10. april, 2010
I kveld inviterte eg Tom Andre på film og nachos hos meg.
Det var godt med nachos ja, eg har hatt lyst på det i eit par veke no:)

Foto: filmguiden.no
Filmen vi såg var Dragetreneren
Handlinga går føre seg blandt vikingane og dragar. Hiccup er ein tenåringsviking som ikkje heilt passar inn i stamma sin lange tradisjonen om å drepe dragar.
Hiccup møtar på ein drage og synet på drager blir dermed utfordra.
Filmen er basert på boken til Cressida Cowell.
21. mars, 2010
I kveld kosa eg og Vidar oss med lasagne og filmen Shutter Island. Vi åt opp heile lasagneforma, som regel brukar vi å ha igjen restar. Det var so godt og begge var veldig svolte. Filmen var passe bra, men vi forsto ikkje slutten.

Foto: filmguiden.no
Les om filmen her!
16. mars, 2010
Eg og Ragnhild var invitert på filmkveld hos Elisabet i kveld:) Vi møttast på Mix for å leie film og kjøpe snop. Eg for innom Coop Prix først for å handle Minigulrot og dipp:) På Mix fann eg ut at eg ville ha hamburgermeny. Det er so godt. Den vart omtrent lunka før eg fekk begynde å ete den, men godt var det:)

Foto: filmguiden.no
Filmen vi såg heitte Orphan. Det er ein drama/grøsser/thriller som handlar om eit ektepar som prøvar å få orden på livet etter at dei mista den eine av tre ungar. Dei blir fosterforeldre for ei foreldrelaus jentes som viser seg å ikkje vere heilt normal. Mora forstår at det er noko som ikkje stemmer, men faren meinar det er ho det er noko gale med.
Filmen var heilt grei. Det var først den siste halvtimen det skjedde noko, so litt langdryg var den. Det sto på filmcoveret at den hadde ein alternativ slutt, men kan vel ikkje akkurat kalle den det.
31. januar, 2010
Vi såg filmen 2012 i kveld:) Den var ganske bra.

Foto: filmweb.no
Handlinga startar i 2009 då ei gruppe vitenskapsmenn bekrefter til verdens ledarane at jorda ikkje kjem til å eksistere slik som dei kjennar den. Fram mot 2012 blir det utarbeida ein plan for å redde flest muleg mennesker.

I kveld skar eg opp litt gulrot og rabbe. Som dipp brukte eg kesam og vanleg dippkrydder. Dippen smakte omtrent som når ein brukar rømme. Kaloriane i kesamen innheld berre halvparten av rømma huskar eg rett, so det var kjekt sidan det går med ein del dipp:)
Vidar kosa seg med potetgull, so eg måtte smake litt på det også iløpet av kvelden:)
9. januar, 2010

Tacokos:) Ida, Ragnhild, Elisabet og Anna
I kveld kom Ida, Anna, Ragnhild og Elisabet på besøk:) Eg inviterte dei hit på middag og film.
Vi plana over facebook. Det fungerar so mykje bedre enn å sende sms fram og tilbake mellom oss.
Til middag laga vi taco. Den besto av tortillas, kjøttdeig m/tacokrydder, isbergsalat, kvitost, mais, annanas, party dressing eller rømme og tacosaus.
Vi såg filmen I Love You Man.

Foto: filmweb.no
Alle var veldig fornøyd med filmvalget. Det var ei god komedie
Filmen handlar om Peter Klaven (Paul Rudd) som er ein en vellykka ung eiendomsmeglar frå L.A.. Då han frir til kjæreste sin, Zooey Rice (Rashida Jones), innser han at han ikkje har nokon nære kompisar å dele den gode nyheita med, han har ingen mannlege vennar. Han begynner dermed å søke etter ein mannleg venn som kan vere forlovar i bryllupet hans.
8. januar, 2010
I dag laga eg heimelaga pizza. Foreldra mine kom på middagsbesøk kl.17
Det var far min som spurte om eg kunne tenke meg å laga pizza til middag.
Seinare på kvelden rundt kl.23 åt eg og Vidar brownies
Det er veldig godt, men dinne gongen vart den litt for lite steikt (for rennande sidan vi ikkje ville vente lengre) so dermed vart det litt vel kvalmandes.
Vi såg filmen Pans Labyrint.

Foto: filmweb.no
Filmen er ein eventyrthriller som handlar om 12 år gamle Ofelia som alltid har vore glad i eventyr. Plutselig lever hun midt inne i eit sjølv. Det foregår i Spania og fascistane er i ferd med å sette inn nådestøtet. Medan mora er syk i barsel og den nye stefaren er opptatt med å slakte lokalbefolkningen, finn Ofelia ut at ho er tronarving til eit paradisisk rike under jorda. Men det er ikke bare å kreve sin fødselsrett, ho må utføre tre oppgåver før fullmåne.
Eg syns den var bra. Vidar var for trøtt so han sovna ganske tidleg i filmen.
2. januar, 2010
I dag var eg på kafe at med Ida, Anna, Janita og Iselin.
Eg kjøpte mocca caffe og baguett:) Dei hadde desverre ikkje meir kylling, so det vart reker på baugetten istaden.
Seinare på kvelden for eg og Anna til Janita for å sjå film. Eg var svolten so eg kjøpte meg ein hamburgermeny då vi leigde film:) Det er so godt med hamburger og chips!
Vi såg komedie-filmen The Proposal og den likte vi alle:)

Foto: filmweb.no
Filmen handlar om den energiske forlagskonsulenten Margaret (Sandra Bullock) som risikerer å bli utvist til hjemlandet Canada og erklære snartenkte til sjefane at ho er eigentleg forlova med assistenten Andrew (Ryan Reynolds), som er uvitande om dette. Andrew går med på dette. Dei må so reise for å besøke familia….
1. januar, 2010
Velkomen til mi nye bloggadresse.
Legg gjerne igjen kommentarar til blogginnlegga:)
Dippeduttar, Film, Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Shopping/Mote, Tur, Ukategorisert, Ønskelista