Kategori: Gang

Vegg og tak

30. mars, 2012

Vegg:
Ein ting eg har vore heilt sikker på når eg skulle bygge hus var å ha slette veggar av gips eller sponplater. Vi har valgt å ha gipsplater sidan dei tåler bedre vatn enn sponplater.

Eg har funne ut at det vil koste ein god del meir sidan det tar mykje tid å sparkle og male platane. Mest sannsynleg setter vi bort alt arbeidet med sparkling og maling.

Tak:
Sidan det kostar so mykje ekstra med gipsplater i pengar og tid, vil ikkje Vidar at vi skal ha gipsplater i taket. Dermed blir det Tak-ess (takplater) eller kva no det kallast.

 

Fargar på veggane:
Veggane skal for det meste vere kvite, mulegens fargen Chi?

Eine veggen på spisestova skal vere lysegrå, medan resten av veggane på kjøkken/stova skal vere kvite.

På hovudsoverommet og eit av dei mindre soveromma skal veggen bak senga vere ein mellomgrå farge, medan resten skal vere kvite.

I inngangen har eg tenkt å kanskje ha ein tapet på eine veggen eller male den lysgrå, men har ikkje komt fram til noko enda.

Badet i hovudetasja har eg tenkt skal vere mørkt, men avslappande. To veggar med flismønster i svart (baderomspanel) og to veggar i mellom/mørkgrått (baderomspanel, maling eller våtromstapet). Kanskje våtromstapeten Sand Antrasitt frå Eternowal (kr. 400,- per kvm) hadde passa?

Foto: fantasi.no

 

Badet på loftet skal ha flismønster i kvitt (baderomspanel).

Belysning – lysbrytere

8. mars, 2012

Eg vurderar disse frå Gira:
Esprit – kvitt glass
Event- kvit plast
E2 – kvit plast glanset

Skittentøyløsning

6. mars, 2012

Vi har valgt å kjøpe Ikea sine ANTONIUS stativ inne i skyvedørsgarderobeskapet på gangen rett utanfor badet. Disse kan vi trille rett bort til vaskemaskina.

 

Vi har tenkt å ha 3 kurvstativ (en settast oppå den andre eller vi setter dei kvar sitt høyskap) :

Farget handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
Kvite handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
+ Pose til tvoger

Farget 40 (stor kurv)
Lyst 40 (liten kurv)
Rent tøy (liten kurv)
+Pose til sokkar

Farget 30 (liten kurv)
Lyst 30 (liten kurv)
Ullvask 30 (liten kurv)
Håndvask (liten kurv)

Eg skal sette på merkelapper slik vi veit kva som skal vere i kva kurv.

Fliser på gang og bad

20. februar, 2012

Kva fliser skal vi velge? Vi vil ha nokre som er mørke, grå/svarte.

Vi har vore å sett på fliser og fann nokre 30×30 cm til  kr. 399,- pr. kvm. Prisen for flisane er er litt høgre enn kva som er inkludert i det nøkkelferdige huset vi har kjøpt. Gangen er 9,1 kvm, badet nede er 7 kvm og badet oppe er 6,8 kvm. Så tilsammen blir det rundt 6000 kr ekstra. Vi har planar om ha innebygt badekar, med flis 30×30 mosaikkstørrelse (5×5 cm). Disse kostar kr. 1299,- pr. kvm. Dermed blir det vel 2000 kr ekstra der også.

Ringeklokke

1. februar, 2012

Har sett litt på ringeklokker. Og kom over disse som hadde eit fint design:

 

Dørskilt BFD 2010 Trådløs
Trådløs dørklokke med sender og mottaker. 32 ulike lydsignaler.Mål sender 43 x 88 x 27 mm. Mottaker 53 x 101 x 69 mm.

Foto: bokstavbutikken.no

Trapp

28. november, 2011

Dette innlegget blir oppdaterer når eg finn nye trappeløysningar og inspirasjon:)

Vi har lenge hatt planar om å bygge hus og eg begynte å planlegge for fleire år sidan:) Det er kjekt å tenke ut korleis huset skal bli:)

Ein ting eg har tenkt ein del på er kva slags trappeløp vi bør gå for. Det eg har lest er at det sikraste er 180 grader repotrapp. Mange av hustypane eg vurderte hadde dette, no har vi gått for eit ferdighus som har ei slags 90-repotrapp.

Eg syns  det er veldig stilig med rett trapp. Spesielt der det er open løsning og trappa blir ein del av rommet på ein måte.

Eg har funne eit bilde av ei 90 grade repotrapp eg likte veldig godt:

Trapp repo

Foto: Henta frå verdenensvenen (gi gjerne beskjed om kor)

Trappa over har dekt heile veggen med glass, det blir kanskje litt for dyrt for oss.

Dinne trappa er veldig lik den eg ser for meg:

Sidan vi skal ha bod under trappa får vi ikkje  opne trinn med sikringslist. Når det gjeld gelender står det mellom glassvegg eller spilevegg i stål med returgelender i tre eller stål. Spørsmålet er kor mykje dyrare det er med glassvegg/spilevegg i stål opp mot vanleg tregelender?

Trappa blir kvit med eiketrinn. Kvit er vel det beste i forhold til at det er enkelt og ein blir kanskje ikkje so fort lei av den. Derimot syns eg svart er veldig stilig. Det må vel også takast med i betraktninga kva farge som passar til golvet.  Eg liker veldig godt kvit eik, men eikegulv er finast i 1-stav som er for dyre. Hittil har eg sett litt på Kährs Eik Cloud. Eg syns det er stilig med store rektangulære gråsvarte “fliser”:), men det blir ikkje i ditte huset.

Svart/kvit trapp

Foto: tramont.no

Eg må sei eg likar denne svarte trappa:

Sort trapp

Foto: crjdesign

Og denne kvite trappa, Me like:) :

Trapp

Foto: Henta frå verdensveven (om du veit kor, gi gjerne beskjed)

Dette er vel ca den løysninga eg ville gått for, berre med eit returgelender å halde seg i.

Dinne 180-graders repoløysninga er ganske stilig:

Trapp

Foto: Henta frå verdensveven (fortell gjerne kor frå)

Trapp med belysning

Foto: viivilla.no (Trappekompaniet)

Eg vil gjerne ha belysning ved trappetrinna. Om det blir kjem vel ann på korleis vi ligg ann økonomisk:/

Det er visst best å bruke diodelys (ikkje varme, lite strømforbruk og nesten evigvarane) i følge ein artikkel på viivilla.no. Dei er i tillegg enkle å montere og kan plasserast omtrent kor ein vil. Ei anna løysning er å bruke LED-lys i form av lysliste:) Disse limast under trappetrinna og gir ei spesiell og dekorativ effekt.

Det som er viktig er å ha stikkontakter ved trappa! Er visst monge som ikkje tenkar på det i følge artikkelen på viivilla.no.

Wallstickers, tapet og lerret

29. januar, 2011
Tapet

Foto: Photowall.no - Verdenskartet som tapet

Foto: photowall.no

Hos photowall.no var der mykje stilig. Litt for dyrt for meg akkurat no, men når vi får kjøpt oss hus vil eg nok invistere i ein eller to:)

Eg kan godt tenke meg eit grafisk bilde og eit bilde eller tapet med verdenskartet på:)

Masse inspirasjon

24. februar, 2010

På bloggen Delikatissen.com fann eg masse inspirasjon:) Der var masse bilder av stilig interiør og planløsningar i monge variantar..

Bilderamme med tekst

8. februar, 2010

Bilderamme med tekst

Eg vart ganske fornøgd med resultatet:)

Då har eg fått printa ut litt tekst og hatt inn i bilderamma. Ramma har berre låge her og samla støv. Planen var å ha nokre bilde inni, men først måtte eg ha nokre bilde eg vil ha inn i ramme og det har eg ikkje enda. Inntil vidare blir ramma ståande på skrivepulten på innergangen. Skrivepulten er ikkje i bruk so den treng litt pynt:)

Eg har sett monge bilderammer i blogger og på nettet den siste tida so då kom eg til at eg kunne bruke ramma til det:)

Tanken er å lage nokre lerretbilde med tekst på, men først må eg få tak i lerretramme og akrylmaling og det vil sikkert ta tid. Kor dei selge slikt her det veit eg ikkje, dermed må eg bestille over nettet.

Fargesetting i huset

28. januar, 2010

Fargesetting i hus

Fargesetting i hus

Kva med å gjere det litt utenom det vanlege og male taket istaden for veggen?
Det er vel ei mulegheit for at eg hadde blitt lei fargen og den ikkje hadde passa med resten av fargevalget på interiøret etterkvart, men det var da litt stilig og gir farge i tilværelse:)

Bildane er henta frå ei artikkel hos skonahem.com

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy