Vegg og tak

Vegg
(Oppdatert i juli)

Vegg på baderomet
Vi valgte då kvite våtromsplatane i 60×15 cm sidan dei passa til høgda på badet i hovudetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Disse i 60×20 cm valgte vi på badet i loftsetasja.

Foto: Frå Fibo Trespo katalogen

Vegg i resten av huset
Ein ting eg har vore heilt sikker på når eg skulle bygge hus var å ha slette veggar av gips eller sponplater. Vi har valgt å ha gipsplater sidan dei tåler bedre vatn enn sponplater. Kunne kanskje valgt å ha sponplater utanom på kjøkkenet, men det var ikkje slik.

Eg har funne ut at det vil koste ein god del meir med gipsplater sidan det tar mykje tid å sparkle og male. Vi tenkte å sette bort alt arbeidet med sparkling og maling, men når vi fekk tilbudet for det arbeidet ombestemte vi oss og ville gjere det sjølve, hehe. Vi fekk hjelp til å sparkle og male, og det gjekk veldig greit, berre litt som må farast over igjen.

Fargar på veggane:
Veggane vart i fargen Chi i nesten heile husete. Det vart ein fondvegg på hovudsoveromet og på spisestova. Planen var å ha ein fondvegg på tv-stova oppe og eit av dei mindre soverommene også, men vi syns det var greit å berre å det heilt kvitt og tilføye med interiør i andre fargar.

I inngangen inngangen tenkte eg å ha tapet på eine veggen eller male den lysgrå, men det vart ikkje slik (alt vart kvitt).

Badet i hovudetasja ville eg ha mørkt og avslappande (veggar i mellom/mørkgrått), men det var visst ikkje nokon våtromsplater som var høge nok i mørk farge, kun kvitt i flismøster.

Tak
Sidan det kostar mykje med gipsplater (tid og pengar), vil ikkje Vidar at vi skal ha gipsplater i taket. Dermed blir det Tak-ess (takplater). Dette var igrunnen veldig greit, sidan det vart fint med Tak-ess også.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *