Kategori: Kvardagen

Bursdagsfeiring

24. april, 2011

Eg og Solveig feira 26-årsdagen vår i går. Det var veldig kjekt:) Inviterte venna på fors og for ut på byen etterpå. Solveig styra på å serverte Rema1000-pizza ut på kvelden og godt var det:) Ut på byen vart det so klart litt dansing:)

I dag var vi hos foreldra våre på middag og kaffe. Kjekt:)

Småsjuk

2. april, 2011

Då vart eg visst forkjøla og slapp, so jobba heimaifrå torsdag og fredag. Det gjekk ganske greit og eg fekk kvile meg når eg hadde behov for det. Det var dumt at eg vart i dårleg form no, men reknar med at då er eg frisk resten av året:)

Morsdag og Valentines Day

14. februar, 2011

I går var vi hos foreldra has Vidar. Vi vart invitert på middag og kaffe:)

I dag var vi hos foreldra mine sidan mor mi kom seint heim i går. Vi vart invitert på middag og vart overraska med ein god dessert:)

Valentines Day feira vi ikkje i år, men vi kosa oss med ein god middag hos foreldra mine. Planen min var å lage brownies i kveld, men sidan vi fekk dessert hos foreldra mine vart det litt for mykje søtsake om vi skulle ha proppa i oss brownies også.

Nytt akvarium

11. februar, 2011

Då har vi fått oss nytt akvarium. Det er eit 160 eller 180 liters akvarium med kvit ramme.

Vidar har vore so flink å male kommoda kvit, opprinnleg var den grå. Det vart mykje finare:) No gjenstår det å male skapdørane til kommoda kvite og fylle akvariumet slik vi får ført over ancistrusyngelen frå det andre akvariumet. Blir spennande å korleis det blir!:)

Vi skal også ha nokre skalare oppi nyeakvariet, har berre ei i gamleakvariumet.  Eg syns det er so fint med fiskar med litt størrelse på, for då ser ein dei bedre. Kardinaltetraen (6 stk) skal få bli i det gamle akvariumet saman med 6 nye kardinaltetra slik dei kan stime og med dei vokse ancistrusane som kanskje begynne å yngle igjen når dei får sleppe alle ancistrusynglane.  Eg har litt lyst å putte kardinalteraen i nyeakvariumet også, slik eg kan kjøpe nokre dvergkule. Dvergkulane er derimot nesten umuleg å sjå frå sofaen vår, so det blir ingen vits å ha i grunnen + dei er litt meir krevane i matveien.

Feiring med middag

6. februar, 2011

I dag for eg, Vidar m/foreldre på Brasseriet hass Ivar for å feire at eg har fått meg jobb:)

Det var kjekt og maten var ganske god. Meny-opplegget var ganske likt tapas, men det var med fisk og kjøttbitar m/tilbehør. Det var litt vanskeleg å vete kor monge bitar kvar trengte, so vi ba servitøren om at dei skulle lage til mat til 6 personar. Vi syns kanskje det var litt lite det som vart servert, ikkje ein porsjon ein et seg godt mett på. På førehand hadde vi fått beskjed om vi berre kunne bestille meir om vi ville det. Det vart ikkje nødvendig syns vi sidan vi skulle ha dessert.

Til dessert åt eg Crème Brûlèe. Den var veldig god. Eg har aldri smakt det før, so no måtte eg gripe sjansen.

Overraskelse-babyshower

4. februar, 2011

I kveld hadde vi overraskelse-babyshower for Ragnhild:) Det var veldig kjekt.

Vi vart sju personar, tre av dei som skulle kome vart dessverre sjuke. Vi hadde det hyggeleg og Raghild vart glad for overraskelsen.

Vi kosa oss med taco og gode kake. Ragnhild og babyen fekk seg mykje fine gåve:

Babyshower gåver

Eg laga sansepute til babyen. Planen var å gi ei sansepute med forma til ein elefant, men sidan eg aldri har sydd ei slik før vart saumen litt stram nokre plassar. Eg hadde dårleg tid på meg, so den vart ikkje slik eg ville ha den. Dermed vart det å sy ei vanleg firkanta sansepute i ei fart. Stress vart det. Det som var mest stress var vel at eg ikkje fekk vere nøyen på sømmen eg skulle sy for hand. Eg vil at ting skal sjå bra ut, no måtte eg berre kjappe meg. Det vart bra uansett da:)

Kvil i fred Linda Beate

4. februar, 2011

Linda Beate 28 år gamal, ei eg gjekk i klasse med på VK2, døde i dag av magekreft. Ho fekk kreft for eit år sidan. Dette vart utruleg trist. Familia hinna og mange venner gjekk saman i bøn for Linda. Det er godt å sjå at ho har so monge som bryr seg om ho, ho kjem til å bli dypt savna av monge.

Det at nokon dør so ung minner ein på at ein bør sette pris på den tida ein har og bruke den godt.

Tomtekjøp på vent

20. januar, 2011

Då har vi fått vete at vi ikkje får kjøpt tomta vi ville, vertfall ikkje med det første. Dette sidan der er ei tomt som først skal seljast av seljaren før vi fekk kjøpe tomt, og det tomtesalet er forsinka. Dette var utruleg kjipt syns vi. No er då spørsmålet om vi skal kjøpe eit hus og sette husbygginga på vent.

Venn på Facebook?

19. januar, 2011

Må sei eg likte denne litt.

No når foreldregenerasjonen også er på Facebook kan ein vere usikker på om ein vil legge dei til som venn eller ikkje. Her er då eit flytskjema som kan vere til hjelp:

face

Livestreaming – oppdatering

16. januar, 2011

Då har far min fått hjelp av ein som har ordna at streaming starta automatisk når ein trykkar på ikonet på pcen i kyrkja og mottakarprogrammet på pcen på sjukeheimen startar opp i fullskjerm. So no er igrunnen alt klart. Det einaste er det med at pcen skal slåast av etter streaming eller om den skal stå i dvale. Eg syns det hadde vore kjekt å fått prøvd å finne løysinga på dette sjølv, men når eg studerar og det ikkje skal gå for lenge før løysinga er på plass passa det ikkje.

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy