6. mars, 2012
Vi har valgt å kjøpe Ikea sine ANTONIUS stativ inne i skyvedørsgarderobeskapet på gangen rett utanfor badet. Disse kan vi trille rett bort til vaskemaskina.

Vi har tenkt å ha 3 kurvstativ (en settast oppå den andre eller vi setter dei kvar sitt høyskap) :
Farget handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
Kvite handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
+ Pose til tvoger
Farget 40 (stor kurv)
Lyst 40 (liten kurv)
Rent tøy (liten kurv)
+Pose til sokkar
Farget 30 (liten kurv)
Lyst 30 (liten kurv)
Ullvask 30 (liten kurv)
Håndvask (liten kurv)
Eg skal sette på merkelapper slik vi veit kva som skal vere i kva kurv.
19. juni, 2010
Her er inspirasjon til vaskerom. I huset vi bygger er det bad/vaskerom i eit. Så det blir ikkje vaskemaskin ståande oppå ei “hylle” sidan det er for lite benkeplass.

Huskar ikkje kor eg fann bildet

Foto: designa.dk/no
Disse løysingane kan eg godt tenke meg. Praktiske og veldig fine.

Foto: delikatissen.com
Ei enkel løysing dersom det blir for dyrt med skap er å male rommet i ein knæsj farge og ha ein gjennomført stil. Det er litt meir rotete, men friskare:)
27. februar, 2010

Då har vi endeleg fått lys i taket på soverommet. Vi kunne ikkje henge ein lampeskjerm der sidan lampefestet er over garderobeskapet, men ledninga var festa vidare til over senga. Dermed kom eg med den smarte ideen å berre henge ei lyspære i ledningane. Vi har allereide den løsninga på boda og for tida er det faktisk IN med lyspære utan lampeskjerm:)
Eg er ikkje noko glad i brunfargen på ledninga, men får vel overleve. Tanken var å kanskje ha svart tape rundt den? Vi har ikkje planar om å bruke masse tid og pengar på å forbedre leiligheita interiørmessig, dermed tar vi i bruk veldig enkle løysingar og håper det blir sjåande passe greit ut:)
Det tok altso omtrent 10 mnd før vi fekk lys i taket.
Her er lampa på boda:
