Kategoriarkiv: Uteområde

Uteområde – gjerde, terrasse og plen del2

Helga og mandag gjekk med til drenering, planering og såing av plen. I tillegg rakk vi å beise terrassa over carporten og plante ein syrin og plommetre.

Eg følte ikkje for å jobbe så hard og tok det ganske med ro, men Vidar fekk veldig god hjelp av foreldra og brødrene Terje og Martin. Så vi rakk faktisk å bli ferdige med plenen!:)

Terrassa og plenen på baksida av huset
Vidar og faren lånte seg ei minigravemaskin for å lage til drenering
Vidar sår plen
Foreldra til Vidar hjalp til heile mandag kveld slik vi klarte å så plenen

 

Uteområde – gjerde, terrasse og plen

Det tar mykje tid å lage til uteområdet vårt.Vidar står på å maler fjølande som skal bli gjerde. Terrassa er omtrent ferdig. Det som gjenstår er å legge sand og ein «hellekant» ved sidan av terrassa bak huset og legge endehellane på forsida sidan 30×30-hellane ikkje gjekk heilt inntil asfalten. Vi rakk heldigvis å planere og så plenen på framsida av huset den veka det var finever.

Før-bilde der sanden er klargjort for hellelegging
Før-bilde av plenen der det er lagt pukkstein for bedre drenering

 

 

Huset – 25.04.2012

Nokre bilder av huset utvendig..

Forann huset er planen å asfaltere og mulegens ha ein liten «flekk med terrasse og gras». Huset ligger i enden  av veien, så «snarveien» her blir tatt bort.

Forsida av huset

 

Forsida av huset, carport m/terrasse over og nabohuset

 

Forsida av huset, mot nabolaget

 

Her har vi planar om å ei terrasse langs huset, ein vei av heller? ved sida av, og så ein «vollhaug» med planter/busker mot tomtegrensa slik det blir mindre innsyn derifrå. Tre i tomtegrensa blir også tatt bort.

På sida av huset

 

Her blir det terrasse og ein liten grasplen. I enden av tomta trur eg det blir fint med nokre plommetre, ripsbuske ++.

På baksida av huset