10. juli, 2010
Planen er å ha eit eller to walk-in closet i vår framtidige boligdrøm. Det andre blir då på gjesteromet som kombinert skap/bod.
Her kjem nokre bilder til inspirasjon. Størrelsen vi kan ha på skapet er ganske lite, men det skal gå trur eg. Om det ikkje skulle passe seg med walk-in closet blir det skyvedørsgarderobe med 4 speildører om vi har råd til det.

Foto: containerstore.com

Foto: containerstore.com
Vi skal då ha ein vegg til han og ein til henne + veggen forann på deling.
Eg syns det er litt urydding utan skapveggar, so skapveggar blir det.

Foto: iloverags.com
27. februar, 2010

Då har vi endeleg fått lys i taket på soverommet. Vi kunne ikkje henge ein lampeskjerm der sidan lampefestet er over garderobeskapet, men ledninga var festa vidare til over senga. Dermed kom eg med den smarte ideen å berre henge ei lyspære i ledningane. Vi har allereide den løsninga på boda og for tida er det faktisk IN med lyspære utan lampeskjerm:)
Eg er ikkje noko glad i brunfargen på ledninga, men får vel overleve. Tanken var å kanskje ha svart tape rundt den? Vi har ikkje planar om å bruke masse tid og pengar på å forbedre leiligheita interiørmessig, dermed tar vi i bruk veldig enkle løysingar og håper det blir sjåande passe greit ut:)
Det tok altso omtrent 10 mnd før vi fekk lys i taket.
Her er lampa på boda:

24. februar, 2010
På bloggen Delikatissen.com fann eg masse inspirasjon:) Der var masse bilder av stilig interiør og planløsningar i monge variantar..
8. februar, 2010

Eg vart ganske fornøgd med resultatet:)
Då har eg fått printa ut litt tekst og hatt inn i bilderamma. Ramma har berre låge her og samla støv. Planen var å ha nokre bilde inni, men først måtte eg ha nokre bilde eg vil ha inn i ramme og det har eg ikkje enda. Inntil vidare blir ramma ståande på skrivepulten på innergangen. Skrivepulten er ikkje i bruk so den treng litt pynt:)
Eg har sett monge bilderammer i blogger og på nettet den siste tida so då kom eg til at eg kunne bruke ramma til det:)
Tanken er å lage nokre lerretbilde med tekst på, men først må eg få tak i lerretramme og akrylmaling og det vil sikkert ta tid. Kor dei selge slikt her det veit eg ikkje, dermed må eg bestille over nettet.
5. februar, 2010

Dette er eit ganske so kjedeleg soverom. Eg har lyst å forandre det, men veit ikkje heilt kva som hadde hjelpt på? Og pengar til å forandre det har eg eigentleg ikkje, men kunne alltids brukt litt. Samboaren min vil berre ha ting heilt enkelt, so han syns sikkert å bruke penga på forandringar er berre tull.
Hadde veggane vore heilt kvite hadde det vore lettare å gjort småforbedringar. Då hadde det vore stilig med nokre lerretbilde på veggen og grafiske mønster her og der, men det blir liksom ikkje det same med den fargen som er på veggen no:/ Og male får eg ikkje lov til av samboaren min, det blir for mykje styr syns han, hehe.
Kom gjerne med tips om korleis eg kan gjere soverommet litt stiligare og triveligare:)
28. januar, 2010


Kva med å gjere det litt utenom det vanlege og male taket istaden for veggen?
Det er vel ei mulegheit for at eg hadde blitt lei fargen og den ikkje hadde passa med resten av fargevalget på interiøret etterkvart, men det var da litt stilig og gir farge i tilværelse:)
Bildane er henta frå ei artikkel hos skonahem.com
27. januar, 2010
Fann ei fin side med masse inspirasjonsbilder: skonahem.no
1.

Foto: skonahem.com (lesarbilde)
Lesaren skriv at ho likar svart og kvitt, sterke kontraster og vere personleg med gjerne med litt retroinspirerte mønster. Dette er heilt etter min smak:) Fann dessverre ikkje link til nokon blogg:/
2.

Like godt det lyse og dei enkle fargetonane her:) Det var da litt kult med handtrykk på lerrett:) Eg har lyst på sånne nattbord, men sidan vi kjøpte oss nattbord i mai, blir det ikkje med det første:/ Det er litt dumt sidan disse ville ha passa godt inn på soverommet vårt:)
Eg fortsette å drømme om kvite veggar, hehe. Kanskje eg må berre kjøpe noko nytt å innrede soverommet med: bilde, nye lampar og pynteputer (skal sy sjølv). Alt dette i fine sterke fargar? Hmm, kan bli bra d, kanskje…
27. januar, 2010

Foto: coulsonmacleod.com
Lerretbildet over kan kjøpast her.
Eg visste samboaren min bildet over og spurte kva han syns om dinne typen bilder. Han syns det var stygt, hehe. Han har ikkje moderne sans i det heile og meinar det som er in no er ut i morga. Kompisen hans som var på besøk syns derimot bildet var litt kult han da:) hehe.

Bildet over fann eg på bloggen proforma.blogg.se, som skriv at det er frå boconsept.se. Fann dessverre ikkje lerretbildet på boconsept.no:/ Håper å finne det sidan eg kan godt tenke meg å kjøpe det
(om ikkje prisen er for høg).
Eg er på leit etter bilder eg kan ha på veggen på stova eller soverommet. Det skal vere moderne og enkelt. Fargane kan vere svart, kvitt, grått, blått, men også andre fargar er ok so lenge bildet er enkelt. Størrelsen på bildet er ikkje so viktig. Makspris er 1500 kr.
Kom gjerne med forslag til moderne og enkle lerretbilder
Du har kanskje eit stilig lerretbilde på veggen din?
15. januar, 2010

Foto: klikk.no (Bjørg Hexeberg Staveli)
Treng du meir oppbevaringsplass på soverommet? Kva med å bruke eit skap som ramme under senga?
Kjøkkenskap og andre skap kan kjøpast billig hos Ikea.
Bilde er henta frå ein artikkel på klikk.no:)