20. januar, 2011
Eg var ein tur innom Traktøren og der var det monge kjekke kjøkkendippeduttar:) Dessverre fann eg ikkje noko av det vi eigentleg treng.
Det eg fann var altso ein porsjonsmålar for spagetti. Når eg skal måle opp kor mykje spagetti eg/vi treng har eg alltid syns det har vore litt innvikla. Nokre pakkar har hatt eit runding på pakningen slik ein kunne vete kor mykje ein porsjon var. So no har eg fått meg eit spagettimål med mål for 1-4 porsjonar:) Eg kjøpte den som var kvit og grønn.

Spagettimål. Foto: traktoren.no
-
Klikk.no har visst skrive ein artikkel med tips om spagettimål.
1. juni, 2010
Det har komt ei ny phishingmetode som brukar fanefunksjonen i nettlesarar til å prøve å lure nettbrukere. Les om den nye phisingmetoda på Hardware.no.
1. juni, 2010
På Din side har dei skrive ein artikkel om LastPass som er ein Passord manager som husker og kan lagre alle passorda dine på nett. Ein treng berre å huske eit passord for å få tilgang til alle passorda. I tillegg til at ein kan laste ned LastPass som plugin er den også tilgjenleg på Internett. Det kjekke med LastPass er det er gratis:)
3. februar, 2010

Foto: apple.com/no
Den var da litt praktisk og fin. Trekket kan vaskast og finst i fargane svart, kvitt, raud og sand.
Eg har eit brett frå Apple, men det er ganske so upraktisk sidan eg ikkje likte den runde dingsen som sørga for at pcen haldt seg på brettet når eg hadde det på fanget/magen. Kanskje det blir å invistere i puta over:)?
Om nokon vil kjøpe laptop brettet eg har frå før er det berre å gi lyd frå seg:) Brettet skal ha ergonomisk design og reduserar belastninga på nakke og skuldre. Her er link til informasjon om brettet eg har. Brettet er ikkje brukt spesielt mykje og er 1 1/2 år gamal. Brettet blir solgt med dissa runde putane på dersom eg finn dei igjen? Lurar på kor dei kan ligge??
24. januar, 2010
Har sett etter enkle digitale klokker og kom over disse:

Foto: Too late

Foto: Too late
Klokke frå Too late kan kjøpast her. Armbandet er av gummi og klokka er vanntett:)

Foto: todaygadgets.com
Breo Sport armbandklokke kan kjøpast her. Armbandet er av gummi og klokka er vanntett:) Dei har den på ein butikk her i området, men var utsolgt for svart.
Foto: dalsgren.blogg.no/shop
Itemklokke er meir ei vanleg klokke, men den er stilig og litt annleis den også. Den kan kjøpast her. Klokka har i tillegg lys, stoppeklokke, alarm:)
Eg trur eg går for den første. Kva for ein av disse ville du ha valgt? Har du ei armbandklokke?
1. januar, 2010
Velkomen til mi nye bloggadresse.
Legg gjerne igjen kommentarar til blogginnlegga:)
Dippeduttar, Film, Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Shopping/Mote, Tur, Ukategorisert, Ønskelista