Kategoriarkiv: Soverom

Huset – 13.08.12

PARKETT: Då har det blitt lagt parkett i dei to små soveromma! Parketten var ein del breiare enn eg hadde forestilt meg, so når den var lagt på kortsida såg romma ganske små ut og parketten vart veldig synleg. Det blir å sjå korleis det ser ut når parketten er på plass på gangen, blir forhåpentleg mykje bedre når ein ser heilheita frå gang til soverom og også med møblar.

Parkett

Huset – 12.06.12

Det har blitt lagt på 1-2 strøk med maling. Vi gjekk for kvitfargen Chi etter at eg hadde søkt etter masse informasjon på nett. Det var eit vanskeleg valg sidan dørane/listane/karmane blir nok litt gulaktige sidan dei er i Bomull. Einaste fordelen er vel at det ikkje blir så kaldt, men eg hadde ikkje hatt noko i mot å ha heilt kvite dører osv. Vi har valgt malinga Easy Clean slik at det blir lett å vaske over kjøkkenet osv. Det blir er ein del dyrare en vanleg veggmalinga, men Vidar ville ha same malingstypen over heile huset (utanom Fondvegg-malinga på soverommet som vi ikkje finst i den typen). Fondveggen på hovudsoveromet er malt, so no begynne ting å bli litt nærmare slik det blir sjåande ut til slutt. Er spent på korleis det endelege resultatet blir!

Gulv

Eg kan tenke meg ein kvitpigmentert parkett. Vidar vil ikkje ha for lys, så vi går sjå kva vi går for:)

Oppdatering: Mars 2012 – Vi gjekk for Eik Select hvit matt lakk enstavs som var på tilbud på ein nettbutikk.

Etter å ha søkt på nettet fann var det disse som var aktuelle, men var usikker på kva prisen ligg på:

Fjordal Eik Select hvit matt lakk (enstavs)
Fjordal trestavs Natur hvit
Kährs Eik Cloud (enstavs)
Boen Eik Concerto hvit trestavs

Walk-in closet inspirasjon

Planen er å ha eit eller to walk-in closet i vår framtidige boligdrøm. Det andre blir då på gjesteromet som kombinert skap/bod.

Her kjem nokre bilder til inspirasjon. Størrelsen vi kan ha på skapet er ganske lite, men det skal gå trur eg. Om det ikkje skulle passe seg med walk-in closet blir det skyvedørsgarderobe med 4 speildører om vi har råd til det.

Walk-in
Foto: containerstore.com
Walk-in
Foto: containerstore.com

Vi skal då ha ein vegg til han og ein til henne + veggen forann på deling.

Eg syns det er litt urydding utan skapveggar, so skapveggar blir det.

Walk-in
Foto: iloverags.com

Lampe på soverommet:)

Lampe på soveromet vårt

Då har vi endeleg fått lys i taket på soverommet. Vi kunne ikkje henge ein lampeskjerm der sidan lampefestet er over garderobeskapet, men ledninga var festa vidare til over senga. Dermed kom eg med den smarte ideen å berre henge ei lyspære i ledningane. Vi har allereide den løsninga på boda og for tida er det faktisk IN med lyspære utan lampeskjerm:)

Eg er ikkje noko glad i brunfargen på ledninga, men får vel overleve. Tanken var å kanskje ha svart tape rundt den? Vi har ikkje planar om å bruke masse tid og pengar på å forbedre leiligheita interiørmessig, dermed tar vi i bruk veldig enkle løysingar og håper det blir sjåande passe greit ut:)

Det tok altso omtrent 10 mnd før vi fekk lys i taket.

Her er lampa på boda:

Lampe på boda