29. januar, 2010
Det vart litt shopping i dag:)
Eg kjøpte ein del scrappbookingkort-utstyr på bokbutikken:
Oppbevaringsboks:)

Chipboard og bokstavar:)

Chipbord shapes & tags:)

Her er dei oppi ei korg:

Fargerikt innpakkingspapir som kan brukast til kortlaging:

På Best Fashion (Vero Moda) kjøpte eg nokre klesplagg, to øredobbpar og eit smykke:

27. januar, 2010


Då fann eg enda fleire serviettar til “samlinga” mi:) Eg kjøpte disse på E-design Hareid As. Der har eg aldri vore før. Dei hadde mykje fint, men stilen er mest moderne klassisk der.
Eg fann også nokre blomstrar til kortlaging:

Likte godt blåfargen på disse, men dei kunne kanskje ha vore litt lysare.
25. januar, 2010

Kortet eg laga:)
I kveld var eg på scrappbookingkurs frå 18-22. Det vart arrangert av frivillegsentralen. Prisen var 150 kr inkl. ark.Vi var 9 påmeldte som dukka opp.
Vi fekk informasjon om forskjellege teknikkar ein kan bruke på å lage kort og fekk prøve det ut på eit kort som vi skulle lage iløpet av kurskvelden. Instruktøren viste oss korleis vi brukar stempelpute og korleis vi fargelegg med fargeblyantar og malar stempeltrykka eller “kler på dei” om ein ikkje vil male sjølve. Eg endar ofte opp med å ha litt for mykje vatn eller maling på kortet slik det “smuldrar” litt, so eg held meg sikkert til fargelegging med akvarellfargeblyantar.
Instruktøren hadde med seg eit skjerebrett som ein brukar til skjere til arka med. Det hadde vore veldig kjekt å ha eit slikt skjerebrett, men det kostar ein par tusen..Trur ikkje det blir invistert i eit slikt med det første, hehe.
Eg brukte lang tid på å velge kva ark eg skulle bruke til kortet. Først skulle eg velge kartongark til hovudkortet og deretter 3 ark til å ha oppå det. Det var vanskeleg å finne ark som var rolege nok samen, men når eg fann arket eg brukte til det nederste arket vart valget mykje lettare. Då stemte liksom fargesamansettninga:)
Til slutt viste hjalp instruktøren dei som trengte å bli vist korleis ein laga og festa sløyfa.
Det skal visst vere scrappbookingkveld på torsdag, men då skal eg på Jentekveld på hotellet (gratis kveld med tapas og informasjon om økonomi i kvardagen for jenter). Det blir sikkert kjekt:)
1. januar, 2010
Velkomen til mi nye bloggadresse.
Legg gjerne igjen kommentarar til blogginnlegga:)
Dippeduttar, Film, Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Shopping/Mote, Tur, Ukategorisert, Ønskelista