Kategoriarkiv: Stove

Huset – 12.06.12

Det har blitt lagt på 1-2 strøk med maling. Vi gjekk for kvitfargen Chi etter at eg hadde søkt etter masse informasjon på nett. Det var eit vanskeleg valg sidan dørane/listane/karmane blir nok litt gulaktige sidan dei er i Bomull. Einaste fordelen er vel at det ikkje blir så kaldt, men eg hadde ikkje hatt noko i mot å ha heilt kvite dører osv. Vi har valgt malinga Easy Clean slik at det blir lett å vaske over kjøkkenet osv. Det blir er ein del dyrare en vanleg veggmalinga, men Vidar ville ha same malingstypen over heile huset (utanom Fondvegg-malinga på soverommet som vi ikkje finst i den typen). Fondveggen på hovudsoveromet er malt, so no begynne ting å bli litt nærmare slik det blir sjåande ut til slutt. Er spent på korleis det endelege resultatet blir!

TV-skjenk

Har søkt litt etter TV-skjenk på. Eg kan tenke meg eit som kan henge på veggen,  men Vidar vil ha med bein på.

Torsby skjenk frå Ikea

Foto: Frå ikea.no

Brick skjenk frå Skeidar

Foto: Frå skeidar.no

Napoli TV-benk

Foto: Frå skeidar.no

 

Norform TV-benk

Foto: Frå mobelringen.no

 

Vedovn

Valg av vedovn er ikkje lett. Vi har blandt anna sett på Jøtul og Norpeis sine ovner med sideglass. Valget falt på den som var smalast og hadde eit veldig enkelt design:

Foto: nordpeis.no

Vi skal ha svart glassplate slik som på bildet, slik at det som evt. kjem av rusk under glassplate blir lite synleg.

Vegg og tak

Vegg
(Oppdatert i juli)

Vegg på baderomet
Vi valgte då kvite våtromsplatane i 60×15 cm sidan dei passa til høgda på badet i hovudetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Disse i 60×20 cm valgte vi på badet i loftsetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Vegg i resten av huset
Ein ting eg har vore heilt sikker på når eg skulle bygge hus var å ha slette veggar av gips eller sponplater. Vi har valgt å ha gipsplater sidan dei tåler bedre vatn enn sponplater. Kunne kanskje valgt å ha sponplater utanom på kjøkkenet, men det var ikkje slik.

Eg har funne ut at det vil koste ein god del meir med gipsplater sidan det tar mykje tid å sparkle og male. Vi tenkte å sette bort alt arbeidet med sparkling og maling, men når vi fekk tilbudet for det arbeidet ombestemte vi oss og ville gjere det sjølve, hehe. Vi fekk hjelp til å sparkle og male, og det gjekk veldig greit, berre litt som må farast over igjen.

Fargar på veggane:
Veggane vart i fargen Chi i nesten heile husete. Det vart ein fondvegg på hovudsoveromet og på spisestova. Planen var å ha ein fondvegg på tv-stova oppe og eit av dei mindre soverommene også, men vi syns det var greit å berre å det heilt kvitt og tilføye med interiør i andre fargar.

I inngangen inngangen tenkte eg å ha tapet på eine veggen eller male den lysgrå, men det vart ikkje slik (alt vart kvitt).

Badet i hovudetasja ville eg ha mørkt og avslappande (veggar i mellom/mørkgrått), men det var visst ikkje nokon våtromsplater som var høge nok i mørk farge, kun kvitt i flismøster.

Tak
Sidan det kostar mykje med gipsplater (tid og pengar), vil ikkje Vidar at vi skal ha gipsplater i taket. Dermed blir det Tak-ess (takplater). Dette var igrunnen veldig greit, sidan det vart fint med Tak-ess også.

Belysning – taklamper

 

Vi skal ha mest spottar i taket, men vi skal ha ein eller to pendlar over kjøkkenøya og ein over spisebordet.

Det normale er vel å ha spottar i krom eller stål, men det kan vel vere litt stilig med kvite spottar også? Vi valgte kvite spottar:

Foto: el-produkter.no

 

Kva med ein Norm 69 over spisebordet? Litt usikker på om det er den rette for oss, men den er stilig da..Kanskje den hadde vore fin på eit av dei små soveromma?

Eller kanskje ein Louis Poulsen PH 4 / 3 Pendel (litt dyr kanskje) over spisebordet?

Foto: Henta frå lyseideer.no

 

Silvia taklampe har eg sett litt på..

Foto: Henta frå lampehuset.no

Acantus pendel

Foto: Frå lysbutikken.no

Lizzy LED pendel

Foto: Frå designbelysning.no

 

Elles er LF/Y taklampe i kvitt eit alternativ:

Foto: Henta frå room21.no

Design Rock Taklampe:

Foto: Av Jason Strong , via lightformblog via Dezeen

Foscarini Caboche Medium:

Foscarini Caboche Medium
Foto: Møbelgården

 

Lampe over kjøkkenøya:

Kanskje to stk HRS BALLON IL GRANDE Kvit hadde passa fint?

Foto: Henta frå lampetorget.no

 

Eller kva med to stk Toldbod 120 eller 150?

Foto: Henta frå room21.no