8. mars, 2012
Vi skal ha mest spottar i taket, men vi skal ha ein eller to pendlar over kjøkkenøya og ein over spisebordet.

Foto: el-produkter.no
Det normale er vel å ha spottar i krom eller stål, men det kan vel vere litt stilig med kvite spottar også??

Foto: el-produkter.no
Kva med ein Norm 69 over spisebordet? Litt usikker på om det er den rette for oss, men den er stilig da..

Eller kanskje ein Louis Poulsen PH 4 / 3 Pendel (litt dyr kanskje)?

- Foto: Henta frå lyseideer.no
Silvia taklampe har eg sett litt på..

- Foto: Henta frå lampehuset.no
Elles er LF/Y taklampe i kvitt eit alternativ:

Foto: Henta frå room21.no
Lampe over kjøkkenøya:
Kanskje to stk HRS BALLON IL GRANDE Kvit hadde passa fint?

- Foto: Henta frå lampetorget.no
Eller kva med to stk Toldbod 120 eller 150?

Foto: Henta frå room21.no
6. mars, 2012
Vi har valgt å kjøpe Ikea sine ANTONIUS stativ inne i skyvedørsgarderobeskapet på gangen rett utanfor badet. Disse kan vi trille rett bort til vaskemaskina.

Vi har tenkt å ha 3 kurvstativ (en settast oppå den andre eller vi setter dei kvar sitt høyskap) :
Farget handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
Kvite handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
+ Pose til tvoger
Farget 40 (stor kurv)
Lyst 40 (liten kurv)
Rent tøy (liten kurv)
+Pose til sokkar
Farget 30 (liten kurv)
Lyst 30 (liten kurv)
Ullvask 30 (liten kurv)
Håndvask (liten kurv)
Eg skal sette på merkelapper slik vi veit kva som skal vere i kva kurv.
20. februar, 2012
Kva fliser skal vi velge? Vi vil ha nokre som er mørke, grå/svarte.
Vi har vore å sett på fliser og fann nokre 30×30 cm til kr. 399,- pr. kvm. Prisen for flisane er er litt høgre enn kva som er inkludert i det nøkkelferdige huset vi har kjøpt. Gangen er 9,1 kvm, badet nede er 7 kvm og badet oppe er 6,8 kvm. Så tilsammen blir det rundt 6000 kr ekstra. Vi har planar om ha innebygt badekar, med flis 30×30 mosaikkstørrelse (5×5 cm). Disse kostar kr. 1299,- pr. kvm. Dermed blir det vel 2000 kr ekstra der også.
8. februar, 2012
Medan vi venter på at huset skal bli ferdig ser eg etter ein sofa til stova. Favoritten er mellomgrå eller kvit sofa, med stålbein. Sidan vi har ein hund som tilbringe halve døgnet i sofaen har vi tenkt at det er praktisk med ein litt mørk skinnsofa, men eg har mest lyst på stoffsofa. Prisen for ein god skinnsofa er også mykje høgare enn ein i stoff.
Sofaen under er vel nesten drømmesofaen! (ventar spent på å prøvesitte den), også med hodestøtte på bak alle sitteplassane + puff til å ha forann sitteplassen som ikkje har hvilemodul
Ulempa er at dette kjem på 25 000 kr, uten hodestøtte kostar dette 23 000 kr. Om eg syns ein sofa og puff er verdt dette er eg usikker på…

Foto: Henta frå boconsept.no
Eg fann nokre fine sofaer på nettsida til Bolia, Det var kun ein av dei som var djupe nok, men den hadde ikkje stålbein.
Sofa frå Bolia:

Foto: Henta frå bolia.no

Hadde eg hatt plass, ville eg fått for ein hjørnesofa med hvilemodul.
Modern Living, stor hjørnesofa frå Living:

Foto: frå living.no
Sofa frå Bohus:

Foto: frå bohus.no
1. februar, 2012
Eg tenke det hadde passa seg fint med ein vekeplanleggar på veggen ved trappa om der er plass:)
Denne var da ganske grei? Den er i blank akryl og hengast på veggen. 1990 kr er ikkje så galen pris, men det finst sikkert billigare alternativ:)
Eg har sett på denne wallsticker-planleggaren frå Ferm Living tidlegare, men kunne tenkt meg ein som ikkje vart klistra på veggen.