Kategoriarkiv: Interiør

Ferskpressa appelsinjuice

Eva Solo Citruspresse med ferskpressa juice

Glas med ferskpressa appelsinjuice

I dag prøvde eg ut Eva Solo Citruspressa som eg fekk til jul:) Den fungerte fint!

Eg brukte 4 appelsiner på eit glas med appelsinjuice. Det var ikkje so gale kva?:)

Eg kjøpte First Price appelsin på Spar sidan det er ganske dyrt å lage appelsinjuice av.

Glassa har eg fått ei veninna mi Eva:) Glasset rommar akkurat nok drikke til eit måltid.

Risotto til middag

Risotto
Risotto

I dag laga eg risotto til middag:)
Risottoen tar ca. 20 minutt å lage klar, so er ein ganske grei middag å lage til.
På butikken hadde dei ikkje svinekjøttdeig, dermed vart det familiekjøttdeig istaden.

Ingredienser:
1 Fullkornsris Boil in Bag
1 Familiekjøttdeig (400 g)
Salt (1 krm)
Peppar (1 krm)
Blå drue (ca. ein neve)
Mais (nesten ei boks)
Fersk annanas ( ca. 1/2 liten)

Skjer opp annanas og drue medan du ventar på at vatnet til risen kokar opp.
Steik kjøttdeiga medan risen kokar.
Ha alle ingrediensane oppi ei skål eller form av eit slag.

Eg brukte rømme til, sidan eg syns det gjer det mindre tørt og i tillegg gir det ein ekstra god smak:)
Dersom måltiden skal halde til 3 personar trur eg det er nok å berre tilsette ein boil in bag rispose til og litt meir drue og annanas:)

Kjøkkenbord-hjørnet vårt
Kjøkkenbord-hjørnet vårt (dårleg bilde pga lite lys)