30 år

Då har eg og tvillingsysta mi fyllt 30 år (den 24.april). Vi er ikkje lengre i 20-åra no.
Det blir spennande å sjå kva 30-åra bringe.

30-års feiringa vart saman med familia. Først var det biffmiddag at med foreldra mine fredagen, make your own pizza på laurdagen at med broren til Vidar og dama, og kaffeselskap på søndag. Kjekt var det.

Eg fekk mykje flott til bursdagen min 🙂 Vidar kjøpte rosebukett, eg fekk utekrukke m/plante av foreldra mine, roser av besta og fin blomsterbukett (og klokke) av kollegane mine. Elles fekk eg Kahler-lyshus og ArchitectMade-fuglar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *