Kategori: Kjøkken

Fargesetting i huset

28. januar, 2010

Fargesetting i hus

Fargesetting i hus

Kva med å gjere det litt utenom det vanlege og male taket istaden for veggen?
Det er vel ei mulegheit for at eg hadde blitt lei fargen og den ikkje hadde passa med resten av fargevalget på interiøret etterkvart, men det var da litt stilig og gir farge i tilværelse:)

Bildane er henta frå ei artikkel hos skonahem.com

Behov for brødboks?

28. januar, 2010
Brødboks

Foto: glasoginterior.com

Retro brødboks frå So:easy. Fåast også i svart og kan kjøpast her.


Brødboks

Foto: glassoginterior.no

Herstal brødboks. Kan kjøpast her.

For tida oppbevare eg brød i skapet, men kanskje eg skulle hatt det i ei brødboks istaden? Har ikkje nok benkplass til at den skal stå framme, men brød held seg vel bedre i ei brødboks?…

Oppbevarar du brødet i brødboks?

Kjøkkenet i leiligheita

27. januar, 2010

Her er kjøkkenet i leiligheita vi leiar:

Kjøkken

Kjøkken

Kjøkken

Spiseplassen

Det er eit heilt greit kjøkken, stilen kan vel kallast litt moderne klassisk? Eg likar best minimalistisk stil, men eg har det fint med dette kjøkkenet.

Det skulle ha vore ei benkeplate til bortanfor ovnen. Litt upraktisk slik det er no, men det fungerar. Det er litt for lite skapplass, men vi overleve. Eg har dessverre ikkje plass til kjøkkenmaskin:/ so eg har noko å glede meg til! Vi hadde fått plass til nokre hylle, skap på kjøkkenet om vi ville, men eg har ikkje lyst å bruke på pengar på noko vi ikkje har bruk for seinare. Vi har ei stor altmulegbod der vi har ting vi ikkje brukar ofte, men den er ganske full. (Der er utallige tome kasser som er lagra til neste gong vi skal flytte).

Eg har lenge hatt lyst å kjøpe ei spisegruppe (bord og 6-8 stolar), men det får vente til vi får oss eit eige hus. Kjøkkenbordet og stolane vi har låner vi av huseigaren vår. Planen var å kjøpe vort eige spisebord eller kjøkkenbord, men det blir for dyrt å kjøpe for å berre vere i bruk i eit par år. Det blir dumt om det ikkje passar neste plassen vi skal bo.

Fleire serviettar

27. januar, 2010

Serviettar

Serviettar

Då fann eg enda fleire serviettar til “samlinga” mi:) Eg kjøpte disse på E-design Hareid As. Der har eg aldri vore før. Dei hadde mykje fint, men stilen er mest moderne klassisk der.

Eg fann også nokre blomstrar til kortlaging:

Blomster til kortlaging

Likte godt blåfargen på disse, men dei kunne kanskje ha vore litt lysare.

Valg av morter

27. januar, 2010

Eg har vore inne på tanken å kjøpe ein morter, men har ikkje hatt bruk for ein til no. Det er vel to oppskrifter eg har vore borti der ein skulle bruke det. Har søkt litt på nett og funne eit par morter som såg greie ut:

Frå Tilbords:

Morter

Foto: tilbords.no

Morter

Foto: tilbords.no

Morter

Foto: tilbords.no

Den siste var kanskje litt finare, men kanskje den skille seg litt for mykje ut i forhold til resten av kjøkkenutstyret vårt? Den første og andre er nøytrale og vil passe til det meste dersom den står framme på kjøkkenet.

Kva for ein ville du ha valgt? Har du kanskje eit tips om ein morter?

Oppdatering: Har funne meg ein fin morter på Jernia:)

Kivilys, epledelar, ny eggdelar og julenissar

23. januar, 2010

I dag var eg på shopping. Eg for innom eit par butikkar eg ikkje vanlegvis stikk innom. På eine butikken var der kivilys på salg:) Eg kjøpte 3 lyseblå kivilys.

Kivilys

Der var også nokre julenissar i glass frå Hadeland på salg som eg såg på til jul. Eg kjøpte dermed pakken med dei to små julenissane :) Der var dessverre ikkje i sølv:/, men blått er da fint det også:)

Hadeland Julenissar

På Tilbords fann eg ein epledelar og ein ny eggdelar (den gamle klarte eg å ødelegge).

Epledelar

Eggdelar frå Tilbords

På Blend fann eg to Blendbukser til kr. 199 pr stk :) Grei pris det.

Blendbukse

Ferskpressa appelsinjuice

13. januar, 2010

Eva Solo Citruspresse med ferskpressa juice

Glas med ferskpressa appelsinjuice

I dag prøvde eg ut Eva Solo Citruspressa som eg fekk til jul:) Den fungerte fint!

Eg brukte 4 appelsiner på eit glas med appelsinjuice. Det var ikkje so gale kva?:)

Eg kjøpte First Price appelsin på Spar sidan det er ganske dyrt å lage appelsinjuice av.

Glassa har eg fått ei veninna mi Eva:) Glasset rommar akkurat nok drikke til eit måltid.

Risotto til middag

11. januar, 2010
Risotto

Risotto

I dag laga eg risotto til middag:)
Risottoen tar ca. 20 minutt å lage klar, so er ein ganske grei middag å lage til.
På butikken hadde dei ikkje svinekjøttdeig, dermed vart det familiekjøttdeig istaden.

Ingredienser:
1 Fullkornsris Boil in Bag
1 Familiekjøttdeig (400 g)
Salt (1 krm)
Peppar (1 krm)
Blå drue (ca. ein neve)
Mais (nesten ei boks)
Fersk annanas ( ca. 1/2 liten)

Skjer opp annanas og drue medan du ventar på at vatnet til risen kokar opp.
Steik kjøttdeiga medan risen kokar.
Ha alle ingrediensane oppi ei skål eller form av eit slag.

Eg brukte rømme til, sidan eg syns det gjer det mindre tørt og i tillegg gir det ein ekstra god smak:)
Dersom måltiden skal halde til 3 personar trur eg det er nok å berre tilsette ein boil in bag rispose til og litt meir drue og annanas:)

Kjøkkenbord-hjørnet vårt

Kjøkkenbord-hjørnet vårt (dårleg bilde pga lite lys)

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy