Kategori: Hundeutstyr

Trekk til hundeburet:)

8. februar, 2010

Trekk til hundeburet:)

Då har eg endeleg begynt å lage trekk til hundeburet! Det tok mykje lengre tid å lage eit trekk enn eg trudde. Oppmålinga er eit herk, men slik er det vel når eg berre gjer det på min måte, korleis ein eigentleg målar opp tøystoffet veit eg ikkje (har gløymt det). Eg har ikkje malar å gå etter. Det hadde nok vore det enklaste. Eg er av den typen som ikkje gir opp, men dette tok so long tid at eg måtte berre avslutte for dagen og starte på igjen ein anna dag. Som regel sit eg til eg er ferdig, hehe. Det er so kjekt å sjå sluttresultatet! Dessverre kan det ikkje alltid bli slik. Eg har igjen å sy inn 4 av5 kantar og sy kantane der eg har sydd saman sidane.

Tidlegare har vi berre lagt ein handduk over buret, men eit burtrekk er mykje finare:) Eg er litt usikker på stoffvalget (masse små blomstra), men det er vertfall oppfriskande:)

Eg har no vorte medlem av bloglovin. Follow my blog with bloglovin :)

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy