldig godt sovehjerte, litt for godt kanskje…Holly vart passa av foreldra has Vidar dinne longhelga.

Eg kom til Oslo torsdag kl. 17. Då vart det rett bort på ein kinarestaurant for å ete middag saman med Solveig, mamma og pappa. Foreldra våre besøkte også Solveig dinne longhelga. Etter middagen for dei på ballett ved Operaen, medan eg for heim til Solveig.

Fredag gjekk med til å sove, sjå film, ete lunsj, shoppe litt og slappe av. På kvelden laga pappa og Solveig entrecote til middag, nam!

Laurdag for vi ned på Oslo City og shoppa. Eg fann meg dessverre ikkje sko eller veske. Eg og Solveig åt ein god kyllingsalat m/ baguett til lunsj:) Vi for ein tur bort på Operaen slik at eg også fekk sette Opera-bygget. Det var fin arkitektur, men eg syns taket kanskje var litt risikabelt bygt. Ein må vertfall ha augane opne for kor ein går og ikkje gløyme seg bort i praten. Til middag i dag kjøpte pappa inn pølse, poteter, gulrot og rabbe. Det er nesten favorittmiddagen has! Hehe. Eg og Solveig er også veldig glad i det, men mamma er ikkje spesielt begeistra for pølse. Kvelden vart for min del tilbragt i senga sidan resten av familia såg ein film på tv som eg ikkje ville sjå. Solveig kom å vekte meg rundt 24.30. Då sto eg opp og vi såg ein film og las Fantomet! Fyren Solveig delar leiligheit med har visst monge gamle Fantomet-blad. Eg har lest dei før, men det er lenge lenge sidan. Vi gjekk å la oss rundt 04.

Søndag formiddag/ettermiddag sat eg og Solveig inne. Vi møtte foreldra våre rundt kl. 20 for å gå ut å ete middag og enda opp på ein restaurant ved sidan av flybusstoppet på Majordstua. Eg og Solveig bestilte oss Club Sandwitch. Sidan det ikkje stod chips, potetbåtar e.l. funderte eg over om det fylgte med. På resten av menyen stod det heller ikkje den type tilbehør so eg kom fram til at det måtte fylge med. Men det gjor det altso ikkje! Maten var god den, men eg ville ikkje kalla det Club Sandwitch. Brødet var vanleg brødskive skjert i ein firkant, lagt lagvis med diverse salat og grønsaker og med bacon heilt på toppen. Det var heldigvis gode smakar…. På kvelden for eg og Solveig ut på byen. Uteplassen var berre 5 minutt frå der Solveig bor, so det var veldig greit :) Vi dansa og hadde det artig. Det vi fann ganske underleg var at alle folka begynte å gå ein halv time før stengetid. So det vart tomt på dansegolvet siste halvtimen. Det var litt kjedeleg syns vi.

Mandag (17.mai) kom eg og Solveig oss ned til Oslo S kl. 12.55 for å møte foreldra våre. Vidar kom å henta meg kl. 13.40, so eg rakk å ete ein god baguett til frukost. Turen heim brukte eg til å sove og prøve å kome på ein slags mini-fortelling for ein animasjonside, men eg har ganske so liten fantasi og humor kom eg fram til. Eg vurderar å kanskje studere 3D design og animasjon, men sidan eg har lite med humor og fantasi veit eg ikkje heilt om det blir det rette studiet. Teknisk design er kanskje bedre å satse på for meg, men animasjon hadde vore artig å lært seg da og ein får eg også ei breiare fagleg dybde ved å gå det:)

Film, jordbær og sprite:)

2. mai, 2010

I kveld kosa eg meg med film, jordbær og sprite:)

Det er faktisk veldig godt med sprite til jordbær.

Filmen eg såg heiter The Back Up Plan. Det er ei komedie som utforskar dating, kjærleik og familekonseptet i omvendt rekkefølje. Zoe (Jennifer Lopez) har fortsatt ikkje funne den rette og fast bestemt på å bli mor får ho time hos legen. Same dag møter ho Stan, ein mann med godt potensial!

Les meir om filmen her.

Grove rundstykker

2. mai, 2010

Grove rundstykker

I kveld laga eg grove rundstykker. Dei vart litt bolleaktige syns eg, som grove bollar. Vidar kalla det bolla og det var bra for han vil helst ha bollar.

Oppskrifta fann eg på Klikk.no. Eg har lenge tenkt på å lage grove rundstykker, men den oppskrifta eg har brukt tidlegare er ikkje spesiell god syns eg. Det hadde vore kjekt å laga nokre gode grove rundstykker ala det ein får kjøpt på kafè, men har ikkje funne oppskrift på det enda.

