6. september, 2010
I natt rundt kl. 01.30 vakna eg av nokre lydar frå Holly. Ho sat på gangen og det virka som ho hadde vondt ein plass, mulegens bak med rompa. Eg prøvde å ta bort i og ho reagerte litt på det. Dermed vart det oppi sofaen og på med lyset for å sjå etter om det var analkjertelen. Det var det. Ho var hard og opphova på eit stort område på høgre sida av analkjertelen. Stakar.
Eg sa ifrå til Vidar at han måtte køyre meg bort til foreldra mine når han skulle stå opp slik eg fekk låne ein bil og køyre til dyrlegen. Etterpå la eg og Holly oss på sovesofaen på kontor/gjesterommet. Holly hadde det ubehageleg, pusta og peste. Halen var litt innunder innimellom, men ho peip ikkje nokon gong. Eg prøvde å roe ho ned slik ho fekk sove fram til vi skulle fare til dyrlegen kl.08. Om ho fekk sove veit eg ikkje, men ho låg vertfall stille i ein til to timar om gongen. Eg vokna lett når ho begynte å bevege seg.
Hos dyrlegen gjekk det greit. Det hadde gått hål på den betente delen so Holly fekk bedøvelse, vart barbert og rensa i såret. Dyrlegen ga ho antibiotikasprøyte og smertestillande. Eg skal gi ho 2 tablettar antibiotika morgen og kveld + 1 smertestillande tablett i 14 dagar. Såret skal også rensast ved å skylle med såpe og dusjhaudet kvar dag i 14 dagar. Deretter blir det etterkontroll.
Rart at Holly ikkje har pepe eller gitt teikn til å ha det ubehageleg dei siste dagane. Før det var ho hos foreldra has Vidar i 14 dagar, so eg veit ikkje korleis ho har oppført seg der. Dyrlegen sa at eit typisk teikn på at analkjertelen ikkje er tømt er at hundar akar seg med rumpa på gulvet. Holly har alltid tømt seg tidlegare og ho akar seg gjerne når ho er rastlaus eller oppgira, dermed er ikkje det eit so lett teikn å skille frå kvarandre hos Holly.
10. juni, 2010
Holly har altid røyta mykje, men den siste månaden har ho nesten ikkje røyta i det heile
Å kor hørleg! Vi treng berre å sope over golvet ein-to gongar i veka, før var det kvar dag og det ligg ikkje eit lag med hundehår oppi sofoane om morgonen. Eg håper verkeleg dette kjem til å vare!:) Det er muleg det at ho røytar mindre er pga løpetida ho har hatt, men eg kan ikkje huske at ho røyta mindre dei forrige løpetidane.

23. mai, 2010
Holly og Kira (husegiaren sin hund) har det kjekt saman. Kira leikebiter ein del, forhåpentlegvis sluttar ho med det snart. Ho er berre 12 veker gamal, so det er sikkert berre ei valpefakte.







10. mars, 2010
I dag var eg hos dyrelegen med Holly kl. 14.20. Det var på tide med ny vaksine og tannsteinfjerning. Dyrelegen tok å klipte klørne også, so sleppe eg å kave med det. Det kosta no litt, men kan ha litt luksus ein gong i året, hehe.
Holly har ikkje gått noko særleg enda etter ho vokna , men trur ho klarar å gå greit no. Det er ganske glatt på gulvet so ho kava litt når ho prøvde å bevege seg tidlegare i dag.
Eg kjøpte meir for i dag. Dinne gongen gjekk eg for Specific Allergy Management Pluss. Då får ho i seg litt meir olje, so kanskje kan hjelpe mot røytinga hinna.
7. mars, 2010
I dag gjekk eg og Holly tur at med Elisabet:) Det er kjekt å ha selskap på tur, tida går litt fortare når ein har nokon å prate med. Det var slafs og vanndammar på gongveien so skoa mine vart gjennomvåte ganske fort.

Holly vart ganske skitten, so ho måtte gjennom ein long dusj med shampo og balsam for å bli rein.
28. januar, 2010

I dag kjøpte eg ein Bendit mangodelar. Eg har tenkt på å kjøpe det ei god stund og no låg der eit par på butikken at med mangoane lett synleg:)
Eg syns Bendit mangodelaren var heilt grei å bruke. Det forenkla oppskjeringa av mango litt, men ikkje so veldig sidan eg har ein grei teknikk. Det blir ein ekstra ting å vaske opp også, men om ein vaskar den med ein gong er det fort gjort.
Må ta med eit bilde av Hollya mi også:

14. januar, 2010
I dag for eg, Vidar og Holly på skitur. Vi begynte å gå kl. 17.25 og var tilbake kl. 18.40.
Vidar syns det var litt mykje styr med dinna langlina han hadde Holly i. Måtte passe på so den ikkje for rundt skina sidan Holly stoppa opp for å lukte ein del. Etterkvart gjekk det litt bedre for Holly gjekk litt meir i eit sett.
Vi stoppa for å ta ei lita pause etter 30 minutt. Det var kaldt so vi tok berre eit par bilde og drakk ein kopp kakao:)


Her er so fine turstiar med preparerte skiløype:)

Holly græv og lurar etterpå om ho har gjort noko gale sidan vi sei ho skal gå vekk derfrå..


Eg og Vidar:)

På tilbakeveien hadde det berre gått vel 5 minutt før Holly begynte å gå litt saktare, men ho logra og virka glad. Eg såg ho bua litt på kroppen so det var eit eller anna. Ho tok også litt kontakt med meg og ville få litt kos. Dermed måtte det vere noko tenkte eg sidan ho brukar omtrent aldri å ta kontakt når vi går ute (snusar og går fram og tilbake heile tida). Eg sjekka om ho hadde snø under føta med det hadde ikkje no. Dermed prøvde vi å gå litt vidare, men ho var fortsatt veldig kontaktsøkande. Dermed stoppa eg. Eg kjente etter om Holly var varm eller kald (ho hadde på seg dekken). Holly skalv. Det enda med at vi tok skjorta mi over føta til Holly og Vidar bar ho resten av turen (1o minutt kanskje?). Kan kanskje kalle ho litt bortskjemt, men eg trur det vart for kaldt for potane hinna. Ho viste klart fram ved å lufte beina opp frå bakken at dette ville ho ikkje når det var to minutt igjen av turen.
Vel heime såg eg på potane hinna. Det einaste var at dei var kanskje litt våte? Litt oppbløtte rundt på ein måte. Neste gong blir det potesalve eller kanskje potesokka?
Holly begynte å ete på nokre forbitar som låg på stovegolvet etter ei leike. Ho var visst svolta so ho hadde det vertfall bra no, hehe. No ligg ho under pleddet og har det varmt og godt.
Det var godt med bollar og kakao når vi kom heim frå skituren:)

5. januar, 2010

Holly
Fødselsdato: 03.12.06
Rase: Cavalier King Charles Spaniel
Vekt: 7,8 kg
Høgde: 33 cm
For: Specific Allergy Management Pluss
Farge: Blenheim
Oppdrettar: Lyngroen Kennel, i Haugesund
Stamtavlenamn: Lyngroen`s Holly Wood
Foreldre: Loranka`s Moonmagic “Hugo” og Tatanja`s Golden Miss Tiril “Tiril”
Kullsøsken: Lyngroen’s Hugo Boss, Lyngroen’s Hansa Premium og Lyngroen’s Harly Boy
Holly kom til oss 04.02.07. Vi gleda oss masse:) Eg henta Holly i Haugesund. Ho var då
9 veker gamal. Når eg kom til oppdrettaren vart eg møtt av ein gjeng skjønne cavalierar:) og fekk vere der eit par timar å kose og studere dei før eg og Holly reiste med fly heimover. Vi kom heim rundt 00.30 om natta.
Holly er veldig søt! og leiken. Ho er veldig roleg inne, søv som regel i sofaen på dagtid når det ikkje skjer noko. Om natta legg ho seg på hundemadrassa som ligg nedanfor senga, men går etterkvart inn på stova og legg seg i sofaen.
Stamtavle:
| FarLoranka’s Moonmagic
S55967/2001 |
FarfarGB CH
Loranka’s Celebration
KCSB1037CL |
Peakdowns Fasanation LorankaKCW5253501W04 |
| Loranka’s Love SensationKCW3364402W03 |
|
FarmorLoranka’s Moonlight’n Roses
KCX0232605X01 |
Loranka’s RomancerKCSB197CB |
| Cavaliegh Esme At LorankaKCU1161702U02 |
|
| MorTatanja’s Golden Miss Tiril
15166/02
Blenheim |
MorfarMagic Charm’s Millenium
03328/00
Blenheim |
Magic Charm’s Indian Warrior22329/96 |
| Magic Charm’s Coft Charamell00463/97 |
|
MormorTatanja’s Beautys Last Daugher
17882/99
Blenheim |
Pamedna Paddy Whack00631/97 |
| Tatanja’s Peace Rose25783/92 |
1. januar, 2010
Velkomen til mi nye bloggadresse.
Legg gjerne igjen kommentarar til blogginnlegga:)
Dippeduttar, Film, Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Shopping/Mote, Tur, Ukategorisert, Ønskelista