Ukeplanleggar
Denne var da ganske grei? Den er i blank akryl og hengast på veggen. 1990 kr er ikkje så galen pris.
Denne var da ganske grei? Den er i blank akryl og hengast på veggen. 1990 kr er ikkje så galen pris.
Dette er eit vanskeleg valg. Eg likar godt dei med sånn “tynt” handtak, medan Vidar likar bedre det “vanlege” handtaket. Men han sa ikkje so mykje på det når vi var å kika på blandebatteri sist, så det blir forhåpentlegvis eit med “tynt” handtak. Eg har til no ikkje funne noko blandebatteri som eg likar godt. Det eg har tenkt på er at dersom handtaket er på høgre side og eg skrur det på med venstre handa så blir det litt innvikla dersom blandebatteriet er kort? Så det beste er om handtaket er på toppen.
Blandebatteria som kan vere aktuelle
Kjøkken:
Talis S kjøkkenkran (Hans Grohe)
Talis S2 Variarc kjøkkenkran (Hans Grohe)
Allegra Variarc (Hans Grohe)
Axor Uno kjøkkenkran (Hans Grohe)
Grohe Essence m/uttrekk
Bad:
Talis S servantkran (Hans Grohe)
Alessi kar og dusjtermostat (Oras)
Il Bagno Alessi One badekarkran (Oras)
Det er stilig med svart, men blir vel kanskje lei etterkvart? Elles er vel svart ganske framtredande i eit elles kvitt rom? Eg likar best heilt svart benkeplate, utan mønster i. Men det blir fort skittent, so då trur eg at vi ikkje kan få for det. Eg vurderar dermed kanskje mørk grå eller kvit benkeplate.
Eg syns det var ganske fint med grå benkeplate og kvite benkeskap som på kjøkkenet til bloggaren Sofienberggata 3f. Gulvet er også i ein lys farge, slik eg har tenkt å ha.
Mørk grå benkeplate i laminat
Foto: drommekjokkenet.no
Svart benkeplate i laminat, “med mønster”
Foto: drommekjokkenet.no
Det er ikkje lett å bestemme seg for kva kjøkkenvask vi skal gå for. Eg er litt smålei stålvask, men der er no eit par med litt designpreg som er fine. I grunnen kan eg tenke meg ein svart vask, men det passar vel best til heilsvart benkeplate.
Vi har valgt ein Eico Cylindra kjøkkenventilator til å henge over platetoppen på kjøkkenøya:) Den blir utan glassplate sidan vi kun skal ha ein 60 cm platetopp.
Foto: Frå Drommekjokkenet.no
Eg trur vi går for ventilator i stål. Det er stilig med kvit ventilator, men eg trur kjøkkenet blir for sterilt med så mykje kvitt.
Resten av kvitevarene blir av merket Siemens. Valget stod mellom Miele eller Siemens. Sidan det er Siemens som vart plukka ut som standard pakke av kjøkkenteiknaren enda vi på dette.
Kjøleskap, frysar, oppvaskmaskin, steikeovn skal vere innebygt i høgskap for få få eit stilreint og praktisk kjøkken.
Eg kan tenke meg ein kvitpigmentert parkett. Vidar vil ikkje ha for lys, så vi går sjå kva vi går for:)
Etter å ha søkt på nettet har eg funne disse som kan vere aktuelle, men er usikker på kva prisen ligg på:
Fjordal Select hvit matt lakk (enstavs)
Fjordal trestavs Natur hvit
Kährs Eik Cloud (enstavs)
Boen Eik Concerto hvit trestavs
Då har vi bestemt oss for korleis kjøkkenløysinga vår skal vere.
Vi fekk ikkje flytte veggen bak høgskapa so kjøkkenet vart 60 cm kortare. Dermed vart det litt mindre benkeplass enn planlagt og vi fekk ikkje dobbelvask.
Her er første teikning av kjøkkenløysinga. Det er ikkje teikna inn mikro sidan vi tenker å ha den inne i skapet over ovnen. Det blir ei ramme rundt høyskapa. I ramma blir det spottar som lyser ned forann høyskapa.
Fargen på benkeplata blir enten svart laminat med litt “mønster” eller mørk grå laminat.
Eg lurar litt på kva farge vi skal ha på ventilatoren, kvit eller stål?
Kjøkkenløysing - første teikning
Eg har lenge tenkt på kva kjøkkenmaskin eg skulle kjøpe. Kenwood eller Kitchen Aid?
NO bestemte eg meg for ei kvit Kitchen Aid
Dette sidan den lagar mindre støy enn Kenwood og den er ikkje so stor. I huset vi skal bygge er det open stove/kjøkken-løysing og det er dermed greit med ei kjøkkenmaskin som ikkje lagar so mykje støy. Eg er ikkje av den som bakar so mykje heller og dersom eg skulle ha behov for å bake meir enn 2 brød om gongen kan eg alltids kjøpe ein bolle til som eg kan sette på etter den første deiga er elta.
Eg kjøpte kjøkkenmaskina på Traktøren. Der var eit kampanjetilbud som har våre dei siste månadane: Inkludert tilleggsutstyr til kr. 2229,- (noko sånt).
Sidan Vidar fekk seg Moccamaster i bursdagsgåve har vi vore på leit etter ei kaffekanne både eg og Vidar likar. Det har ikkje vore lett. Den eine eg likte var berre 0,6 l, so den vart ikkje aktuell. Vidar likte ei som var litt for maskulin, so vi avventa kjøpet.
I dag var vi ein tur på Jernia og der fann vi kaffekanna! Den var på halv pris, ordinær pris var ca. 800 kr so det var flaks (er ikkje sikkert vi hadde kjøpt den til full pris).
Alfi Albergo Top Therm heiter kaffekanna. Virkar som dette kvar eit godt kjøp:)
Fann ingen informasjon om kaffekanna på norsk, her står det litt om den.
Eg var ein tur innom Traktøren og der var det monge kjekke kjøkkendippeduttar:) Dessverre fann eg ikkje noko av det vi eigentleg treng.
Det eg fann var altso ein porsjonsmålar for spagetti. Når eg skal måle opp kor mykje spagetti eg/vi treng har eg alltid syns det har vore litt innvikla. Nokre pakkar har hatt eit runding på pakningen slik ein kunne vete kor mykje ein porsjon var. So no har eg fått meg eit spagettimål med mål for 1-4 porsjonar:) Eg kjøpte den som var kvit og grønn.
Klikk.no har visst skrive ein artikkel med tips om spagettimål.
Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy