På utkikk etter lerretbilde
Lerretbildet over kan kjøpast her.
Eg visste samboaren min bildet over og spurte kva han syns om dinne typen bilder. Han syns det var stygt, hehe. Han har ikkje moderne sans i det heile og meinar det som er in no er ut i morga. Kompisen hans som var på besøk syns derimot bildet var litt kult han da:) hehe.
Bildet over fann eg på bloggen proforma.blogg.se, som skriv at det er frå boconsept.se. Fann dessverre ikkje lerretbildet på boconsept.no:/ Håper å finne det sidan eg kan godt tenke meg å kjøpe det
(om ikkje prisen er for høg).
Eg er på leit etter bilder eg kan ha på veggen på stova eller soverommet. Det skal vere moderne og enkelt. Fargane kan vere svart, kvitt, grått, blått, men også andre fargar er ok so lenge bildet er enkelt. Størrelsen på bildet er ikkje so viktig. Makspris er 1500 kr.
Kom gjerne med forslag til moderne og enkle lerretbilder
Du har kanskje eit stilig lerretbilde på veggen din?







