Kategori: Husbygging
Blandebatteri kjøkken og bad
Dette er eit vanskeleg valg. Eg likar godt dei med sånn “tynt” handtak, medan Vidar likar bedre det “vanlege” handtaket. Men han sa ikkje so mykje på det når vi var å kika på blandebatteri sist, så det blir forhåpentlegvis eit med “tynt” handtak. Eg har til no ikkje funne noko blandebatteri som eg likar godt. Det eg har tenkt på er at dersom handtaket er på høgre side og eg skrur det på med venstre handa så blir det litt innvikla dersom blandebatteriet er kort? Så det beste er om handtaket er på toppen.
Blandebatteria som kan vere aktuelle
Kjøkken:
Talis S kjøkkenkran (Hans Grohe)
Talis S2 Variarc kjøkkenkran (Hans Grohe)
Allegra Variarc (Hans Grohe)
Axor Uno kjøkkenkran (Hans Grohe)
Grohe Essence m/uttrekk
Bad:
Talis S servantkran (Hans Grohe)
Alessi kar og dusjtermostat (Oras)
Il Bagno Alessi One badekarkran (Oras)
Benkeplate på kjøkkenet
Det er stilig med svart, men blir vel kanskje lei etterkvart? Elles er vel svart ganske framtredande i eit elles kvitt rom? Eg likar best heilt svart benkeplate, utan mønster i. Men det blir fort skittent, so då trur eg at vi ikkje kan få for det. Eg vurderar dermed kanskje mørk grå eller kvit benkeplate.
Eg syns det var ganske fint med grå benkeplate og kvite benkeskap som på kjøkkenet til bloggaren Sofienberggata 3f. Gulvet er også i ein lys farge, slik eg har tenkt å ha.
Mørk grå benkeplate i laminat
Foto: drommekjokkenet.no
Svart benkeplate i laminat, “med mønster”
Foto: drommekjokkenet.no
Bad – Toalett
Vi skal ha vegghengt toalett på begge bada. Det skal vere lett å reingjere, med minst muleg krikar å vaske.
Valget står no mellom to vegghengte toalett:
Seven D Image frå Porsgrund bad