Kategori: Kvardagen

Lite blogging

6. januar, 2011

Sidan eg er studerar over nett har det vore lite blogging. Eg har også lagt interiør/hus-inspirasjonssamlinga mi på vent til vi veit litt meir om når vi får bygge hus. Vi ventar på å få svar om vi får kjøpe ei tomt og håper den ikkje kostar for mykje.

Jula og nyttår 2010

31. desember, 2010

Juleferien starta den 20. desember etter ei intens periode for å klare å levere den første obligatoriske øvinga mi som var realistisk 3d-visualisering. Eg sleit litt med lyssettinga. Det var deilig å få ei pause frå render og lyssetting i jula. Eigentleg hadde det vore kjekt å sette seg meir inn i 3d design i jula, men jula vart fullpakka som den var. Det vart ikkje tid til å jobbe med Indesign-oppgåvane heller.

Eg og Vidar var på julegåveshopping, slektsbesøk, familiebesøk, vennebesøk og på nyttårsfeiring. I tillegg var eg på bursdagsfors og konfirmasjonsreunion. Alle dagane i jula vart fylt opp med noko å gjere. Det var veldig kjekt, men litt slitsomt. Til vanleg er eg vant med å vere heime mesteparten av tida, so det var eit stort sprang, hehe.

Solveig kom heim til jul for nokre dagar (23.-25.-des). Det var veldig kjekt:)

I år feira eg og Vidar jul hos både foreldra mine og has sine. Eg for til foreldra has etter grauteting og tv-titting hos mor og far. Etter gåveoppakkinga hos foreldra has for vi til mine foreldre. Der hadde dei akkurat begynt gåveoppakking, so det var bra tima:), eg trudde deIvar ferdige.

Konfirmasjonsreunionet gjekk bra.Vi var rundt 40 personar. Det starta med ein velkomstdrink, deretter var det mat og eit innslag med leik og bildeframvisning. Etterpå vart det mingling i rommet. Etterkvart satte nokre av folka seg at med andre dei ikkje hadde hatt spesiell kontakt med tidlegare og det syns eg var veldig bra, men det vart for det meste til at folk som var vennar frå ungdomsskulen satte seg at med dei dei hang at med på den tida. Uansett so vart det ein kjekk kveld og det trur eg dei fleste som var der synst. Når hotellrestauranten stengte vart det vidare ned i puben for dei som ville fortsette nokre tima til. Det var ein god del som tok turen dit. Etterkvart fekk vi litt liv på dansegulvet også:) Sidan der ikkje var nokon Dj vart musikken sann både og, men kjekt var det uansett.

Nyttårsafta feira eg at med Vidar, Tore og Sara (eit vennepar). Det var ein hyggeleg kveld med godt selskap, drikke og nachos:)

På visning

8. oktober, 2010

I dag var eg og Vidar på visning av ein tomannsbolig. Den såg bra ut. Der var 2 soverom + eit lite kontor/bod/soverom på loftet, men der var mulegheit for eit soverom nede ved å dele stova i to. Boligen hadde litt lite oppbevaringsplass til redskap, men dersom vi lagar til garasje får vi meir plass til oppbevaring. Eg likar ikkje so godt dissa trappane med skråna trappetrinn, men det virkar som alle tomannsboligane her har det.

Vi vart med på budrunda, men prisen vart over 2,2 mill, so vi måtte berre gi oss. Markedstaksten var på 2,1 so vi syns ikkje vi kunne gå so mykje over sidan det var ein del som måtte ordnast på eigendomen og innvendig.

Elisabet

6. juli, 2010

Det var kjekt at Elisabet kom heim til Hareid før ho reiste heim igjen. Eg og Holly gjekk oss ein tur på besøk. Elisabet og typen Ann-Bjørn serverte is og kaffe :) Det var fint ver ute so vi kosa oss ute på plattingen.

Det blir forhåpentlegvis ein tur på besøk hos Elisabet og Ann-Bjørn i starten av august. Planen er å stikke innom på veien til Trondheim for å besøke folk der! Det blir kjekt :)

Innhaldsrik helg

28. juni, 2010

Fredag på dagtid var eg i begravelsen til bestefar. Det var ein fin begravelse, med masse slekt og hyggelege minneord.

På kvelden for eg på kaffibaren at med Sara og nokre av veninnane hennar. Det var kjekt:) Vi kosa oss og snakka om bryllaupet til Sara, jobb, studie, folk og generelt om framtida. Eg bestilte meg ein veldig god kylling og baconsalat m/ brød til. Det heile vart enda bedre med ei pærecider til. Mmm.

Laurdag, på dagtid, for eg og Solveig ein tur til vik for å shoppe. Eg fekk endeleg kjøpt meg nokre finsko som kan brukast litt til vanleg også. Skoa kosta no kr. 299 istaden for kr. 499, so eg er glad eg valgte å ikkje kjøpe dei sist eg prøvde dei:)

Svarte sko

Laurdagskvelden var vi på bursdagfest hos Terje, broren til Vidar. Det var for det meste ein kjekk fest. Eg sat å prata med Solveig første delen av kvelden. Eg fekk sann lyst til å danse, men ingen ville det utanom ei. Vi tok oss ein swing på gulvet, men sidan ingen kunne å føre vart det med den eine dansen, hehe. Eg ville gjerne høyre på RnB, men det vart visst ikkje godt mottatt. Seinare på kvelden oppsto det ein situasjon som førte til at eg og Vidar hadde ein utriveleg diskusjon. Den har vi hatt eit par gongar, men vi kjem ingen vei og det blir dermed berre liggande i “dvale” til seinare. Vi er ganske so ulike av oss på monge punkt og dermed er det ikkje so lett.

Søndag kveld bestilte vi oss cheeseburgermeny og såg Heros:)

Jonsokfeiring

23. juni, 2010

Jonsokbålet

I dag for eg og Holly på jonsokfeiring i Eliasgarden. Vi rakk ikkje å kome til prgrammet som begynte  17.30 sidan eg kom heim kl. 17, men vi kom til grillinga. Foreldra mine vart også med. Det er tradisjon for oss å feire jonsok i Eliasgarden. Folk blir oppfordra til å kle seg ut. Barna i området opptrer med forskjellege programinnslag i Eliasløa og det blir ete god mat. “Brudeparet” blir vigd og deretter kjem bålbrenning etterfylgt at grilling.  I år var de talt heile 80 personar som tok turen for å sjå på programinnslaga til barna:)  Eg begynte å grille kl. 19.30 og for heim kl. 21.15. Veret var fint, men det vart litt kaldt etterkvart sidan sola ikkje nådde fram dit vi sat.

Holly

Holly

Jonsokgrilling

Jonsokgrilling

Fine blomsterplante

18. juni, 2010

Eg og Vidar fekk ei fine blomsterplante av foreldra has Vidar som kondolering for bestefaren min.

Blomsterplante

Blomsterplante

Mamma har bursdag!:)

14. juni, 2010

Bursdagskort til mamma

I dag har mamma bursdag. Ho blei 52 år. Eg og Vidar for til foreldra mine på middag og kaffebesøk. Det var kjekt:) Foreldra til Vidar var også der og ei venninne av mor mi kom også etterkvart.

Eg laga bursdagkort til mamma. Som alltids blir kortet ofte kjedeleg inni og dinne gongen vart inget unntak, men eg orka dessverre ikkje å kome på noko no sidan synet er fortsatt ganske uklart etter laseroperasjonen.

Lukta av sommar:)

28. mai, 2010

På vei ned til praksisplassen min kjente eg ein sommarfølelse :) Det var lukta av nyklipt plen og sola som skein.

25-årsdagen min!

24. april, 2010

I dag feira eg bursdagen min!

Far min, Martin (lisjebroren has Vidar) og foreldra has kom på kaffe og kake. Faren til Vidar hadde laga kake:)

Kaffebesøk

Vidar, Linda, Bjørn og Ottar Arne

På kvelden hadde eg bursdagsfors. Til mat serverte eg grandis og pølse m/brød utover kvelden:)

Vidar og Bernt

Vidar og Bernt

Elisbet og Jon Arne:)

Elisbet og Jon Arne:)

Vidar og Holly

Vidar og Holly

Tom Andre og Rose

Tom Andre og Rose

Sara og eg:)

Sara og eg:)

Vi for ut på Skibet etter eit veldig kjekt fors:)

Etter Skibet for vi bort på Napoli og åt rollekebab. Eg kjøpte også ein pommfri også sidan eg syns rollekebab manglar ein eller anna smak. Dinne gongen var rollekebaben veldig god, men eg vart litt betenksom når eg såg på kjøttet. Kjøttet var ikkje brunfarga, det var lyst. Kanskje brukar dei svin eller kyllingkjøtt? Tidlegare har dei hatt brunt kjøtt. Det positive var vel at maten vart sunnare med lyst kjøtt:)

Eg hadde ein super dag!:)

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy