4. september, 2011
Her er då nokre av lampane eg ser for meg i nyehuset. Nokre er sikkert for dyre og nokre vil samboaren min sei blankt nei til, men det er lov å drømme
Muleg nokre av lampane er ute av produksjon før vi skal starte innkjøpet av interiør til huset, men det er greit å begynne å planlegge litt på førehand….
Det er litt vanskeleg å sjå for seg om det vil passe best med svart eller kvit lampe.
Eg likte godt denne lampen frå Ikea, den likna litt på ein lampe frå Louis Poulsen. Den passar fint i ein lesekrok.

Lampe. Foto henta frå ikea.no
Elles likar eg godt denne lampa som også er frå Ikea:

Lampe. Foto henta frå ikea.no
Denne lampen frå Bolia kan eg godt tenke meg ved sidan av sofaen på stova:

Lampe. Foto henta frå bolia.com
Denne lampen frå Bolia hadde vore fin å ha på loftstova, i enden av sofaen eller i eit hjørne for å skape litt stemning.

Lampe. Foto henta frå bolia.com
Lampe over spisebordet:
Louis Poulsen PH 4 / 3 Pendel (litt dyr kanskje).

Foto: frå lyseideer.no
Stilig nattbordlampe, men litt for dyr med tanke på at vi ikkje vil bruke dei så ofte:

Lampe. Foto henta frå bolia.com
29. januar, 2011

Foto: Photowall.no - Verdenskartet som tapet

Foto: photowall.no
Hos photowall.no var der mykje stilig. Litt for dyrt for meg akkurat no, men når vi får kjøpt oss hus vil eg nok invistere i ein eller to:)
Eg kan godt tenke meg eit grafisk bilde og eit bilde eller tapet med verdenskartet på:)
19. juni, 2010

Foto: piaulin.com
Denne teksta kan eg godt tenke meg å ha over sofaen eller på ein vegg på stova. Foto er tatt av Pia Ulin.
3. februar, 2010

Foto: apple.com/no
Den var da litt praktisk og fin. Trekket kan vaskast og finst i fargane svart, kvitt, raud og sand.
Eg har eit brett frå Apple, men det er ganske so upraktisk sidan eg ikkje likte den runde dingsen som sørga for at pcen haldt seg på brettet når eg hadde det på fanget/magen. Kanskje det blir å invistere i puta over:)?
Om nokon vil kjøpe laptop brettet eg har frå før er det berre å gi lyd frå seg:) Brettet skal ha ergonomisk design og reduserar belastninga på nakke og skuldre. Her er link til informasjon om brettet eg har. Brettet er ikkje brukt spesielt mykje og er 1 1/2 år gamal. Brettet blir solgt med dissa runde putane på dersom eg finn dei igjen? Lurar på kor dei kan ligge??
3. februar, 2010

Foto: toispann.no
Dette hadde kanskje vore kjekt å hatt i dusjen?Den kan kjøpast her
Shampooholdaren vår med sugekoppar på held seg dessverre ikkje på veggen, den berre dett ned på gulvet.
28. januar, 2010

Foto: glasoginterior.com
Retro brødboks frå So:easy. Fåast også i svart og kan kjøpast her.

Foto: glassoginterior.no
Herstal brødboks. Kan kjøpast her.
For tida oppbevare eg brød i skapet, men kanskje eg skulle hatt det i ei brødboks istaden? Har ikkje nok benkplass til at den skal stå framme, men brød held seg vel bedre i ei brødboks?…
Oppbevarar du brødet i brødboks?
27. januar, 2010

Foto: coulsonmacleod.com
Lerretbildet over kan kjøpast her.
Eg visste samboaren min bildet over og spurte kva han syns om dinne typen bilder. Han syns det var stygt, hehe. Han har ikkje moderne sans i det heile og meinar det som er in no er ut i morga. Kompisen hans som var på besøk syns derimot bildet var litt kult han da:) hehe.

Bildet over fann eg på bloggen proforma.blogg.se, som skriv at det er frå boconsept.se. Fann dessverre ikkje lerretbildet på boconsept.no:/ Håper å finne det sidan eg kan godt tenke meg å kjøpe det
(om ikkje prisen er for høg).
Eg er på leit etter bilder eg kan ha på veggen på stova eller soverommet. Det skal vere moderne og enkelt. Fargane kan vere svart, kvitt, grått, blått, men også andre fargar er ok so lenge bildet er enkelt. Størrelsen på bildet er ikkje so viktig. Makspris er 1500 kr.
Kom gjerne med forslag til moderne og enkle lerretbilder
Du har kanskje eit stilig lerretbilde på veggen din?
24. januar, 2010
Har sett etter enkle digitale klokker og kom over disse:

Foto: Too late

Foto: Too late
Klokke frå Too late kan kjøpast her. Armbandet er av gummi og klokka er vanntett:)

Foto: todaygadgets.com
Breo Sport armbandklokke kan kjøpast her. Armbandet er av gummi og klokka er vanntett:) Dei har den på ein butikk her i området, men var utsolgt for svart.
Foto: dalsgren.blogg.no/shop
Itemklokke er meir ei vanleg klokke, men den er stilig og litt annleis den også. Den kan kjøpast her. Klokka har i tillegg lys, stoppeklokke, alarm:)
Eg trur eg går for den første. Kva for ein av disse ville du ha valgt? Har du ei armbandklokke?
21. januar, 2010
Var inn på nelly.com for å sjå siste nytt. Foto under er henta frå nelly.com.
Mine favorittar (trykk på bildet for å kome til produktet):





Rart at det meste er svarte antrekk, men disse var for det meste berre i svart eller ein farge eg ikkje passar med.
20. januar, 2010
Eg har smått begynt å tenke på kva service vi skal begynde å samle på. Det er kanskje best å vente til vi har flytta inn i eige hus (slepp å flytte på det), men sidan vi ikkje veit når det kjem til å skje og eg syns det hadde vore kjekt å begynne på samlinga snart har eg leitt litt på Internett etter service eg syns er fine:
Wedgwood Jasper Conran
Wedgwood Platinium
Rosendahl Grand Cru
Thomas Loft Hvit
Rosenthal Tac 02 C-01
Oppdatering januar 2011:
Vi har sett på serviset Porsgrunn Nathalie og syns det er ganske fint. Muleg vi går for det.
Bestikk:
Når det gjeld bestikk har vi allereie begynt å samle på Hardanger Ramona-serien sidan eg fekk eit “24-deler sett” i gåve for lenge sida. So no har vi to 24-deler sett og mykje av det andre også. Det vi manglar er vel nokre dessertskjeier, vi har sånne teskjeier.
Skulle eg ha valt ein bestikk-serie å samle på no trur eg at eg hadde valt Georg Jensen New York