Kategori: Bryllaup

I bryllaup

19. april, 2011

Sarah og Bernt gifta seg på laurdag. Det var eit veldig fint bryllaup. Maten var veldig god. Vidar var ikkje akkurat fan av torsk i suppe, hehe, men det var nok av mat.  Fine songar, talar og kjekk dans.

Vi fekk litt inspirasjon til vårt bryllaup sidan vi har planar om å ha det på same hotell.

Bryllaupsmesse

24. januar, 2011

I går var eg og Vidar på bryllaupsmesse i Ålesund:)

BrudemesseBrudemesse

Bilde henta frå smp.no (Foto: Marius Beck Dale)

Her er bildeserien som er lagt ut på smp.no.

Det var ikkje lett å få bra bilder med kompaktkameraet retta mot dei skarpe lyskastarane, so eg får låne dette bildet. Eg likte veldig godt antrekket og blomsterbuketten på dette bildet. Eg trur nok det blir svart dress på Vidar, men det var da fint med grått!

Der var ein god del inspirasjon å hente, men eg har igrunnen tankane klare for korleis eg vil ha det i bryllaupet. Det som må gjerast er å finne leverandørane og prisane for å bestemme akkurat kva vi skal ha og kven som skal levere kva, hehe. Vidar syns det er ein god del som skal planlegging, men eg sei at eg veit korleis eg vil ha det. Då kan han kome med meiningane om det eg vil ha og so kan vi gå vidare saman derfrå. Det er ganske greit sidan eg er meir ein planleggingperson og meir kresen enn han. Vi har uansett eit ganske likt syn på korleis vi vil ha det, so det går sikkert supert:)

Her er då litt inspirasjonsbilder vi tok på messa:

Bordpynt

Serviett

Bordpynt

Bordpynt

Dinne likte eg veldig godt!

Bordpynt

Bordpynt

Vi skal ikkje ha raudt i bryllaupet, men var kjekt å sjå eit bord med pynt.

Brudekjole

Brudekjole

Eg likte godt den i midten. Enkel og fin.

Med stroppar eller utan stroppar er spørsmålet. Trur eg må prøve ein på først for å finne svaret. Halterneck har også vorte litt populært no, so det er eit godt alternativ.

Brudekjole

Brudekjole

Den med halterneck var veldig fin. Dei andre var også fine, men passar ikkje til meg i forhold til stil og fasong.

Bryllaupsreise – planlegging

23. mai, 2010

Eg såg på Ungkaren her ein dag og då la eg merke til kor fin og romantisk øya dei var på er. Namnet på den var St Lucia. Eg sjekka opp kva prisen er for å reise dit og det varierte visst ein del. Det billigaste er kanskje akkurat slik at det kan gå :) Eg har tenkt at kanskje det beste hadde vore å berre ta ei rimeleg bryllaupsreise, til Island eller noko sånt, slik vi kunne bruke pengane til hus og heim, men det hadde vore kjekt å ha reist på ein tur til varmare strøk :) Sand og fin tropisk natur…

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy