Kategori: Film

Kafe på dagtid, middag hos svingers og besøk på kvelden

26. juli, 2010

I dag for eg og Vidar på kafè. Vidar kom å vekte meg kl. 12 og sa at vi kunne fare på kafè. Eg tenkte at det han ville det berre for at eg skulle stå opp, hehe. På kaffibaren traff vi på Tore og Stine, eit vennepar av oss. Tore er heime på ferie. Vi sat der ei god stund.

Middag åt vi hos foreldra hans Vidar. Holly hadde vore hos dei medan vi var på kafè. Mora hans laga pannekake:) Vi sat ute i fineveret, sola haldt til vi var ferdige å ete.

På kvelden kom Tore og Stine, Bernt og Sara på besøk:)  Vi kosa oss med filmen A-team og åt kjeks, ost og oppskåre frukt. Sara og Stine var ikkje heilt begeistra over filmen. For mykje som skjedde. Eg syns filmen var bra:) Vidar ga den ein 5-ar.

Grillling og film hos Sara og Bernt

24. juli, 2010

Vi grilla hos Sara og Bernt i kveld. Eg og Vidar kjøpte med oss pølse og brød, medan dei hadde kjøpt seg laks. Det tok ei stund å steike laksen, so når dei begynte å ete hadde eg og Vidar ete ferdig. Holly kosa seg med eit tyggebein. Etter grillinga vart det spelt Boccha. Eg sat berre å såg på og haldt Holly med selskap.

Knotten kom og det vart litt småkjølig so vi for inn og såg film. Eg huskar ikkje kva film vi såg, men det var ei rar komedie.

Filmkveld

11. juli, 2010

Dei tre siste kveldane har eg og Vidar sett på film. Første kvelden var det Boondock Saints 1 på tven, andre var Boondock Saints 2 og tredje var Det regner kjøttboller. Vi var fornøgd med alle tre filmane. Boondock Saints 1 har lenge våre ein av yndlingsfilmane til Vidar. Vi kosa oss med kake, kanelbollar, kaffe og lasagne.

Film

16. juni, 2010

I dag såg eg filmen Splice.

Den var ganske bra. Eg syns slutten var litt kjedeleg. Det burde kome en oppfølgjar:)

Film og heimelaga pizza

30. mai, 2010

I kveld fekk vi besøk av Sara og Bernt :)

Oppskrift på heimelaga pizza kjem etterkvart:) Det er oppskrifta til far min eg brukar. Den er veldig god!!:)

Menn som stirrer på geiter. Foto: filmweb.no

Menn som stirrer på geiter Foto: filmweb.no

Vi såg filmen Menn som stirrer på geiter. Den var ganske bra. Litt spesiell, hehe.

Den handlar om ein journalist som på nyheitsjakt snublar over eit militært eksperiment. Ei hemmeleg avdeling i det amerikanske forsvaret har funne på noko som skal fungere bedre enn å bruke vanlege våpen under krig, nemleg psykisk krigføring! Les meir om filmen på filmweb.no.

Film, jordbær og sprite:)

2. mai, 2010

I kveld kosa eg meg med film, jordbær og sprite:)

Det er faktisk veldig godt med sprite til jordbær.

Filmen eg såg heiter The Back Up Plan. Det er ei komedie som utforskar dating, kjærleik og familekonseptet i omvendt rekkefølje. Zoe (Jennifer Lopez) har fortsatt ikkje funne den rette og fast bestemt på å bli mor får ho time hos legen. Same dag møter ho Stan, ein mann med godt potensial!

Les meir om filmen her.

Sett Twilight New Moon:)

18. april, 2010

Då har eg endeleg sett Twilight New Moon! Hadde lyst å sjå den på kino, men fekk ikkje tid då den kom ut og etter det har eg ikkje hatt nokon å sett den saman med. I kveld satte eg meg ned med pcen og såg filmen medan eg kosa meg med ei cider og potetgull.

Twilight New Moon

Foto: filmguiden.no

Filmen var veldig bra syns eg:) Les om filmen på filmguiden.no.

Filmtitting

12. april, 2010

I går og i dag såg eg to filmar:) Eg syns overnaturlege/eventyrfilmar er kjekt å sjå på, so lenge det ikkje blir for monge med lik handlingar.

I går såg eg Pandorum. Etter å ha sett Pandorum var eg ute etter ein film med meir eventyrhistorie. Seinare på kvelden følte eg at eg kanskje hadde sett Pandorum før, men sidan den var frå 2009, trur eg ikkje det. Solveig ringte og tipsa meg om ei side der ein kan sjå filmar direkte og om filmen Justin Time. Kvaliteten var ikkje spesiell bra, men det gjekk heilt greit å sjå.

I dag såg eg Midtnight Cronicles og Legion. Filmane var heilt greie.

Film og nachos

10. april, 2010

I kveld inviterte eg Tom Andre på film og nachos hos meg.

Det var godt med nachos ja, eg har hatt lyst på det i eit par veke no:)

Foto: filmguiden.no

Foto: filmguiden.no

Filmen vi såg var Dragetreneren :)

Handlinga går føre seg blandt vikingane og dragar. Hiccup er ein tenåringsviking som ikkje heilt passar inn i stamma sin lange tradisjonen om å drepe dragar.

Hiccup møtar på ein drage og synet på drager blir dermed utfordra.

Filmen er basert på boken til Cressida Cowell.

Film og lasagne:)

21. mars, 2010

I kveld kosa eg og Vidar oss med lasagne og filmen Shutter Island. Vi åt opp heile lasagneforma, som regel brukar vi å ha igjen restar. Det var so godt og begge var veldig svolte. Filmen var passe bra, men vi forsto ikkje slutten.

Shutter Island

Foto: filmguiden.no

Les om filmen her!

RSS Entries RSS | Comments RSS

Design: Ellen`s vrimmel med utgangspunkt i Panorama Theme by Themocracy