Kategoriarkiv: Spisestove

Spisebord

Eg har heile tida sett for meg eit kvitt spisebord med ileggsplater. Det er fint med spisebord i eik også, men det er det å finne den rette eikefargen da.

Vi valgte bordet frå Living pga. det kan bli opp til 360 cm. Vi var heldige sidan det var 20% rabatt på bordet når vi kjøpte det.

Foto: Frå living.no

 

Andre spisebord vi har sett på:

Kristina Spisebord frå Living

Foto: frå living.no

Carisma Spisebord frå Living (litt for stort kanskje, 210cm uten ileggsplater)

Foto: frå living.no

 

 

 

Wake spisebord frå Bolia:

 

 

 

 

 

Huset – 12.06.12

Det har blitt lagt på 1-2 strøk med maling. Vi gjekk for kvitfargen Chi etter at eg hadde søkt etter masse informasjon på nett. Det var eit vanskeleg valg sidan dørane/listane/karmane blir nok litt gulaktige sidan dei er i Bomull. Einaste fordelen er vel at det ikkje blir så kaldt, men eg hadde ikkje hatt noko i mot å ha heilt kvite dører osv. Vi har valgt malinga Easy Clean slik at det blir lett å vaske over kjøkkenet osv. Det blir er ein del dyrare en vanleg veggmalinga, men Vidar ville ha same malingstypen over heile huset (utanom Fondvegg-malinga på soverommet som vi ikkje finst i den typen). Fondveggen på hovudsoveromet er malt, so no begynne ting å bli litt nærmare slik det blir sjåande ut til slutt. Er spent på korleis det endelege resultatet blir!

Spisestoler

Det blir svarte eller kvite stolar. Dei må vere gode å site i og ha eit enkelt design.

Skovby spisestol
I skinn eller stoff? Stolen er dyrane enn det vi hadde tenkt å bruke men så var disse veldig gode å sitte i da 🙂

Foto: Frå skovby.dk

Tequila Porgy spisestol frå Living, igjen litt dyrare enn det vi tenkt, men sikkert verdt å ta med i vurderinga:) Der er også ei utgåve med svingbar fot, som var rimlegare. Eg har funne ut at det er kanskje litt lite praktisk med ei påsydd pute som denne, smulane er vanskeleg å få bort uten ta fram støvsugaren eller skru laus puta, hehe.

Foto: frå living.no

 

Belysning – taklamper

 

Vi skal ha mest spottar i taket, men vi skal ha ein eller to pendlar over kjøkkenøya og ein over spisebordet.

Det normale er vel å ha spottar i krom eller stål, men det kan vel vere litt stilig med kvite spottar også? Vi valgte kvite spottar:

Foto: el-produkter.no

 

Kva med ein Norm 69 over spisebordet? Litt usikker på om det er den rette for oss, men den er stilig da..Kanskje den hadde vore fin på eit av dei små soveromma?