Kategoriarkiv: Jobb/Kurs/Studie

Spennande tid framover!

Ny jobb i vente. Eg har sagt opp jobben min som Ad Operations Manager i Sunnmørsposten og skal starte interiørbutikken Rom for stil på Hareid!

Dette er spennande, mykje arbeid og val å ta framover – men det er også veldig gøy 🙂 Sjølvsagt skal Rom for stil ha nettbutikk, så det er berre å huske å besøke romforstil.no for inspirasjon og kjøp av det flottaste interiør når nettbutikken er oppe og går i løpet av juli 🙂

Interiørbutikken skal ha fokus på den moderne og enkle nordisk stilen. Stikkord for denne stilen er: Lyst og luftig, personlegheit. Lag på lag. Det stramme brytast med det tradisjonelle. Materialer som marmor, lyst treverk, lin, lær og ull.

Vi kjem blant anna til å ha spennande interiør og ting frå merkevarer som House Doctor, Nicolas Vahé, Bloomingville, HKliving og OYOY. Det kjem fleire kjente og leiande merkevarer etterkvart, vi er på utkikk etter merker med god kvalitet og design.

Bloomingville

Har blant anna kule plakater, kurver, vaser, lamper og mykje meir!

House Doctor

Har mykje spennande interiør!

Oppbevaringsbokser i mange flotte fargar! Supre til å legge smykker eller papirsaker i.

Foto: House Doctor

Stilig sengeteppe og oppbevaring på veggen.

Foto: House Doctor

Lekre tallerkener og tilbehør.

Foto: House Doctor

Nicolas Vahé

Mange spennande produkt! Gleder meg til å få disse i nettbutikken www.romforstil.no 🙂

Nicolasvahe_AW14_6_B

Første dag på jobb

Då har eg begynt! 🙂

Første dag helste eg og den andre nye medarbeidaren på monge av dei som jobba der og elles fekk vi ein god del generell informasjon om korleis ting blir gjort. Ein del av dagen gjekk med på å danse til Glow-songen at med ein god del av medarbeidarane. Det vart filma og skulle brukast som eit klipp i ein video i ei journalist-konferanse. Eg syns dei som var med var veldig sporty:) Artig..

Jobb:)

Då har eg fått meg jobb🙂

Eg begynde på mandag. Kjekt og spennande ditte!

Studiet går eg over til å ta på deltid istaden for fulltid. So får eg sjå korleis det går. Det betyr at eg har eit heilt år igjen på deltid. Når eg tenke på det syns eg det er litt kjedeleg at det er tek so long tid før eg blir ferdig med studiet, men det er da eit interessant studie da, so blir ein slags hobby på kveldstid. Eg skal joine August Deltid-gruppa og dei ligger ein månad med arbeid bak meg. Det er ganske greit for då slepp eg å tenke på studiet på ei stund.

Livestreaming – oppdatering

Då har far min fått hjelp av ein som har ordna at streaming starta automatisk når ein trykkar på ikonet på pcen i kyrkja og mottakarprogrammet på pcen på sjukeheimen startar opp i fullskjerm. So no er igrunnen alt klart. Det einaste er det med at pcen skal slåast av etter streaming eller om den skal stå i dvale. Eg syns det hadde vore kjekt å fått prøvd å finne løysinga på dette sjølv, men når eg studerar og det ikkje skal gå for lenge før løysinga er på plass passa det ikkje.

Webteknologi-kurs

I dag var eg på eit dagskurs innan webteknologi i Oslo. Tema for kurset var HTML5, CSS3, SEO, WordPress og Microsoft.

Eg syns dette kurset var veldig interessant og det var kjekt å få litt oppdatering på det som har med web å gjere.

Det var interessant å høyre om HTML5, at dei satsar på å ein standard der ein kan igrunnen skrive HTML slik ein vil, men det blir oppfordra til å skrive semantisk kode, ryddig og oversikteleg. Det blir kutta litt i nokre av måtane å skrive HTML og CSS  på slik at det blir lettare å huske og mindre å skrive.

Det som vart sagt om WordPress hadde eg kjennskap til frå før, sidan det var berre ein intruksjon til at det går ann å bruke WordPress til heimesider og nettbutikk (ikkje berre som ein blogg).

Det som vart sagt om SEO var lærerikt. Ein del av det som vart sagt hadde eg ikkje kjennskap til.

Microsoft-teknologien var igrunnen interssant å høyre om, men var ikkje so veldig relevant for min del for øyeblikket, men kanskje seinare:)