14. juni, 2010

I dag har mamma bursdag. Ho blei 52 år. Eg og Vidar for til foreldra mine på middag og kaffebesøk. Det var kjekt:) Foreldra til Vidar var også der og ei venninne av mor mi kom også etterkvart.
Eg laga bursdagkort til mamma. Som alltids blir kortet ofte kjedeleg inni og dinne gongen vart inget unntak, men eg orka dessverre ikkje å kome på noko no sidan synet er fortsatt ganske uklart etter laseroperasjonen.
23. februar, 2010

I dag har eg og Vidar vore ilag i 8 år. Tida går fort ja.
Vi gir som regel ikkje gåve til kvarandre, men eg syns det er kjekt å lage kort so Vidar får det kvart år:) I år fekk eg ikkje kort av Vidar sidan han jobba overtid. Eg syns han kunne ha fiksa det dagen før da, men kan vere han ikkje huska at vi hadde dag. Det hadde også vore kjekt å fått nokre rose eller ei plante……Han har brukt å kjøpt det dei fleste åra hittil.
Vi feira med å fare på kafèrestaurant. Begge var svoltne so eg kjøpte meg ein kebab m/chips ved sida av og Vidar kjøpte seg Chow Chow Pizza. Vi vart begge godt mette av middagen. Etterpå fekk vi servert gratis iskuler (3 stk)
Det var litt koseleg da og isen vart spist opp.
Planen var å sjå film etter vi hadde ete, men sidan Vidar jobba overtid i dag hadde han ikkje klart å halde seg våken og dermed tek vi film og brownies ein anna kveld.
17. februar, 2010

Morsdagskortet eg laga til mamma frå meg og tvillingsystra mi:)
Det var ikkje det enklaste å sy på tøystoffet sidan det var elastisk, men det gjekk sjølv om det ikkje vart heilt perfekt…
8. februar, 2010

Då har eg endeleg begynt å lage trekk til hundeburet! Det tok mykje lengre tid å lage eit trekk enn eg trudde. Oppmålinga er eit herk, men slik er det vel når eg berre gjer det på min måte, korleis ein eigentleg målar opp tøystoffet veit eg ikkje (har gløymt det). Eg har ikkje malar å gå etter. Det hadde nok vore det enklaste. Eg er av den typen som ikkje gir opp, men dette tok so long tid at eg måtte berre avslutte for dagen og starte på igjen ein anna dag. Som regel sit eg til eg er ferdig, hehe. Det er so kjekt å sjå sluttresultatet! Dessverre kan det ikkje alltid bli slik. Eg har igjen å sy inn 4 av5 kantar og sy kantane der eg har sydd saman sidane.
Tidlegare har vi berre lagt ein handduk over buret, men eit burtrekk er mykje finare:) Eg er litt usikker på stoffvalget (masse små blomstra), men det er vertfall oppfriskande:)
Eg har no vorte medlem av bloglovin. Follow my blog with bloglovin
8. februar, 2010

Eg vart ganske fornøgd med resultatet:)
Då har eg fått printa ut litt tekst og hatt inn i bilderamma. Ramma har berre låge her og samla støv. Planen var å ha nokre bilde inni, men først måtte eg ha nokre bilde eg vil ha inn i ramme og det har eg ikkje enda. Inntil vidare blir ramma ståande på skrivepulten på innergangen. Skrivepulten er ikkje i bruk so den treng litt pynt:)
Eg har sett monge bilderammer i blogger og på nettet den siste tida so då kom eg til at eg kunne bruke ramma til det:)
Tanken er å lage nokre lerretbilde med tekst på, men først må eg få tak i lerretramme og akrylmaling og det vil sikkert ta tid. Kor dei selge slikt her det veit eg ikkje, dermed må eg bestille over nettet.
1. februar, 2010

Foto: no.bernina.com
Då er det klart til å sette seg ned å sy på altmulegrommet. Eg har hala det ut dei siste mnd sidan eg måtte sette meg inn igjen i korleis ein trer symaskina og lagar til undertråd +++. Eine unnskyldinga mi var at eg måtte rydde der inne, hehe. No er det ganske rydding, men treng ei hylle å sette frå meg alle boksane og stoffa (litt for lite plass på skrivepulten til alt “rotet”).
Eg klarte å ødelegge nåla ved eit forsøk på å få av friarmsbrettet som gjer “syområdet” større. Eg såg på bruksanvisninga etterpå og eg følgte den sånn ca, men det eg gjorde feil veit eg ikkje heilt korleis eg skulle ha unngått, so trur eg prøvar dette ut utan nåla neste gong! Heldigvis har eg eit par ekstra næle.
Eg klarte ikkje å finne ut kva eg skal starte å lage, men eg tippar eg lagar nokre posar til strikketøy og oppbevaring av småting. Det virkar som eit greit førsteprosjekt å starte med. Det er 5 år sidan eg sist brukte ei symaskin so det tar sikkert litt tid før eg er komfortabel med å bruke den, hehe. Eg skal etterkvart sy puter med glidelås og det blir interessant, sidan eg berre har sydd på ein glidelås, men reknar med det skal gå bra:)
Start på første prosjektet i morga og håper på det beste
Dessverre manglar eg band til å lukke posane med og når eg kjem meg på ein garnbutikken veit eg ikkje, so prosjektet vil sikkert ta litt tid:/ Kanskje eg kan bruke nokre av banda eg har til kortlaging? Hmm:)
29. januar, 2010
Det vart litt shopping i dag:)
Eg kjøpte ein del scrappbookingkort-utstyr på bokbutikken:
Oppbevaringsboks:)

Chipboard og bokstavar:)

Chipbord shapes & tags:)

Her er dei oppi ei korg:

Fargerikt innpakkingspapir som kan brukast til kortlaging:

På Best Fashion (Vero Moda) kjøpte eg nokre klesplagg, to øredobbpar og eit smykke:

27. januar, 2010


Då fann eg enda fleire serviettar til “samlinga” mi:) Eg kjøpte disse på E-design Hareid As. Der har eg aldri vore før. Dei hadde mykje fint, men stilen er mest moderne klassisk der.
Eg fann også nokre blomstrar til kortlaging:

Likte godt blåfargen på disse, men dei kunne kanskje ha vore litt lysare.
25. januar, 2010

Kortet eg laga:)
I kveld var eg på scrappbookingkurs frå 18-22. Det vart arrangert av frivillegsentralen. Prisen var 150 kr inkl. ark.Vi var 9 påmeldte som dukka opp.
Vi fekk informasjon om forskjellege teknikkar ein kan bruke på å lage kort og fekk prøve det ut på eit kort som vi skulle lage iløpet av kurskvelden. Instruktøren viste oss korleis vi brukar stempelpute og korleis vi fargelegg med fargeblyantar og malar stempeltrykka eller “kler på dei” om ein ikkje vil male sjølve. Eg endar ofte opp med å ha litt for mykje vatn eller maling på kortet slik det “smuldrar” litt, so eg held meg sikkert til fargelegging med akvarellfargeblyantar.
Instruktøren hadde med seg eit skjerebrett som ein brukar til skjere til arka med. Det hadde vore veldig kjekt å ha eit slikt skjerebrett, men det kostar ein par tusen..Trur ikkje det blir invistert i eit slikt med det første, hehe.
Eg brukte lang tid på å velge kva ark eg skulle bruke til kortet. Først skulle eg velge kartongark til hovudkortet og deretter 3 ark til å ha oppå det. Det var vanskeleg å finne ark som var rolege nok samen, men når eg fann arket eg brukte til det nederste arket vart valget mykje lettare. Då stemte liksom fargesamansettninga:)
Til slutt viste hjalp instruktøren dei som trengte å bli vist korleis ein laga og festa sløyfa.
Det skal visst vere scrappbookingkveld på torsdag, men då skal eg på Jentekveld på hotellet (gratis kveld med tapas og informasjon om økonomi i kvardagen for jenter). Det blir sikkert kjekt:)
1. januar, 2010
Velkomen til mi nye bloggadresse. Den gamle bloggadressa mi (eldre innlegg) finn du her
Bloggen kjem til å handle om det same so før
Eg har berre endra design og nettadressa.
Grunnen til eg endra blogg er for nettadressa passar litt bedre og eige domene gjer det lettare å gjere endringar:)
Legg gjerne igjen kommentarar i blogginnlegga:)
Akvariet, Bloggen min -08 og -09, Blomster, Dagens outfit, Dippeduttar, Film, Hobbydill, Holly, Hund, Husbygging, Interiør, Jula 2009, Kvardagen, Matlaging, Shopping, Tur, Ukategorisert, Ønskelista