Kategoriarkiv: Bod/vaskerom

Huset – vegg under trappa

Då er endeleg veggen under trappa under oppføring. Skulle ønske vi fekk bruke heile trappeområdet (og større bredde på trapp), men veggen blir satt opp rett under eine trappesida og trappa er standard bredde. Sånn går det går vi ikkje beskriver kva vi ønsker ordentleg og det blir misforståelsar om kva som går ann.

Men det blir herleg med bodplass uansett, får vekk ein del ting som ikkje treng stå framme. Spørsmålet er om trappeboda blir stor nok til at vi får utnytta den.

Skittentøyløsning

Vi har valgt å kjøpe Ikea sine ANTONIUS stativ inne i skyvedørsgarderobeskapet på gangen rett utanfor badet. Disse kan vi trille rett bort til vaskemaskina.

 

Vi har tenkt å ha 3 kurvstativ (en settast oppå den andre eller vi setter dei kvar sitt høyskap) :

Farget handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
Kvite handklede/sengetøy 60 (stor kurv)
+ Pose til tvoger

Farget 40 (stor kurv)
Lyst 40 (liten kurv)
Rent tøy (liten kurv)
+Pose til sokkar

Farget 30 (liten kurv)
Lyst 30 (liten kurv)
Ullvask 30 (liten kurv)
Håndvask (liten kurv)

Eg skal sette på merkelapper slik vi veit kva som skal vere i kva kurv.

Vaskerom – inspirasjon

Her er inspirasjon til vaskerom. I huset vi bygger er det bad/vaskerom i eit. Så det blir ikkje vaskemaskin ståande oppå ei «hylle» sidan det er for lite benkeplass.

Vaskerom
Huskar ikkje kor eg fann bildet
Vaskerom
Foto: designa.dk/no

Disse løysingane kan eg godt tenke meg. Praktiske og veldig fine.

Vaskerom
Foto: delikatissen.com

Ei enkel løysing dersom det blir for dyrt med skap er å male rommet i ein knæsj farge og ha ein gjennomført stil. Det er litt meir rotete, men friskare:)

Lampe på soverommet:)

Lampe på soveromet vårt

Då har vi endeleg fått lys i taket på soverommet. Vi kunne ikkje henge ein lampeskjerm der sidan lampefestet er over garderobeskapet, men ledninga var festa vidare til over senga. Dermed kom eg med den smarte ideen å berre henge ei lyspære i ledningane. Vi har allereide den løsninga på boda og for tida er det faktisk IN med lyspære utan lampeskjerm:)

Eg er ikkje noko glad i brunfargen på ledninga, men får vel overleve. Tanken var å kanskje ha svart tape rundt den? Vi har ikkje planar om å bruke masse tid og pengar på å forbedre leiligheita interiørmessig, dermed tar vi i bruk veldig enkle løysingar og håper det blir sjåande passe greit ut:)

Det tok altso omtrent 10 mnd før vi fekk lys i taket.

Her er lampa på boda:

Lampe på boda