Bestilt barnevogn og seng:)

Vi får hente vogna og senga innen slutten av månaden.

Vogn

Vognmodellen vi skal ha er ny, så vi har venta ei stund på at den skulle kome i butikken slik vi fekk prøvd den. Men vi har no fått prøvd ut same type understell som er på vogna vi tenkte oss og då klarte vi å bestemme oss.

Planen var å kjøpe vogn med grått stoff, men det gråe trekket eg likte kom med kun stålfarga understell. Så vi gjekk for eit svart stoff med litt grafittmønster.

Senga vi har kjøpt er ganske dyr, så har brukt ein del tid på å bestemme oss. Sidan den kan brukast ei god stund falt valget på den. Eg var også ganske sliten så eg gadd ikkje å motsei ønsket mitt når vi var i butikken, hehe.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *