Alle innlegg av Ellen`s vrimmel

Yoga

I dag meldte eg meg inn på treningssenter! Det er på tide å få trent kroppen og no har eg igrunnen ein ekstra grunn for at eg «må» trene.

Eg prøvde ut Yoga-timen. Den var ganske avslappande og eg fekk strekt kroppen godt. Lyset var dempa og musikken roleg. Det er ikkje plass til monge i rommet, så alle fekk god veiledning av instruktøren.

Bestilt oss ny bil!

Då har vi endeleg bestilt ny bil. Det var eit vanskeleg valg sidan bilen kosta så pass mykje, men skal vi ha ein god og praktisk bil med mykje tekniske dippeduttar, så blir prisen deretter.

Vi valgte å kjøpe SUV sidan vi då sit litt høgre opp enn i ein vanleg bil og for å ha fordelen 4-hjulstrekk gir ved eit evt. behov for det. Då måtte vi også ha disel. Så klart ville vi også ha skinnseter sidan det er mykje reinare med tanke på barn og hund. Automatgir valgte vi fordi det er enklare og dermed litt «sikrare» å køyre bil med det.

Uteområde – gjerde, terrasse og plen del2

Helga og mandag gjekk med til drenering, planering og såing av plen. I tillegg rakk vi å beise terrassa over carporten og plante ein syrin og plommetre.

Eg følte ikkje for å jobbe så hard og tok det ganske med ro, men Vidar fekk veldig god hjelp av foreldra og brødrene Terje og Martin. Så vi rakk faktisk å bli ferdige med plenen!:)

Terrassa og plenen på baksida av huset
Vidar og faren lånte seg ei minigravemaskin for å lage til drenering
Vidar sår plen
Foreldra til Vidar hjalp til heile mandag kveld slik vi klarte å så plenen

 

Uteområde – gjerde, terrasse og plen

Det tar mykje tid å lage til uteområdet vårt.Vidar står på å maler fjølande som skal bli gjerde. Terrassa er omtrent ferdig. Det som gjenstår er å legge sand og ein «hellekant» ved sidan av terrassa bak huset og legge endehellane på forsida sidan 30×30-hellane ikkje gjekk heilt inntil asfalten. Vi rakk heldigvis å planere og så plenen på framsida av huset den veka det var finever.

Før-bilde der sanden er klargjort for hellelegging
Før-bilde av plenen der det er lagt pukkstein for bedre drenering

 

 

Ønskeliste til huset

Eit blogginnlegg om kva eg kan tenke meg i huset:

Kurv for ting eg ikkje veit kor eg skal legge
http://bolina.no/house-doctor-oppbevaringskurv-stuff-i-don-t-know-where-to-put.html

Foto: bolina.no

Krok på gangen
Den turkise eller kvite likte eg godt, om dei er praktisk kan dette vere eit muleg kjøp:)
http://www.designtorget.se/designtorget/se/webbshop/Hall__Forvaring.Krok_Bill.dcp

Foto: designtorget.se


Oppbevaringpose ved senga

http://www.designtorget.se/designtorget/se/webbshop/Hall__Forvaring.Sangpase_BedBag.dcp

Foto: designtorget.se

Skohorn
Skohorn som kan hengast på veggen er vel praktiskt
http://www.designtorget.se/designtorget/se/webbshop/Hall__Forvaring.Skohorn.dcp

Foto: designtorget.se