Kategoriarkiv: Bursdag

30 år

Då har eg og tvillingsysta mi fyllt 30 år (den 24.april). Vi er ikkje lengre i 20-åra no.
Det blir spennande å sjå kva 30-åra bringe.

30-års feiringa vart saman med familia. Først var det biffmiddag at med foreldra mine fredagen, make your own pizza på laurdagen at med broren til Vidar og dama, og kaffeselskap på søndag. Kjekt var det.

Eg fekk mykje flott til bursdagen min 🙂 Vidar kjøpte rosebukett, eg fekk utekrukke m/plante av foreldra mine, roser av besta og fin blomsterbukett (og klokke) av kollegane mine. Elles fekk eg Kahler-lyshus og ArchitectMade-fuglar.

 

Innhaldsrik helg

Fredag på dagtid var eg i begravelsen til bestefar. Det var ein fin begravelse, med masse slekt og hyggelege minneord.

På kvelden for eg på kaffibaren at med Sara og nokre av veninnane hennar. Det var kjekt:) Vi kosa oss og snakka om bryllaupet til Sara, jobb, studie, folk og generelt om framtida. Eg bestilte meg ein veldig god kylling og baconsalat m/ brød til. Det heile vart enda bedre med ei pærecider til. Mmm.

Laurdag, på dagtid, for eg og Solveig ein tur til vik for å shoppe. Eg fekk endeleg kjøpt meg nokre finsko som kan brukast litt til vanleg også. Skoa kosta no kr. 299 istaden for kr. 499, so eg er glad eg valgte å ikkje kjøpe dei sist eg prøvde dei:)

Svarte sko

Laurdagskvelden var vi på bursdagfest hos Terje, broren til Vidar. Det var for det meste ein kjekk fest. Eg sat å prata med Solveig første delen av kvelden. Eg fekk sann lyst til å danse, men ingen ville det utanom ei. Vi tok oss ein swing på gulvet, men sidan ingen kunne å føre vart det med den eine dansen, hehe. Eg ville gjerne høyre på RnB, men det vart visst ikkje godt mottatt. Seinare på kvelden oppsto det ein situasjon som førte til at eg og Vidar hadde ein utriveleg diskusjon. Den har vi hatt eit par gongar, men vi kjem ingen vei og det blir dermed berre liggande i «dvale» til seinare. Vi er ganske so ulike av oss på monge punkt og dermed er det ikkje so lett.

Søndag kveld bestilte vi oss cheeseburgermeny og såg Heros:)

Mamma har bursdag!:)

Bursdagskort til mamma

I dag har mamma bursdag. Ho blei 52 år. Eg og Vidar for til foreldra mine på middag og kaffebesøk. Det var kjekt:) Foreldra til Vidar var også der og ei venninne av mor mi kom også etterkvart.

Eg laga bursdagkort til mamma. Som alltids blir kortet ofte kjedeleg inni og dinne gongen vart inget unntak, men eg orka dessverre ikkje å kome på noko no sidan synet er fortsatt ganske uklart etter laseroperasjonen.

25-årsdagen min!

I dag feira eg bursdagen min!

Far min, Martin (lisjebroren has Vidar) og foreldra has kom på kaffe og kake. Faren til Vidar hadde laga kake:)

Kaffebesøk
Vidar, Linda, Bjørn og Ottar Arne

På kvelden hadde eg bursdagsfors. Til mat serverte eg grandis og pølse m/brød utover kvelden:)

Vidar og Bernt
Vidar og Bernt
Elisbet og Jon Arne:)
Elisbet og Jon Arne:)
Vidar og Holly
Vidar og Holly
Tom Andre og Rose
Tom Andre og Rose
Sara og eg:)
Sara og eg:)

Vi for ut på Skibet etter eit veldig kjekt fors:)

Etter Skibet for vi bort på Napoli og åt rollekebab. Eg kjøpte også ein pommfri også sidan eg syns rollekebab manglar ein eller anna smak. Dinne gongen var rollekebaben veldig god, men eg vart litt betenksom når eg såg på kjøttet. Kjøttet var ikkje brunfarga, det var lyst. Kanskje brukar dei svin eller kyllingkjøtt? Tidlegare har dei hatt brunt kjøtt. Det positive var vel at maten vart sunnare med lyst kjøtt:)

Eg hadde ein super dag!:)