Kategoriarkiv: Husbygging

Gulv

Eg kan tenke meg ein kvitpigmentert parkett. Vidar vil ikkje ha for lys, så vi går sjå kva vi går for:)

Oppdatering: Mars 2012 – Vi gjekk for Eik Select hvit matt lakk enstavs som var på tilbud på ein nettbutikk.

Etter å ha søkt på nettet fann var det disse som var aktuelle, men var usikker på kva prisen ligg på:

Fjordal Eik Select hvit matt lakk (enstavs)
Fjordal trestavs Natur hvit
Kährs Eik Cloud (enstavs)
Boen Eik Concerto hvit trestavs

Belysning – gulvlamper

Her er nokre av lampane eg ser for meg i nyehuset.

Nokre er sikkert for dyre og nokre vil samboaren min sei blankt nei til, men det er lov å drømme 🙂 Muleg nokre av lampane er ute av produksjon før vi skal starte innkjøpet av interiør til huset, men det er greit å begynne å planlegge litt på førehand….

Det er litt vanskeleg å sjå for seg om det vil passe best med svart eller kvit lampe, eller kanskje ein fresh farge?:)

 

 

Sofalampe:

Eg likte godt denne lampen frå Ikea, den likna litt på ein lampe frå Louis Poulsen. Den passar fint ved sidan av sofaen på stova:)

Lampe
Lampe. Foto henta frå ikea.no

 

Elles likar eg godt denne lampa som også er frå Ikea:

Lampe. Foto henta frå ikea.no

 

Denne lampen frå Bolia ville eg gjerne ha, men den vert nok for mykje i veien når ein skal sette seg i sofaen (føler ein skal til å stange seg i den).

Lampe. Foto henta frå bolia.com

 

Denne lampen frå Bolia hadde vore fin å ha på loftstova, i enden av sofaen på stova eller i eit hjørne for å skape litt stemning.

Lampe. Foto henta frå bolia.com

 

Nattbordlampe:

Stilig nattbordlampe, men litt for dyr med tanke på at vi ikkje vil bruke dei så ofte.

Lampe. Foto henta frå bolia.com

 

Kjøkkenløysing

Då har vi bestemt oss for korleis kjøkkenløysinga vår skal vere!

Vi fekk ikkje flytte veggen bak høgskapa so kjøkkenet vart 60 cm kortare. Dermed vart det litt mindre benkeplass enn planlagt og vi fekk ikkje dobbelvask.

I sjalusiskapet skal der vere plass til kaffetraktaren (Moccamaster) og 1 eller 2  hylle over. Sjalusiskapet vårt er visst ikkje djupt som vanlege skap, så dette er litt dumt da.

Først tenkte vi å ha mikro inni skapet over steikeovnen, men vi har funne ut at vi vil ha ein kompiovn (mikro/ovn). Det er litt meir praktisk å sleppe døra forann og vi ved å ha kombiovn får vi steikt to rettar samtidig:)

Det blir ei kvit «kasse» rundt høyskapa (på bildet er den grå). I «kassa» blir det spottar som lyser ned forann høyskapa.

Fargen på benkeplata sto mellom svart laminat med litt «mønster» eller mørkgrå laminat. Vi valgte mørkgrå laminat.

Ventilatoren blir stålfarga, men eg likar den godt i kvitt også…

Kjøkkenteikning i 3D - 08.05.2012

 

 

Kjøkkenløysing - første teikning
Kjøkkenteikning i 3D - Første teikning - 26.11.2011

 

Huskjøp!

Vi har kjøpt oss hus!!

Huset leverast nøkkelferdig. Det blir ikkje bygt før neste år (innflytting hasut 2012), so vi syns det er litt dumt. Derimot får vi god tid til å planlegge korleis det skal sjå ut innvendig 🙂

Eg har teikna opp planløysinga og satt inn interiør i RoomSketcher (tidlegare kalla Viseno). Det er vanskeleg å bestemme seg for korleis planløysinga skal vere. Kva er best utnyttelse av det 130 kvm lisje huset? Der er kun to soverom om vi vil ha loftstove/gjesterom. Vi kunne ha fått til ei loftstove for seg sjølv, men då måtte vi ha endra ein god del på planløysinga og det blir litt rart med ei dør i enden av trappa. Det er ikkje store vitsen med ei loftstove utan dør meinar Vidar, sidan det blir so lytt.

Lengtar etter hus

Vi håper virkeleg at vi finn oss ein ny plass å bo før vinteren kjem. Delvis fordi vi lenge har ville hatt eit eige hus og ikkje bo i ei leiligheit vi leige, men også fordi eg ikkje likar veien opp dit vi bor pga den er ganske bratt og der er glatt store delar av vinteren.

Oppdatering: Det seg ganske mørkt ut. Nye hus som byggast er ikkje klar før til neste år, so einaste håpet er eit hus som er ganske nytt kjem til sals. T0mtane som er til sals no, passar heller ikkje å bygge på sidan der er lite utsikt eller for mykje opp i høgda (og eit stykke frå sentrum).