Eg søkte på Internett etter grove rundstykker, men vart litt overraska over at der var so få.

Her er oppskrifta eg brukte:

Ingredienser:

  • 1 l melk (gjerne sur eller skummet)
  • 9 ss olje
  • 50 g gjær
  • 2 ts salt
  • 3 ss sukker
  • 1 dl solsikkekjerner (kan sløyfes)
  • 200 g havregryn
  • 300 g sammalt hvete grov/fin
  • 800 g hvetemel
  • egg eller melk til pensling
  • sesam- eller valmuefrø eller solsikkekjerner til dryss

1. Varm melk og olje til det er lunkent og rør ut gjæra. Rør inn resten av ingrediensane til ei blank og smidig deig. Dekk til med plast og la deigen heve på eit lunt sted i ca 1 time.
2. Elt deiga og del i ca 30 emner. Form til runde bollar og legg på eit bakepapirkledt steikebrett. Dekk til og la rundstykkene etterheve i ca. 30 min. Varm ovnen til 225°C.
3. Pensle med egg eller melk og dryss med frø. Steik på midterste rille i varm ovn, 225°C i ca. 15 min. Avkjøl på rist.

Eg laga 24 rundstykker sidan eg likar dei litt større. Deiga vart litt for klissete so eg hadde i litt ekstra havregryn og hvete. I tillegg hadde eg ikkje solsikkekjerner. Eg trur solsikkekjernane hadde gjort rundtstykka ekstra gode :)

Film og lasagne:)

21. mars, 2010

I kveld kosa eg og Vidar oss med lasagne og filmen Shutter Island. Vi åt opp heile lasagneforma, som regel brukar vi å ha igjen restar. Det var so godt og begge var veldig svolte. Filmen var passe bra, men vi forsto ikkje slutten.

Shutter Island

Foto: filmguiden.no

Les om filmen her!

Pannekake

19. mars, 2010

I dag laga eg pannekake til middag. Vidar jobba ikkje seinvakt so dermed vart det pannekake. Det tek litt tid å lage til pannekake, ca. 1 – 1 1/2 time når eg lagar av 1 l melk. Røra må stå i min 15 minutt. Deretter tar steikinga mellom 45 minutt til 1 time.  Av 1 l melk får ein ca. 10-12 pannekaker. Det er nok til eit godt middagsmåltid for meg og Vidar + ein god kveldsmat eller lunsj til ein av oss.

Vi brukar bacon i bitar + sukker eller jordbærsyltetøy som tilbehør på pannekaka. Eit anna alternativ til tilbehør er blåbærsyltetøy. Det er også godt!:)

Har dessverre ikkje noko bilde av pannekakane.

Oppskrifta:

4 egg

1 l melk

1 ts salt

5 dl mjøl

Pisk egga. Hell i halvparten av melka og rør om. Ha saltet oppi og rør om.  Ha i mjølet og rør godt.  Hell i resten av melka og rør godt.  La pannekakerøra stå i min. 15 minutt.

Sett på steikeplata på litt over medium varme (vår står på 6 av 9) og ha på litt smør.  La steikepanna bli varm før du startar å steike pannekakane. Hell ei ause med røra i steikepanna og la den steike til røra har stivna. Sjå etter om pannekaka har vorte lysebrun på undersida. Då kan den snuast. Bruk ei steikespade til å snu pannekaka. La pannekaka bli lysebrun på den andre sida også. Når den er ferdig brett pannekaka i to og deretter ein gong til. Legg den oppi ei boks/form med lokk som helde på varmen. Ha på litt smør og steik deretter neste pannekake. Slik er det berre å fortsette til all røra er brukt.

Steik deretter flesket om du vil ha det som tilbehør. Ha litt olje og smør i steikepanna på starten. Steik på litt over middels temperatur heilt i starten og skru deretter ned temperaturen på under middels. La fleske steike til det har fått ein litt fin farge på seg, rundt 8 minutt.

Då eg var lita brukte mor mi å lage pannekakeslått. Eg huskar eg likte dette veldig godt, men vi hadde det ganske sjelden. Det består av pannekake og heimelage pizzafyll lagt lagvis oppå kvarandre med eit lag ost på toppen:) Dette blei satt inn i ovnen til osten smelta. Eit vanlegare alternativ til dette er å legge pizzafyllet på langs i midten av pannekaka, rulle den saman og ha litt ost på toppen.

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy