Kategoriarkiv: Gang

Huset – 12.06.12

Det har blitt lagt på 1-2 strøk med maling. Vi gjekk for kvitfargen Chi etter at eg hadde søkt etter masse informasjon på nett. Det var eit vanskeleg valg sidan dørane/listane/karmane blir nok litt gulaktige sidan dei er i Bomull. Einaste fordelen er vel at det ikkje blir så kaldt, men eg hadde ikkje hatt noko i mot å ha heilt kvite dører osv. Vi har valgt malinga Easy Clean slik at det blir lett å vaske over kjøkkenet osv. Det blir er ein del dyrare en vanleg veggmalinga, men Vidar ville ha same malingstypen over heile huset (utanom Fondvegg-malinga på soverommet som vi ikkje finst i den typen). Fondveggen på hovudsoveromet er malt, so no begynne ting å bli litt nærmare slik det blir sjåande ut til slutt. Er spent på korleis det endelege resultatet blir!

Vegg og tak

Vegg
(Oppdatert i juli)

Vegg på baderomet
Vi valgte då kvite våtromsplatane i 60×15 cm sidan dei passa til høgda på badet i hovudetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Disse i 60×20 cm valgte vi på badet i loftsetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Vegg i resten av huset
Ein ting eg har vore heilt sikker på når eg skulle bygge hus var å ha slette veggar av gips eller sponplater. Vi har valgt å ha gipsplater sidan dei tåler bedre vatn enn sponplater. Kunne kanskje valgt å ha sponplater utanom på kjøkkenet, men det var ikkje slik.

Eg har funne ut at det vil koste ein god del meir med gipsplater sidan det tar mykje tid å sparkle og male. Vi tenkte å sette bort alt arbeidet med sparkling og maling, men når vi fekk tilbudet for det arbeidet ombestemte vi oss og ville gjere det sjølve, hehe. Vi fekk hjelp til å sparkle og male, og det gjekk veldig greit, berre litt som må farast over igjen.

Fargar på veggane:
Veggane vart i fargen Chi i nesten heile husete. Det vart ein fondvegg på hovudsoveromet og på spisestova. Planen var å ha ein fondvegg på tv-stova oppe og eit av dei mindre soverommene også, men vi syns det var greit å berre å det heilt kvitt og tilføye med interiør i andre fargar.

I inngangen inngangen tenkte eg å ha tapet på eine veggen eller male den lysgrå, men det vart ikkje slik (alt vart kvitt).

Badet i hovudetasja ville eg ha mørkt og avslappande (veggar i mellom/mørkgrått), men det var visst ikkje nokon våtromsplater som var høge nok i mørk farge, kun kvitt i flismøster.

Tak
Sidan det kostar mykje med gipsplater (tid og pengar), vil ikkje Vidar at vi skal ha gipsplater i taket. Dermed blir det Tak-ess (takplater). Dette var igrunnen veldig greit, sidan det vart fint med Tak-ess også.

Skittentøyløsning

Vi har valgt å kjøpe Ikea sine ANTONIUS stativ inne i skyvedørsgarderobeskapet på gangen rett utanfor badet. Disse kan vi trille rett bort til vaskemaskina.

 

Vi har tenkt å ha 3 kurvstativ (en settast oppå den andre eller vi setter dei kvar sitt høyskap) :

Farget handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
Kvite handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
+ Pose til tvoger

Farget 40 (stor kurv)
Lyst 40 (liten kurv)
Rent tøy (liten kurv)
+Pose til sokkar

Farget 30 (liten kurv)
Lyst 30 (liten kurv)
Ullvask 30 (liten kurv)
Håndvask (liten kurv)

Eg skal sette på merkelapper slik vi veit kva som skal vere i kva kurv.

Fliser på gang og bad

Kva fliser skal vi velge? Vi vil ha nokre som er mørke, grå/svarte.

Vi har vore å sett på fliser og fann nokre 30×30 cm til  kr. 399,- pr. kvm. Prisen for flisane er er litt høgre enn kva som er inkludert i det nøkkelferdige huset vi har kjøpt. Gangen er 9,1 kvm, badet nede er 7 kvm og badet oppe er 6,8 kvm. Så tilsammen blir det rundt 6000 kr ekstra. Vi har planar om ha innebygt badekar, med flis 30×30 mosaikkstørrelse (5×5 cm). Disse kostar kr. 1299,- pr. kvm. Dermed blir det vel 2000 kr ekstra der også.

Trapp

Dette innlegget blir oppdaterer når eg finn nye trappeløysningar og inspirasjon:)

Vi har lenge hatt planar om å bygge hus og eg begynte å planlegge for fleire år sidan:) Det er kjekt å tenke ut korleis huset skal bli:)

Ein ting eg har tenkt ein del på er kva slags trappeløp vi bør gå for. Det eg har lest er at det sikraste er 180 grader repotrapp. Mange av hustypane eg vurderte hadde dette, no har vi gått for eit ferdighus som har ei slags 90-repotrapp.

Eg syns  det er veldig stilig med rett trapp. Spesielt der det er open løsning og trappa blir ein del av rommet på ein måte.

Eg har funne eit bilde av ei 90 grade repotrapp eg likte veldig godt:

Trapp repo
Foto: Henta frå verdenensvenen (gi gjerne beskjed om kor)

Trappa over har dekt heile veggen med glass, det blir kanskje litt for dyrt for oss.

Dinne trappa er veldig lik den eg ser for meg:

Sidan vi skal ha bod under trappa får vi ikkje  opne trinn med sikringslist. Når det gjeld gelender står det mellom glassvegg eller spilevegg i stål med returgelender i tre eller stål. Spørsmålet er kor mykje dyrare det er med glassvegg/spilevegg i stål opp mot vanleg tregelender?

Trappa blir kvit med eiketrinn. Kvit er vel det beste i forhold til at det er enkelt og ein blir kanskje ikkje so fort lei av den. Derimot syns eg svart er veldig stilig. Det må vel også takast med i betraktninga kva farge som passar til golvet.  Eg liker veldig godt kvit eik, men eikegulv er finast i 1-stav som er for dyre. Hittil har eg sett litt på Kährs Eik Cloud. Eg syns det er stilig med store rektangulære gråsvarte «fliser»:), men det blir ikkje i ditte huset.

Svart/kvit trapp
Foto: tramont.no

Eg må sei eg likar denne svarte trappa:

Sort trapp
Foto: crjdesign

Og denne kvite trappa, Me like:) :

Trapp
Foto: Henta frå verdensveven (om du veit kor, gi gjerne beskjed)

Dette er vel ca den løysninga eg ville gått for, berre med eit returgelender å halde seg i.

Dinne 180-graders repoløysninga er ganske stilig:

Trapp
Foto: Henta frå verdensveven (fortell gjerne kor frå)
Trapp med belysning
Foto: viivilla.no (Trappekompaniet)

Eg vil gjerne ha belysning ved trappetrinna. Om det blir kjem vel ann på korleis vi ligg ann økonomisk:/

Det er visst best å bruke diodelys (ikkje varme, lite strømforbruk og nesten evigvarane) i følge ein artikkel på viivilla.no. Dei er i tillegg enkle å montere og kan plasserast omtrent kor ein vil. Ei anna løysning er å bruke LED-lys i form av lysliste:) Disse limast under trappetrinna og gir ei spesiell og dekorativ effekt.

Det som er viktig er å ha stikkontakter ved trappa! Er visst monge som ikkje tenkar på det i følge artikkelen på viivilla.no.