Kategori: Kjøkken

Gulv

29. november, 2011

Eg kan tenke meg ein kvitpigmentert parkett. Vidar vil ikkje ha for lys, så vi går sjå kva vi går for:)

Etter å ha søkt på nettet har eg funne disse som kan vere aktuelle, men er usikker på kva prisen ligg på:

Fjordal Eik Select hvit matt lakk (enstavs)

Fjordal trestavs Natur hvit

Kährs Eik Cloud (enstavs)

Boen Eik Concerto hvit trestavs

Kjøkkenmaskin

3. august, 2011

Eg har lenge tenkt på kva kjøkkenmaskin eg skulle kjøpe. Kenwood eller Kitchen Aid?

NO bestemte eg meg for ei kvit Kitchen Aid :) Dette sidan den lagar mindre støy enn Kenwood og den er ikkje so stor. I huset vi skal bygge er det open stove/kjøkken-løysing og det er dermed greit med ei kjøkkenmaskin som ikkje lagar so mykje støy. Eg er ikkje av den som bakar so mykje heller og dersom eg skulle ha behov for å bake meir enn 2 brød om gongen kan eg alltids kjøpe ein bolle til som eg kan sette på etter den første deiga er elta.

Eg kjøpte kjøkkenmaskina på Traktøren. Der var eit kampanjetilbud som har våre dei siste månadane: Inkludert tilleggsutstyr til kr. 2229,- (noko sånt).

Kjøkkenløysing

8. mai, 2011

Då har vi bestemt oss for korleis kjøkkenløysinga vår skal vere!

Vi fekk ikkje flytte veggen bak høgskapa so kjøkkenet vart 60 cm kortare. Dermed vart det litt mindre benkeplass enn planlagt og vi fekk ikkje dobbelvask.

I sjalusiskapet skal der vere plass til kaffetraktaren (Moccamaster) og 1 eller 2  hylle over. Sjalusiskapet vårt er visst ikkje djupt som vanlege skap, så dette er litt dumt da.

Først tenkte vi å ha mikro inni skapet over steikeovnen, men vi har funne ut at vi vil ha ein kompiovn (mikro/ovn). Det er litt meir praktisk å sleppe døra forann og vi ved å ha kombiovn får vi steikt to rettar samtidig:)

Det blir ei kvit “kasse” rundt høyskapa (på bildet er den grå). I “kassa” blir det spottar som lyser ned forann høyskapa.

Fargen på benkeplata sto mellom svart laminat med litt “mønster” eller mørkgrå laminat. Vi valgte mørkgrå laminat.

Ventilatoren blir stålfarga, men eg likar den godt i kvitt også…

Kjøkkenteikning i 3D - 08.05.2012

 

 

Kjøkkenløysing - første teikning

Kjøkkenteikning i 3D - Første teikning - 26.11.2011

 

Kaffekanne

12. februar, 2011
kaffekanne

Foto: thecoffebrewers.com

Sidan Vidar fekk seg Moccamaster i bursdagsgåve har vi vore på leit etter ei kaffekanne både eg og Vidar likar. Det har ikkje vore lett. Den eine eg likte var berre 0,6 l, so den vart ikkje aktuell. Vidar likte ei som var litt for maskulin, so vi avventa kjøpet.

I dag var vi ein tur på Jernia og der fann vi kaffekanna! Den var på halv pris, ordinær pris var ca. 800 kr so det var flaks (er ikkje sikkert vi hadde kjøpt den til full pris).

Alfi Albergo Top Therm heiter kaffekanna. Virkar som dette kvar eit godt kjøp:)

Fann ingen informasjon om kaffekanna på norsk, her står det litt om den.

Kor mykje spagetti?

20. januar, 2011

Eg var ein tur innom Traktøren og der var det monge kjekke kjøkkendippeduttar:) Dessverre fann eg ikkje noko av det vi eigentleg treng.

Det eg fann var altso ein porsjonsmålar for spagetti. Når eg skal måle opp kor mykje spagetti eg/vi treng har eg alltid syns det har vore litt innvikla. Nokre pakkar har hatt eit runding på pakningen slik ein kunne vete kor mykje ein porsjon var. So no har eg fått meg eit spagettimål med mål for 1-4 porsjonar:) Eg kjøpte den som var kvit og grønn.

spagetti-måler

Spagettimål. Foto: traktoren.no

Klikk.no har visst skrive ein artikkel med tips om spagettimål.

Kjøkkenløysing – inspirasjon

19. juni, 2010

Her kjem det bilder til inspirasjon fram til vi skal bygge hus.

Sidan det ikkje gjekk å få seg ei tomt med utsikt og litt flate der vi vil bygge, blei det å kjøpe hus som skal byggast på ei flate med nesten ingen utsikt i ei anna kommune.

 

Muleg kjøkkenløsning

Foto: designa.dk/no

Dette er den kjøkkenløysinga som passar meg best sidan eg treng mykje skap og benkeplass :) Eg vil ha kjøkkenøy, men eg kan gå med på å ha øya inn mot veggen dersom det skulle bli behov for det. Det som er problemet er om rommet blir for kort til å ha denne løysinga.

Den løysinga på bildet er nesten slik eg vil ha mitt kjøkken. Forskjellen er at vi har planar om:

  • Handtak på skuffe/skapdører.
  • Innebygd kjøleskap og frysar. Eg syns kanskje kjøleskap i skuff hadde vore ei genial løysing, men det er litt for dyrt og eg veit ikkje kor praktisk det hadde blitt. Eg tenkjar folk spør: “Kor er kjøleskapet?”. Hehe
  • Ein anna type vask og blandebatteri. Mest sannsynleg blandebatteri frå Grohe.  Vasken skal enten vere underlimt eller gå i ett med benkeplata (mulegens Corian?)
  • Skuffer under heile benkeplata på kjøkkenøya, utanom på den delen der det skal vere barstolar
  • Barstoler som er kvite eller svarte (mulegens slike som er på to bilder ned)
  • Kanskje ein ventilator som er rund (sjå to bilder ned)
  • Kvite skuffer i “lista” til kjøkkeninnredninga
  • Golvet blir eikeparkett, men eg syns det er stilig med svart flismønster på kjøkkenet.  Her er ein artikkel om valg av gulv.
  • Der blir dessverre ikkje vindu før på enden av benkeskapveggen
  • Høyskap som dekker heile veggen (innebygd i veggen)
  • Kvit benkeplate, men hadde sikkert vore fint med grå eller svart benkeplate
Kjøkkenløysing

Eg tenkjar kanskje at kjøkkenskap og fryseskap blir slik som den på bildet over, men med berre ei heil dør. Med å ha skap over kjøleskapet får ekstra lagringsplass,  muleg vi går for den løysinga. Derimot syns eg kanskje det ser litt voldsomt ut med so høge høyskap.

 

Kjøkkenløysing

Foto: andreasohelene.blogspot.com

Eg har litt lyst på slike overskap som er på bildet over, men ved å ikkje ha overskap blir det litt meir opent og kjøkkenet blir ikkje so framtredane (i open stove/kjøkken-løysing). I tillegg legg det seg alltid støv oppå overskap og det er eit slit å få bort. Bildet tilhøyrer bloggen andreasohelene.blogspot.com.

 

Kjøkken

Foto: designa.dk/no

Dette er ei av kjøkkenløysinga eg ser på dersom rommet blir for lite for den som er på det øverste bildet. Det blir so klart steikeplate på “kjøkkenøya” her også :) og eit breiare “kjøkkenøy”. Det er eit must med steikeplate på kjøkkenøy sidan eg vil sjå på tv frå kjøkkenet :)

Fargen på gulvet er omtrent den eg vil ha på parketten.

 

Her er idear til overskap:

Kjøkkenskap

Foto: designa.dk/no

Det hadde vore kult å hatt grønne overskap plassert slikt på kjøkkenet:), men eg ville gått for dei i kvitt og heller hatt på nokon wallstickers slik eg kunne endre utrykk etter behov.

Kjøkkenskap

Eg likar godt dinne typen overskap.

Kjøkken

Foto: finn.no

Ei mulegheit er å ha nokre høge overskap med lave overskap over. Eg syns denne løysinga var fin, men det gjor kjøkkenet mindre luftig.

Open kjøkken/stove-løysing

Open kjøkken/stove løysing

Slik vil eg gjerne ha det:) Hos oss blir huset ikkje so langt og spisebordet plasserast ved sidan av sofaområdet. Ville gjerne hatt ein peis som skille mellom sofaområdet og spisebordet, men det blir ikkje plass. Peis derimot skal vi ha:)

Shopping

11. mars, 2010

Medan Holly var hos dyrlegen skulle eg levere nokre opne søknandar og eg tok også turen innom Jernia sidan vi trenge ei salat/potetgullskål. Hittil har vi brukt vanlege bakebollar til å ha salaten i, men det er ikkje so kjekt å servere salat i dei bollane.

Der var mykje anna eg kunne tenkt å kjøpe, men pga plassmangel i kjøkkenskapa måtte eg begrense meg. Eg kjøpte nokre serviettar (er ein liten samlar, kjekt med litt forskjellege serviettar), skål, morter, ovnpanne, dørslag, grønnsakskrubbehanskar:)

Skål, grønsakskubbehanskar, ovnpanne, dørslag

Mortel

Masse inspirasjon

24. februar, 2010

På bloggen Delikatissen.com fann eg masse inspirasjon:) Der var masse bilder av stilig interiør og planløsningar i monge variantar..

Saltgrotte

22. februar, 2010
Saltgrotte frå bonordisk.no

Foto: bonordisk.no

Dinne saltgrotta i steintøy frå BoNordisk.no var da stilig:) Ser både fin ut og virkar praktisk. Eg har eit saltkar frå Georg Jensen, men det er litt opning oppe så eg tenker det kjem ein del støv oppi so ein bør bruke ein del salt slik støvet ikkje får lagt seg, hehe.

Mangodeler:)

28. januar, 2010

Mangodeler
I dag kjøpte eg ein Bendit mangodelar. Eg har tenkt på å kjøpe det ei god stund og no låg der eit par på butikken at med mangoane lett synleg:)

Eg syns Bendit mangodelaren var heilt grei å bruke. Det forenkla oppskjeringa av mango litt, men ikkje so veldig sidan eg har ein grei teknikk. Det blir ein ekstra ting å vaske opp også, men om ein vaskar den med ein gong er det fort gjort.

Må ta med eit bilde av Hollya mi også:
Holly:)

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy