Kategoriarkiv: Kvardagen

Jonsokfeiring

Jonsokbålet

I dag for eg og Holly på jonsokfeiring i Eliasgarden. Vi rakk ikkje å kome til prgrammet som begynte  17.30 sidan eg kom heim kl. 17, men vi kom til grillinga. Foreldra mine vart også med. Det er tradisjon for oss å feire jonsok i Eliasgarden. Folk blir oppfordra til å kle seg ut. Barna i området opptrer med forskjellege programinnslag i Eliasløa og det blir ete god mat. «Brudeparet» blir vigd og deretter kjem bålbrenning etterfylgt at grilling.  I år var de talt heile 80 personar som tok turen for å sjå på programinnslaga til barna:)  Eg begynte å grille kl. 19.30 og for heim kl. 21.15. Veret var fint, men det vart litt kaldt etterkvart sidan sola ikkje nådde fram dit vi sat.

Holly

Holly

Jonsokgrilling

Jonsokgrilling

Mamma har bursdag!:)

Bursdagskort til mamma

I dag har mamma bursdag. Ho blei 52 år. Eg og Vidar for til foreldra mine på middag og kaffebesøk. Det var kjekt:) Foreldra til Vidar var også der og ei venninne av mor mi kom også etterkvart.

Eg laga bursdagkort til mamma. Som alltids blir kortet ofte kjedeleg inni og dinne gongen vart inget unntak, men eg orka dessverre ikkje å kome på noko no sidan synet er fortsatt ganske uklart etter laseroperasjonen.

25-årsdagen min!

I dag feira eg bursdagen min!

Far min, Martin (lisjebroren has Vidar) og foreldra has kom på kaffe og kake. Faren til Vidar hadde laga kake:)

Kaffebesøk
Vidar, Linda, Bjørn og Ottar Arne

På kvelden hadde eg bursdagsfors. Til mat serverte eg grandis og pølse m/brød utover kvelden:)

Vidar og Bernt
Vidar og Bernt
Elisbet og Jon Arne:)
Elisbet og Jon Arne:)
Vidar og Holly
Vidar og Holly
Tom Andre og Rose
Tom Andre og Rose
Sara og eg:)
Sara og eg:)

Vi for ut på Skibet etter eit veldig kjekt fors:)

Etter Skibet for vi bort på Napoli og åt rollekebab. Eg kjøpte også ein pommfri også sidan eg syns rollekebab manglar ein eller anna smak. Dinne gongen var rollekebaben veldig god, men eg vart litt betenksom når eg såg på kjøttet. Kjøttet var ikkje brunfarga, det var lyst. Kanskje brukar dei svin eller kyllingkjøtt? Tidlegare har dei hatt brunt kjøtt. Det positive var vel at maten vart sunnare med lyst kjøtt:)

Eg hadde ein super dag!:)

Scalareegg i akvariet?

Ja, då ser det ut som det har komt scalareegg på eine hjørne i akvariet vårt:) Haha, eg syns det er litt komisk. Først trudde eg at det var små pestsnigla, men det såg liksom ikkje heilt ut som babysnigla. Eg tenkte eg skulle ta vekk «sniglane», men konsistensen var ikkje akkurat snigleaktig heller. Eg såg at scalaren var mykje bort i hjørnet og eg søkte på Akvaforum for å sjå korleis scalareegg ser ut. Joda, dei likna veldig! Det er da litt spennande. Alltid kjekt med nytt liv i akvariumet. Eg såg at finnane til scalara er ganske so ruskete, so det er sikkert fordi ho har passa på litt ekstra mot den eine store fisken som jaga ho eller omvendt.

Vi får sjå om vi kan få avla opp litt av yngelen, men vil tru at ein del vil havne i filteret eller bli spist opp? Det er heller ikkje plass til meir fisk i akvariumet vårt som er eit 63-liters (i forhold til kva fisken burde ha), so då blir det enten å gi dei til ein kompis av Vidar som har scalare-akvarium eller å kjøpe eit større akvarium? Hmm. Tenke..
OPPDATERING: Scalareegga vart spist opp om natta…

Cliviablomst

Clivia-blomst
Då har er kjøpt ein ny blomster:) På den gamle har blanda begynt å henge.

Eg syns det blir so tomt utan blomster i vinduskarmen. Blir litt glad også av å sjå på ein fin blomst:)

Har aldri sett dinne typen blomster før. Syns den var veldig fin:)

Det er kjekt å variere litt blomstersortar også, fint med variasjon i farge.

Cliviablomst

Scalarefisken i akvariet

Scalarefisken vår

Vi fekk for ca. ein mnd sida ein scalarefisk i akvariumet vårt:) Eg har hatt lyst på ein slik lenge, men sidan den fisken skal helst vere i mykje større akvarium har eg venta med det ønske. Folk har litt forskjellege meiningar om kor stor plass fisk treng. Eg meinar dei skal få det minimume, men denne gongen vart det ikkje slik sidan den vi fekk vart jaga i det forrige akvariumet og akvariumet vårt skulle bli ein midlertidig heim tenkte eg. Vi har hatt plana om å kjøpe eit større akvarium, men det kostar vel rundt 4000-5000 kr for eit 240 ltrs. Dermed har eg ikkje ville ha invistert i eit nytt enda.