Fliser på gang og bad

20. februar, 2012

Kva fliser skal vi velge? Vi vil ha nokre som er mørke, grå/svarte.

Vi har vore å sett på fliser og fann nokre 30×30 cm til  kr. 399,- pr. kvm. Prisen for flisane er er litt høgre enn kva som er inkludert i det nøkkelferdige huset vi har kjøpt. Gangen er 9,1 kvm, badet nede er 7 kvm og badet oppe er 6,8 kvm. Så tilsammen blir det rundt 6000 kr ekstra. Vi har planar om ha innebygt badekar, med flis 30×30 mosaikkstørrelse (5×5 cm). Disse kostar kr. 1299,- pr. kvm. Dermed blir det vel 2000 kr ekstra der også.

Sofa

8. februar, 2012

Medan vi venter på at huset skal bli ferdig ser eg etter ein sofa til stova. Favoritten er mellomgrå eller kvit sofa, med stålbein. Sidan vi har ein  hund som tilbringe halve døgnet i sofaen har vi tenkt at det er praktisk med ein litt mørk skinnsofa, men eg har mest lyst på stoffsofa. Prisen for ein god skinnsofa er også mykje høgare enn ein i stoff.

Sofaen under er vel nesten drømmesofaen! (ventar spent på å prøvesitte den), også med hodestøtte på bak alle sitteplassane + puff til å ha forann sitteplassen som ikkje har hvilemodul :) Ulempa er at dette kjem på 25 000 kr, uten hodestøtte kostar dette 23 000 kr. Om eg syns ein sofa og puff er verdt dette er eg usikker på…

Foto: Henta frå boconsept.no

 

Eg fann nokre fine sofaer på nettsida til Bolia, Det var kun ein av dei som var djupe nok, men den hadde ikkje stålbein.

Sofa frå Bolia:

Foto: Henta frå bolia.no

Hadde eg hatt plass, ville eg fått for ein hjørnesofa med hvilemodul.

Modern Living, stor hjørnesofa frå Living:

Foto: frå living.no

 

Sofa frå Bohus:

Foto: frå bohus.no

 

Vekeplanleggar

1. februar, 2012

Eg tenke det hadde passa seg fint med ein vekeplanleggar på veggen ved trappa om der er plass:)

 

Denne var da ganske grei? Den er i blank akryl og hengast på veggen. 1990 kr er ikkje så galen pris, men det finst sikkert billigare alternativ:)

Eg har sett på denne wallsticker-planleggaren frå Ferm Living tidlegare, men kunne tenkt meg ein som ikkje vart klistra på veggen.

Foto: Hentet frå http://frufly.blogspot.com

 

Ringeklokke

1. februar, 2012

Har sett litt på ringeklokker. Og kom over disse som hadde eit fint design:

 

Dørskilt BFD 2010 Trådløs
Trådløs dørklokke med sender og mottaker. 32 ulike lydsignaler.Mål sender 43 x 88 x 27 mm. Mottaker 53 x 101 x 69 mm.

Foto: bokstavbutikken.no

RSS Innlegg RSS | Kommentar RSS

Design: Laga av Ellen Hareide med utgangspunkt i Panorama Theme av Themocracy