Kategoriarkiv: Jobb/Kurs/Studie

Valgte nokre andre dinne gongen

Eg fekk dessverre ikkje jobben eg var på intervju angåande. Det var ein med meir erfaring som fekk den.

Eg begynde å bli litt lei av svaret: Det var valgt nokre andre dinne gonge. Personen som vart ansatt hadde meir erfaring innan dinne typen arbeid.

Motivasjonen for å søke på stillingar er ikkje spesielt bra lengre, men eg prøvar å tenke positivt og fortsette å søke.
Det e litt vanskeleg å ha trua på at eg kjem til å få meg ein jobb innan utdanningsområdet mitt og andre område eg interesserar meg for sidan det alltid er folk som har meir jobberfaring enn meg og dei får alltid jobben.

Den einaste fordelen eg har er at eg kan starte i jobben med ein gong og har høgare utdanning, men der er visst alltid nokon andre som også kan det som har meir erfaring……

Eg har no søkt på jobbar i 1 1/2 år og ikkje fått tilbod om nokon fast jobb, men har hatt to små IT-engasjement (3 mnd tilsaman) + sommarvikar på ein kiosk i 2 mnd (80% stilling) og tilkallingsvikar i 4 mnd (vart ca. 50% stilling). Det vil sei at eg har hatt jobb i 9 mnd og vore arbeidsledig i 9 mnd. Det er ganske frustrerande! Eg vil jobbe, men får ikkje nokon jobb.

Vore med far min på jobb i dag

I dag var eg med far min på jobb. Han trengte litt hjelp til bering, borring og spikre fast kabel i nokre brakke!

Det vart litt kaldt på beina etterkvart, men det gjekk greit. Far min rekna med vi kom til å bruke heile dagen på arbeidet. Køyringa tok ca. 1 1/2 – 2 timar kvar vei, so vi reiste kl. 08.30 og var tilbake 17.30. Vi vart ikkje ferdige med alt sidan det måtte gravast hål i veien for eit rør som skulle leggast under veien og det hadde vi ikkje utstyr til og det var ein som skulle snakke med han ang. gravinga som ikkje kom før på mandag. Dermed vart dagen litt kortare:) Planen var å vere tilbake rundt kl. 20. Vi var innom Ørsta på vei heim. Der såg far min på sauna! Hoho, mamma og pappa skal kjøpe seg sauna:) Kanskje det blir å fare på besøk dit litt oftare (dei bor berre 4 minutt herfrå med bil).

Jobbintervju

I dag var eg på jobbintervju! Det gjaldt ei engasjementstilling innan helpdesk (support) frå feb-juni. Intervjuet varte i 1 t 20 min, men det var berre kjekt:) Snakka om litt forskjelleg og stemninga var god og munter:) No er det berre å vente i spenning og håpe på positivt svar:) Får svar i slutten av neste veke….

Outfit 30.01.10

Etter jobbintervjuet møtte eg tilfeldigvis faren min, so vi åt ein god lunsj på Valaker Bakeri. Moccakaffien var god:)