Kategori: Interiør

Ukeplanleggar

1. februar, 2012

Denne var da ganske grei? Den er i blank akryl og hengast på veggen. 1990 kr er ikkje så galen pris.

Ringeklokke

1. februar, 2012

Har sett litt på ringeklokker. Og kom over disse som hadde eit fint design:

 

Dørskilt BFD 2010 Trådløs
Trådløs dørklokke med sender og mottaker. 32 ulike lydsignaler.Mål sender 43 x 88 x 27 mm. Mottaker 53 x 101 x 69 mm.

Foto: bokstavbutikken.no

Sofabord

31. januar, 2012

Dette bordet passar sikkert fint på stova. Sofaen vi skal ha blir mest sannsynleg i den størrelsen som den på bildet og med ein puff også. Så størrelsen på bordet er bra, men minuset er at beina er ramme-typen og ikkje berre bein som går rett ned. Med hundehår på gulvet legg håret seg lett at med den “ramma” på gulvet.

Mase sofabord

Foto: frå living.no

Blandebatteri kjøkken og bad

6. januar, 2012

Dette er eit vanskeleg valg. Eg likar godt dei med sånn “tynt” handtak, medan Vidar likar bedre det “vanlege” handtaket. Men han sa ikkje so mykje på det når vi var å kika på blandebatteri sist, så det blir forhåpentlegvis eit med “tynt” handtak. Eg har til no ikkje funne noko blandebatteri som eg likar godt. Det eg har tenkt på er at dersom handtaket er på høgre side og eg skrur det på med venstre handa så blir det litt innvikla dersom blandebatteriet er kort? Så det beste er om handtaket er på toppen.

Blandebatteria som kan vere aktuelle

Kjøkken:
Talis S kjøkkenkran  (Hans Grohe)
Talis S2 Variarc kjøkkenkran (Hans Grohe)
Allegra Variarc (Hans Grohe)
Axor Uno kjøkkenkran (Hans Grohe)
Grohe Essence m/uttrekk

Bad:
Talis S servantkran (Hans Grohe)
Alessi kar og dusjtermostat (Oras)
Il Bagno Alessi One badekarkran (Oras)

Benkeplate på kjøkkenet

19. desember, 2011

Det er stilig med svart, men blir vel kanskje lei etterkvart? Elles er vel svart ganske framtredande i eit elles kvitt rom? Eg likar best heilt svart benkeplate, utan mønster i. Men det blir fort skittent, so då trur eg at vi ikkje kan få for det. Eg vurderar dermed kanskje mørk grå eller kvit benkeplate.

Eg syns det var ganske fint med grå benkeplate og kvite benkeskap som på kjøkkenet til bloggaren Sofienberggata 3f. Gulvet er også i ein lys farge, slik eg har tenkt å ha.

 

Mørk grå benkeplate i laminat

Foto: drommekjokkenet.no

 

Svart benkeplate i laminat, “med mønster”