Kategoriarkiv: Interiør

Huset – vegg under trappa

Då er endeleg veggen under trappa under oppføring. Skulle ønske vi fekk bruke heile trappeområdet (og større bredde på trapp), men veggen blir satt opp rett under eine trappesida og trappa er standard bredde. Sånn går det går vi ikkje beskriver kva vi ønsker ordentleg og det blir misforståelsar om kva som går ann.

Men det blir herleg med bodplass uansett, får vekk ein del ting som ikkje treng stå framme. Spørsmålet er om trappeboda blir stor nok til at vi får utnytta den.

Huset 14.10.12

I dag skulle vi bestemme oss for korleis kassa til å flise inn badekaret skulle vere. Det var vanskeleg å bestemme seg. Praktisk eller fint og symmetrisk?..

Det er bestemt at mosaikkflisane som kjem utanfor badekaret og dusjen skal fjernast og leggast vanleg flis istaden. Eg syns det er veldig rart at folk trur vi vil ha mosaikkfliser lagt utanfor. Hadde det vore lagt i eit møster som var laga til for å vises så hadde det vore greit. Etter planan vi skulle ikkje ha mosaikkfliser ved sluken i det heile, kun evt. akkurat i omårdet rundt om det var nødvendig.

Elles er parketten ferdig lagt!:) Trappa skal monterast på onsdag, så på torsdag begynne eg å vaske oppe i 2.etasje. Forhåpenlegvis er veggen under trappa ferdig på fredag, slik at Vidar kan starte å legge strie og sparkle. Vi må flytte inn i slutten av mnd. berre 2 veker til!

Huset – 13.08.12

PARKETT: Då har det blitt lagt parkett i dei to små soveromma! Parketten var ein del breiare enn eg hadde forestilt meg, so når den var lagt på kortsida såg romma ganske små ut og parketten vart veldig synleg. Det blir å sjå korleis det ser ut når parketten er på plass på gangen, blir forhåpentleg mykje bedre når ein ser heilheita frå gang til soverom og også med møblar.

Parkett

Spisebord

Eg har heile tida sett for meg eit kvitt spisebord med ileggsplater. Det er fint med spisebord i eik også, men det er det å finne den rette eikefargen da.

Vi valgte bordet frå Living pga. det kan bli opp til 360 cm. Vi var heldige sidan det var 20% rabatt på bordet når vi kjøpte det.

Foto: Frå living.no

 

Andre spisebord vi har sett på:

Kristina Spisebord frå Living

Foto: frå living.no

Carisma Spisebord frå Living (litt for stort kanskje, 210cm uten ileggsplater)

Foto: frå living.no

 

 

 

Wake spisebord frå Bolia:

 

 

 

 

 

Huset – 12.06.12

Det har blitt lagt på 1-2 strøk med maling. Vi gjekk for kvitfargen Chi etter at eg hadde søkt etter masse informasjon på nett. Det var eit vanskeleg valg sidan dørane/listane/karmane blir nok litt gulaktige sidan dei er i Bomull. Einaste fordelen er vel at det ikkje blir så kaldt, men eg hadde ikkje hatt noko i mot å ha heilt kvite dører osv. Vi har valgt malinga Easy Clean slik at det blir lett å vaske over kjøkkenet osv. Det blir er ein del dyrare en vanleg veggmalinga, men Vidar ville ha same malingstypen over heile huset (utanom Fondvegg-malinga på soverommet som vi ikkje finst i den typen). Fondveggen på hovudsoveromet er malt, so no begynne ting å bli litt nærmare slik det blir sjåande ut til slutt. Er spent på korleis det endelege resultatet blir!