Spennande tid framover!

Ny jobb i vente. Eg har sagt opp jobben min som Ad Operations Manager i Sunnmørsposten og skal starte interiørbutikken Rom for stil på Hareid!

Dette er spennande, mykje arbeid og val å ta framover – men det er også veldig gøy 🙂 Sjølvsagt skal Rom for stil ha nettbutikk, så det er berre å huske å besøke romforstil.no for inspirasjon og kjøp av det flottaste interiør når nettbutikken er oppe og går i løpet av juli 🙂

Interiørbutikken skal ha fokus på den moderne og enkle nordisk stilen. Stikkord for denne stilen er: Lyst og luftig, personlegheit. Lag på lag. Det stramme brytast med det tradisjonelle. Materialer som marmor, lyst treverk, lin, lær og ull.

Vi kjem blant anna til å ha spennande interiør og ting frå merkevarer som House Doctor, Nicolas Vahé, Bloomingville, HKliving og OYOY. Det kjem fleire kjente og leiande merkevarer etterkvart, vi er på utkikk etter merker med god kvalitet og design.

Bloomingville

Har blant anna kule plakater, kurver, vaser, lamper og mykje meir!

House Doctor

Har mykje spennande interiør!

Oppbevaringsbokser i mange flotte fargar! Supre til å legge smykker eller papirsaker i.

Foto: House Doctor

Stilig sengeteppe og oppbevaring på veggen.

Foto: House Doctor

Lekre tallerkener og tilbehør.

Foto: House Doctor

Nicolas Vahé

Mange spennande produkt! Gleder meg til å få disse i nettbutikken www.romforstil.no 🙂

Nicolasvahe_AW14_6_B

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *