Kategori: Hund

Holly og Kira leikar:)

23. mai, 2010

Holly og Kira (husegiaren sin hund) har det kjekt saman. Kira leikebiter ein del, forhåpentlegvis sluttar ho med det snart. Ho er berre 12 veker gamal, so det er sikkert berre ei valpefakte.

Kira og Holly

Holly og Kira

Kira og Holly

Kira og Holly

Holly og Kira

Kira og Holly

Holly og Kira

Trekk til hundeburet:)

8. februar, 2010

Trekk til hundeburet:)

Då har eg endeleg begynt å lage trekk til hundeburet! Det tok mykje lengre tid å lage eit trekk enn eg trudde. Oppmålinga er eit herk, men slik er det vel når eg berre gjer det på min måte, korleis ein eigentleg målar opp tøystoffet veit eg ikkje (har gløymt det). Eg har ikkje malar å gå etter. Det hadde nok vore det enklaste. Eg er av den typen som ikkje gir opp, men dette tok so long tid at eg måtte berre avslutte for dagen og starte på igjen ein anna dag. Som regel sit eg til eg er ferdig, hehe. Det er so kjekt å sjå sluttresultatet! Dessverre kan det ikkje alltid bli slik. Eg har igjen å sy inn 4 av5 kantar og sy kantane der eg har sydd saman sidane.

Tidlegare har vi berre lagt ein handduk over buret, men eit burtrekk er mykje finare:) Eg er litt usikker på stoffvalget (masse små blomstra), men det er vertfall oppfriskande:)

Eg har no vorte medlem av bloglovin. Follow my blog with bloglovin :)

Velkomen:)

1. januar, 2010

Velkomen til mi nye bloggadresse. Den gamle bloggadressa mi (eldre innlegg) finn du her :)

Bloggen kjem til å handle om det same so før :) Eg har berre endra design og nettadressa.
Grunnen til eg endra blogg er for nettadressa passar litt bedre og eige domene gjer det lettare å gjere endringar:)

Legg gjerne igjen kommentarar i blogginnlegga:)

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy