Kategoriarkiv: Jobb/Kurs/Studie

Datakurs for seniorar – dag 2

I dag var andre kursdagen. Temaet i dag var e-post og billettbestilling. Eg syns det gjekk ganske bra, men det vart litt for lita tid til å gå gjennom alt. Alle er veldig lærevillige og er flinke til å spør. Vi rakk å bli ferdig med e-post og billettbestilling på sjoborg.no. Det eg ikkje rakk i dag var å snakke om billettbestilling på nsb.no og sas.no, so det får eg ta neste gong….

Live videostreaming

Eg hjelpe faren min med eit prosjekt innan live videostreaming frå ei kyrkje og opp til sjukeheimen. Det er eit ganske spennande prosjekt sidan eg har lurt litt på korleis ein får til live streaming. Eg har for det meste hatt oppgåva med å finne ut av kva programvare og kamera vi skal bruke og få det til å fungere korrekt. Det har eg gjort, so det var kjekt 🙂 Dermed kjem steget å få testa det ut med oppstart av pc/program og å vise streamingen.

Datakurs for seniorar

Eg skal halde eit datakurs for seniorar over 4 torsdagar i regi av Frivilligsentralen. Eg skal fortelle om kva Internett er og kva det kan brukast til, korleis bruke epost og bestille billettar og korleis handtere digitale bilder frå kamera på ein pc. Deltakaren får også prøve det eg fortel om etterkvart.

Dag 1: Første dagen gjekk passe bra. Eg har ikkje haldt kurs før so eg var litt nervøs for korleis det kom til å gå. Om eg snakka for fort eller ikkje visste bra nok fram presentasjonen. Eg  trur nok det var litt vanskeleg for deltakarane å få med seg det eg sa på presentasjon sidan det er for dei fleste ganske nytt. Men etter eg hadde fortalt litt generelt om Internett, nettlesar og oppbygginga av ei nettside fekk dei prøve seg litt fram. Dei var flinke å spør etter hjelp og eg håper dei vil huske ein del av det vertfall.

Ein del av pc-ane slo seg av 20 minutt før kurset var ferdig, so eg fekk ikkje vist det siste av forelesninga og prøvd det ut, so det får vi gå kort gjennom neste gong.

Jobbintervju

I dag var eg på jobbintervju angåande ei stilling ved ei IT/markedsavdeling. Stillinga er ganske relevant i forhold til utdanninga mi og kva eg interesserar meg for, so eg håper at eg får den:) Nokre av arbeidsoppgåvane er arbeid eg ikkje har erfaring med, men det berre med litt opplæring vil det gå bra.

Der var 3 stk som intervjua meg og eg syns det gjekk sann passe bra. Nokre av spørsmåla var litt vanskeleg å svare på sidan eg ikkje hadde erfaring innan det dei spurte om og dermed måtte prøve å formulere svar mest muleg på den positive sida.

Eg får vete om eg kjem med på 2.gongsintervjuet innan 10 dagar. Det var 5 stk som innkalla på 1.gongsintervjuet og 2 stk trur eg som kjem på 2.gongsintervju. Etter det eg har erfart trur eg at nokon andre får jobben pga. meir erfaring, men eg får håpe at det dinne gongen går min vei sidan utdanninga mi er ganske relevant.

Oppdatering: Eg ringte for å høyre om eg kom vidare til 2.gongsintervju mandagen. Dessverre fekk eg ikkje det pga. dei ikkje hadde kapasistet til å lære opp nokon. Dei kunne gjerne ha tenkt seg å ansette nokon som er nyutdanna (med lite erfaring), men dei hadde alt for mykje å gjere til at dei syns det passa seg sidan stillinga gjekk på mykje sjølvstendig arbeid. Der var to som hadde mykje erfaring innan området so dermed vart det dei to som gjekk vidare til 2.gongsintervjuet.

Dette var veldig kjipt syns eg.

Vanskeleg å velge

Ja, no har eg begynt å tenke igjen på å ta ei grafisk design utdanning, men då må eg flytte, bo vekke i to år og bruke mykje pengar på den utdannelsen. Vidar syns det er dumt og han har heller ikkje lyst til å slutte i jobben han har no. Han vil evt. kome flyttande etter 6-8 mnd.

Einaste sjansen for at eg ikkje begynde på studiet er igrunnen at eg får meg jobb i eit av dei to designfirmaane her i området og den sjansen er liten sidan eg manglar ein del kompetanse. Livet hadde vorte mykje lettare om eg fekk meg ein jobb her, men slik eg ser det kan eg ikkje fortsette å vente på at ein jobb skal dukke opp. Det dumme er at det ikkje er sikkert at eg får meg jobb etter endt utdanning og då er eg tilbake der eg har vore lenge: utan jobbmulegheiter innan det eg likar å holde på med.

OPPDATERING: Då har eg etter mykje tenkning og prat med Vidar, Solveig og foreldra mine bestemt meg for å satse på nettstudie i 1 år, so får eg sjå kva det føre til. Det vart for monge ulempe med at eg flytta dette året. Om eg ikkje får jobb etter nettstudiet må eg kanskje gå enda eit nettstudie, men får sjå om eg klare 1 år i første omgang. Om eg ikkje klare eit år til kan eg vurdere grafisk design igjen, men eg trur ikkje det vil skje sidan eg då allereide har brukt eit år på noko som ikkje førte til noko. Eg er vertfall veldig spent på kva dette året vil føre med seg!

Vanskeleg

Livet er vanskeleg.

No har det gått to år sidan eg var ferdig utdanna og eg har fortsatt ikkje fått meg nokon fast jobb. Det begynde å ta på. Eg har vore i praksis i 2 1/2 mnd no og det har vore kjekt. Dessverre har dei ikkje økonomi til å gi meg sommarjobb eller ein vanleg jobb. Dermed er siste dagen min i praksis i morga dersom eg ikkje fortsette etter sommarferien. Det er litt trist det også.

Motivasjonen min angåande mulegheitane mine i arbeidslivet begynde å dale nedover og eg er oppgitt. Det er også andre ting i livet mitt som gjer at eg følar meg ganske so nedstemt.

Eg visste på førehand at eg lite sannsynleg kom til å få meg jobb der eg er i praksis, men eg hadde eit lite håp. Etter sommarferien kan eg fortsette i praksis her, men eg tenke på om det er nokon vits å fortsette å ha praksis når det neppe vil føre til at eg får ein fast jobb nokon stad. Her er veldig få jobbar innan web og sjansen er større om ein har kunnskap innan programmering. Eg vurderar å gå hardt inn for å lære meg eit relevant programmeringsspråk og satse på å få meir kunnskap innan web. Det negative er at her er så få firma som driv på med det her i nærområdet. Mulegheita er litt større om eg vil reise 1 time til og frå jobb.

Eg har i tankane å ta eit nettstudie innan 3d design, men sidan det tar eit år og kostar ein del er eg usikker. Det er ikkje sikkert eg blir flink i det heller, so å bruke mykje peng på noko som eg kanskje ikkje kjem til å jobbe med er eit vanskeleg val. Det hadde vore betre om eg gjekk på ein skule med eit godt studiemiljø rundt meg, for då kunne eg ha fått støtte og inspirasjon der ifrå. Om eg blir sittande heime for meg sjølv har eg ingen å støtte meg til eller dele mi interesse med.

Far min seiar eg kan begynde å jobbe for han om eg vil det. Det vil sei sal av markiser/persienner der eg fær heim til kunden og tar mål. Det er ikkje akkurat noko eg vil trivast med i lengda og då får eg heller ikkje brukt utdanninga mi til noko.

Jobbintervju og shopping

I dag var eg på jobbintervju angåande ei stilling som teknisk kundekonsulent. Eg har allereide vore på eit intervju hos eit bemanningsbyrå angåande stillinga for å finne ut om eg kunne vere aktuell.

Interjvuet gjekk ganske bra. Det er alltid vanskeleg å vete kor bra det gjekk og om ein blir valt sidan der er fleire aktuelle kandidatar.

Etter intervjuet for eg ein tur innom kjøpesenteret for å sjå om eg fann meg nokre sommarlege sko. Det gjor eg på Økonomi sko:)

Kvite sko

Småsjuk

Eg vart småforkjøla på mandag. Fekk sår hals og vart snufsete.

På tirsdag kveld kjente eg at forma ikkje var spesielt bra. Onsdag morgen valte eg å ikkje fare i praksis. Eg var frostig, stiv i muskelaturen og forkjøla. Det kjentes ut som forstadiumet til feber, men feberrmålaren viste berre 37,5. For meg er det meir enn vanleg da sidan det normalt ligg mellom 35,5 – 36,5 grader. Dagen brukte eg på å sove og sjå på tv. Då eg la meg målte temperaturen 35,5 grader.

Eg valte å bli heime i dag også. Det er best å kome i form igjen før eg fær i praksis. Det dumme er at eg skulle helst ha vore i praksis sidan eg det var ein del eg skulle ha fått gjort:/ Eg er fortsatt litt tung i hovudet og småsliten. Temperaturen min var 36,5 grader i dagtidleg. Då hadde eg dusja, var god og varm:)